Logo
indregard.no
Mine minne

Haustnatt

Bleike lider, brune vollar,
folna lauv og falne strå.
Snøen kvit på høge kollar
skin i natta bleik og blå.

Månelys innover heiar,
glim av is oppunder flåg.
Trollsleg skugge stilt seg breider
løyndomsfullt om hump og håg.

Livleg nordlysflammen logar,
leikar lett i klare natt;
blakrar fram i breide bogar,
kverv, men kveikjest stendigt att.

Gamle landet ligg og drøymer,
søv innunder stjerneyr.
Nattevinden stryk og strøymer,
– alt er berre eventyr – .

Tromsø, 15.oktober 1932.

Forrige kapittelLukkestriden
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelVirek