Logo
indregard.no
Mine minne

Virek

Det eldste kjente biletet av Virek, frå 1901.
Det eldste kjente biletet av Virek, frå 1901.

Virek, du grend med di eldgamle soge,
vent atmed fjorden du vidar di strand.
Sommar med nattsol i lysande loge
leikande lint om det lokkande land.
Blømande blomar og lauvtunge tre
lyser i sola som aldri går ned.

Hardt når med vinter du herjast av havet,
støyper seg båra mot strendene inn.
Knakande kuling, med snødriv og kave
syng han om Virek, den susande vind.
Tungt læt ho ut, lik ein salme for troll,
– Eol si harpe, i dur og i moll.

Grunnen er gamal der gardane standa,
sjøen sto over i aldrar av år.
Skjeler og sjøstjernedyr ifrå stranda
ter neri tuften’ der stuene står.
Slekter på slekter som kom og som svann,
runer i sanden frå tider som rann.

Ovafor duvande høgder og hompar
løfter og lettar seg under det blå.
Lendet ligg skore i stykke og stumpar,
snautt er ei ubroten line å sjå.
Dalar og delder som gøymer seg av,
bakkar som bøljer frå hei og til hav.

Finaste fjellband i syn attmed fjorden,
Niingen kvassast mot kvelven i nord.
Tindar som taggar, frå istider skorn',
ruvar i rekkje lik risar som ror.
Keipen står steingrå og stupbratt som før,
botna og breibygd på grunnfjell i sør.

Lite er leivd oss om folket sin lagnad,
dei som her først hadde heimar og hus.
Soga ho teier, som sjølve dei tagna,
gløymdest og gøymdest i aure og grus.
Stundom her fanst vel eit verkty av stein
– aldri av mannen ein mole, – eit bein.

Utsyn over Virekbygda tidleg på 60-tallet.
Utsyn over Virekbygda tidleg på 60-tallet.

Endå så åtte dei aldrar til ende
attom den tid som soga er klår.
Tallause ættled med alt det som hende
kvar i sitt liv under skiftande kår.
Vandra dei vegane her liksom vi,
– tenkte og trudde i pakt med si tid.

Fenes, – eit ve etter federne seder,
ligg her som før under lauvgrøne tre.
Faste i trua har her våre feder
vigd sine vener i gravene ned.
Sian har runne frå vår og til vår
tida på Virek i tusunde år.

Visst sat her hovding i vikingetider,
– den gong han Lodve ved Svolder var med.
Sterk mellom stormenn på Ormen han strider,
djervt frami saksen til drotten går ned.
Soga ho seier at sume kom heim.
Kanskje var Lodve av Saltvik med deim.

Farty og fembøringsbåtane førde
seinare folket på fiske og ferd.
Motige sjømenn, som slett ikkje vørde
stormande hav imot strendene her.
Trauste med volen når segel dei vatt.
Takksam for lukka når vel dei kom att.

Borte er bryggja og storbåt ved Skjeret,
– aldri ein siglar i fjorden du finn.
Få berre, aktar om flo eller fjære,
løye for lending og ståande vind.
Flytande no nett som elva i flaum,
ferdsla går landleies fram i ein straum.

Blinka no fjorden framom her og blåna,
brusande kvit kringom steinvor og stø.
Dagar som lida med lys og med gråna,
glitrande sol eller fykande snø.
Virek, du utgamle fjordgrenda vår,
gjev at ei framtid med fagnad du får.

Forrige kapittelHaustnatt
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelHelligdagsvatn