indregard.no
Mine minne

Helligdagsvatn

Høgt over høgdene ligg der ein sjø,
Helligdagsvatn dei kallar.
Vinteren søv han der gøymd under snø,
stilt under Hamarens hallar.
Leikar seg somaren auren den rø',
skvett og skvalar.

Sant er å seia at sjøen den blå
mystisk og merkleg seg kringar.
Aldri kan auga det heile få sjå,
slik som dei strendene svingar.
Oddar skyt uti, og attafor så
bukt seg ringar.

Berga fell undan, og botnen er bratt,
snøgt imot djupet det bera.
Sume dei seia at botnlaust ratt
Helligdagsvatn mun' vera.
Finna til sanning om kor det er fatt,
kvar lyt gjera.

Segn går frå gamalt om ovstore troll,
gøymer seg der nedi djupa.
Hel-svart er hovudet, skapt som ein joll,
skræmsleg så mannen kan stupa.
Djupt nedi dulda i aure og mold
kring det krjupa.

Helligdagsvatn ligg stavande stilt,
speglar seg himmel og skyer.
Gjetaren veit ikkje av noko ilt,
der attmed vatnet han dryer.
Buskapen roar seg nedafor snilt,
bjølla lyder.

Brått gjeng den blenkjande spegel i knas,
vatnet det bårar og skumar.
Trollet kjem opp der i brot og i bras,
frøsen om gap og om gomar.
Blæs i sin nase ein burande bas
så det ljomar.

Trollet sin nase ein fembøringsstamn
liknar i røynda med rette.
Usæl den arming som falla i famn
på dette vådlege vette.
Visst vert han sjølv då med bøling i hamn
trollamette.

Ilt er med trolla i berget å bu,
slik det for sume seg laga.
Verre endå dersom vasstrollet, du,
ned under botnen deg draga.
Då lyt du gå der i gremjing og gru
alle daga'.

Fæla dei alle som vasstrollet såg
fram over vatnet seg spenna,
ottast kanhenda at landleies òg
rekstret var god for å renna.
Gissar eg på dei i fykande flog
la mot grenda.

(1948)

Forrige kapittelVirek
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelFjellvegen