indregard.no
Mine minne

Våronn, slåttonn og haustonn heime

Martin dreiv med utmarksslått både i Erikvika og på Virekøyane. Her har Torleif (ståande), Olga (i atterskotten) og Asbjørn Gimse (olga sin mann, fremst) ein god farm med høy med seg heim frå Øyane i treroringen
Martin dreiv med utmarksslått både i Erikvika og på Virekøyane. Her har Torleif (ståande), Olga (i atterskotten) og Asbjørn Gimse (olga sin mann, fremst) ein god farm med høy med seg heim frå Øyane i treroringen

Hos oss tar i grunnen våronna til med møkker-køyringa på ettervinteren. Vi må ha gjødsla køyrd utover på yttermarka før den eigentlege våronna tar til. Då må dungane liggje der, ferdige til å spreiast på åkeren.

Før i tida hadde vi til vanleg fire opne åkrar der ute. Det var: Gardsåkeren, Seljevikåkeren, Vinterbekkåkeren og Rompa. Til saman om lag 6 mål. Vi skifte alltid med korn og potet, – korn i dei to åkrane, potet i dei hine. Til desse fire åkrane gjekk det gjerne omkring 50 lass møkker, og det er ikkje så snargjort å kjøre så mange lass så pass lang veg. Eit anna, som ein òg laut rekne med, var den dårlege vegen. På våren blei han jamt blaut og sølut. Då kunne ein ikkje ta så store lass på vogna. På sledeføret om vinteren er det betre. Vi pla borde på vognkassen, og fekk då med mykje meir i lasset.


Eg var visst ikkje så stor karen då eg først blei sett til å køyre møkker. Far var i Lofoten, og han hadde tala om denne køyringa før han for. Kan hende han skreiv om det òg. Eg hadde ikkje noko imot å få prøve meg. Tvert imot. Det var moro. Vognkassen blei bunden på sleden; men eg minnest at eg hadde kluss med det. Eit lass gjødsel er tungt, og kassen ville gjerne gli litt til side på sleden, – han var ikkje lett å få hardt nok surra. Men det gjekk no bra likevel. Eg køyrde ikkje så ratt få lass, trur det var over 30. Og det blei visst skrive om dette til far. Eg venta ros når far kom heim, og det fekk eg visst òg. Torleif var også med, men med det eg var eldst, hadde eg meste ansvaret for arbeidet, totte eg.

No laut ein lære seg å pløye. Men det tykte eg såg verre ut – og det gjekk ikkje så snart. Far hadde nemleg då ein gamal plog han brukte. Det var eit langstrakt apparat, utan hjul og med lange trearmar. Den karen var ikkje lett å styre. Han skar seg hit og dit i marka, og for den som ikkje var øvd med plog, var det reint uråd å halde han på rett kurs. Eg minnest godt at eg skulle prøve – fleire gonger. Men det gjekk slik at plogen straks skar seg ut or forra og la seg på si. Far måtte overta att. Eg totte det var ei skam at eg ikkje skulle kunne lære å pløye. Kva slag kar skulle det bli av meg som ikkje greidde å styre plogen. Det var til å bli heilt motlaus av! Men far sa visst ikkje større på dette. Eg trur han la skulda på plogen.

Så kjøpte far nyplog. Det var ein sjeldan lett og god nitoms plog med hjul og stålås og stålarmar. Det var andre greier enn den gamle vrangpeisen. Plogen styrde seg nesten sjølv. Det var reine spelverket å pløye, og eg kunne styre plogen med ein gong. No var det berre moro det eg før hadde gruva for og sett svart på. Denne plogen var sers god. Han velta godt, var lett for hesten, lett å styre og lett å handsame. Han var laga av Ballangrud maskinforretning, visstnok i Trondheim. Minnest er rett, var det morbror Nils på Grov som sette far på å kjøpe den plogen. Vi har endå denne plogen heime. Skjæret blei etter kvart mykje slite. For nokre år sidan fekk eg ein smed i Ballangen til å leggje på skjæret. Men han gjorde det ikkje rett, og plogen blei ikkje det han var før. Det var leitt det. Dei nye plogane er nok like gode, men ingen nitoms plog i dag er så lett som den gamle Ballangruden. Dette var just plogen for ein smågut og nybørjar. Sidan var det fleire på Virek som skaffa seg same slag plog. Arnt fekk ein og Oluf ein. Den Arnt kjøpte, er visst endå i bra stand. Vår gjekk etter måten snart åt, for vi brukte han mykje til nybrot nede i Myra, d.v.s. frå gamle-vegen og nedover mot naustet, og likeins oppe på Moen. Der var jorda pakka med stein så det sleit fælt på.

Med det same eg skriv om denne plogen, vil eg nemne at far fekk kluss med fabrikken om betalinga. Far hadde sendt oppgjerd for plogen og fått kvittering for pengane. Ei god tid etter fekk han krav på nytt. Det svara ikkje far noko på. Men om ei stund kom eit par kravbrev til. No var det siste varsel, heitte det. Dersom ikkje pengane blei send straks, ville det bli rettsleg inndriving. Då skreiv far og sa frå at pengane var send og at fabrikken hadde gjeve kvittering for pengane. Straks kom svaret: Dei megav å ha tatt imot pengane og bad svært om orsaking for mistaket.


Far ville helst vere tidleg ute med våronna. Han såg monn i det. «Ein dag om våren er jamgodt med ti om hausten.» – det ordtaket hadde han, og det trudde han visst på. Eg tør òg seie at han oftast var av dei første som sette plog i jorda om våren, og mest støtt den første til å kome i gang med potetsetjinga. Endå tykkjer eg mest eg ser han i våronna: den lange, hengslute karen, sterk og seig og ivrig. Han gjekk opp i arbeidet med mot og makt. Ingen ting måtte stoppe han eller hefte i arbeidet. Frå tidleg morgon til seine kvelden låg han i, – ofte berr-haua og i raudstriput eller grå ullover­skjorte som mor hadde veve og sydd. Ein festleg type, eit eldjarn, som eg no berre må undre meg over. I 1914 skulle det vere jubileumsutstelling i Kristiania. Det var billett-moderasjon for dei som ville fare, 50% visstnok. Far hadde hug til å reise, men såg seg ikkje råd med det for arbeidet. Potethagane laut passast. Far var svært nøgje med å halde dei i stand. Ugraset måtte ikkje få breie seg. Då kom hjelpa: Gudleik Skjerven. Han var skolemeister på Virek då. Gudleik hadde gått jordbruksskulen, og var ein sers gild og gjæv kar. No kom han og baud seg til å passe åkrane dersom far ville fare. Då visste far at han kunne vere trygg. Og så slo han fylgje med nokre andre som òg skulle til utstillinga. Det var berre han og morbror Johan frå Virek som var i veg. Frå Skjomen var Statius Mosling, Johan Dalseng, Jakob Nergaard og Enevold Kongsbakk. Ingvard Enevoldsen var nok også i veg. Men elles var det nok svært få som reiste til utstillinga. Ei ferd til hovudstaden var den tida ikkje av det vanlege. Det var svært få som kom så langt. Dei fleste heldt nok ei slik ferd som denne for det reine storkarspåfunn, og skyna ikkje verdet i å kome seg ut og sjå den store utstillinga i Kristiania. Eg trur difor at vi må sjå på dei som drog i veg med stor vørdnand. Dei hadde eit vidare syn enn folk flest den tida. Dei hadde oppdrift, og hug til å lære landet og folket å kjenne. Det kosta ikkje så lite, og både far og mange av dei andre hadde ikkje meire pengar å rutte med enn dei sårt trong. Men dei tok i veg. For far var sikkert denne turen ei stor oppleving, – ei av dei største i livet hans. Han fortalde jamt frå denne ferda, og angra nok aldri på dei pengane han brukte.

Men han iddest heim att til arbeidet. Somme av dei andre la heimvegen over Bergen. Det tykte ikkje far han hadde tid til. Han tok beinvegen over Dovre nordover. «Eg tenkte på potethagane,» sa han. «Men det var det ingen grunn for. Då eg kom heim, hadde han Gudleik Skjerven køyrd hesthakka over åkrane, så dei sto hyppa og reine for ugras. Han Gudleik, det var ein støvar!» Slik pla han fortelje det. Og sant var det, Gudleik var ein gild ungdom, av dei sjeldne. Han budde på skolen, men kom jamt til oss på ettermiddagen og prata med far. Han var svært interessert i jordbruket, og fann vel hugnad i å prate med far om desse ting. Og merke og frukt blei det etter han. Gudleik gjorde far interessert i kunstgjødsel. Det var nytt den gongen. Ingen hadde brukt det før. Dei aller fleste meinte det berre var noko tøv. Og mange argumenterte mot kunstgjødsel. Dei sa han øydela jorda. Poteten blei stygg av han, meinte dei. Det var mykje hard konservatisme å vinne over. Men Gudleik fekk straks far med på å prøve den nye «medisinen»: norgessalpeter, superfosfat og kali. Det var nok dei som hån-flirde. Og det blei berre far som starta med kunstgjødsel på Virek. Gudleik lærde han den rette samansetjinga. Og resultatet synte seg snart. Det var sers godt.

Og poteten blei slett ikkje kleinare av den nye «strø-gjødsla». Far forsto straks at her var noko som lønte seg å bruke, og sidan brukte han kunstgjødsel kvart einaste år. Kritikken gav seg, og dei andre tok etter etter kvart. Men endå varde det mange år før storparten av folket vann over med gamal fordom. Heilt til etter eg blei vaksen var det dei som ikkje våga seg til å bruke kunstgjødsel på poteten. Endå den dag i dag er det vel mange som meiner at berre møkker er i stand til å gje potet av beste kvalitet. Det er då hugsamt å vite at far alt for 25-30 år sidan avla den aller beste potet på berre kunstgjødsel. «Eg brukte rikelig med superfosfat,» sa han. «Då blir poteten like traust og god som elles.» Han hadde god greie på det. Det var Gudleik som hadde lærd han dette, og far sette Gudleik så høgt som nokon. Samleis var det med mor. Då Gudleik ikkje lenge etter fekk tæring og døde, sørgde dei mykje over han. Dei fekk biletet av han forstørra, og det heng endå på veggen heime.


Jau, far i våronna, det var nok eit triveleg syn. Og han tok oss tidleg til hjelp. Eg fekk snart køyre fjærharva og tinnharva. Dei trong ikkje styring, dei kunne eg bruka før eg vann med å styre den gamle plogen. Og potetsetjinga var far som sagt tidleg ute med. Så snart det blei ein dag med varm luft eller solskinn, bar det til. Far i veiting og møkkerspreiing, og vi ungar som nissar etter randa med bøtta og «plukka han ned.» Det gjekk med liv og lyst. Far meinte på at det ikkje var så farleg om det kom kaldver etterpå, når berre jorda var varm den dagen ein sette. Dette har eg sidan røynt er rett.

Eg trur det var han Gudleik som fekk far til å kjøpe hesthakke. Det måtte vere i åra 1912-14. I mange år etterpå var vi dei einaste som hadde ein slik reidskap. Men far såg straks monn i dette. Han pla jamt snakke om kor gild reidskap hesthakka var. No kunne han for alvor få bukt med ugrast som han elles heldt for ein pest. Kunstgjødsla og hesthakka sette ny kveik på potetdyrkinga, og det er visst at far straks skyna føremunen som her var. Vi fekk alltid mest potet i den tida. Det skulle vere eit stort uår med veret, om det ikkje var bra med potet i åkrane hos oss. Og då var det likt til at far lika seg. Han likte jo alltid å kappast med andre. Her òg fekk han vere den fremste.

Så nøgje var far med potetåkrane at vi ofte måtte luke dei. Men det var i grunnen ikkje stort ugras att når far hadde gått over hagane med hesthakka. I årevis sto storparten av dei andre og hakka og hyppa hagane med grevet medan far stelte sine med hestereidskapen. Eg kan nok tenkje meg han smilte i skjegget når han såg kor mykje betre det gjekk for han slik.

I potetsetjinga fekk eg snart ein jobb som eg tykte var grum. Det var å strø kunstgjødsla i rennene føre setjarane. Det galdt å strø høveleg mykje i og jamt over heile åkeren. Far kontrolerte meg til å børje med. Men eg kan aldri minnest at eg fekk serleg kritikk for arbeidet. Vi grov over med riva. Far ville ikkje ha store hågar over senga. Hagen skulle vere mest slett når han var ferdig. Det var nok det rette slik. For vi hadde ikkje ugrasharv endå, og då var det betre å kome ugraset til livs med hesthakka når hagen var slett. Dertil kom poteten tidlegare opp når lite mold låg over. Og det var ein sers viktig ting at poteten kom snart opp. Straks poteten synte rendene, køyrde far hesthakka, og sidan trong ein ikkje gruve for ugraset.

Det var ein annan ting far dreiv mykje med i desse åra. Han køyrde opp ei mengd tang or fjæra og la i dungar utover åkrane. Helst skulle det vere rott-tang. Men var det for lite av det, nytta han også ferskt tang, som ein laut skjære eller røsse i fjæra. Det var ei heil onn dette. Tanget måtte vere oppe før våronna tok til. Når så far gjekk i gang med plogen, var det vår sak å spreide tanget i plogfora etter han, slik at det etter kvart blei pløgd ned. Det var nok på hundrevis av lass med tang som slik blei pløgd ned i åkrane. Tanget rotna og ga næring og ny jord.

Kjellaren heime var ikkje frostfri, og far pla difor køyre opp mykje tang og fylle i nedgangen og opp mot muren rundt om stua. Dette tanget pløgde vi så ned i åkrane om våren.

Den første tida eg minnest pla far og dei andre på Virek slå husdyrgjødsla oppå settepoteten i randa. Til dette bruket hadde dei serskilde trau med eit hol på kvar ende til å bære trauet etter. Trauet var halvrundt. Det var høveleg for ein mann å bære. Gjødsla måtte då helst vere turr og lett. Heste- og sauegjødsel høvde best. Når poteten var lagt ned i veita, gjekk ein mann sidelengs etter randa og vippa gjødsel or trauet og ned på poteten. Dei heldt det for beste gjødslingsmåten. Men dette arbeidet var sjølvsagt seint, og far slutta snart med det. Etter at far tok til med kunstgjødsel, brukte vi aldri slike trau. Andre heldt på med det til lenge etter at eg var vaksen. Når det skulle gå retteleg snøgt med setjinga, pla far gjødsle potethagen på førehand. Han spreidde gjødsla på ploglandet og pløgde møkra ned. Så var det berre å strø kunstgjødsla i rendene med det same vi sette.

Det var vanleg i denne tida å ha sedpoteten på loftet – til groing. Det hadde vi òg. Der låg han i ei tunn flo over heile stuloftgolvet mest, – med feldar og teppen over. Under setjinga laut ein så trakke og bære ned alt ihop. Og etterpå såg det sjølvsagt fælt ut. Sand og skitt over alt, frå loftet til ytste utgangsdøra. Men så kom den skikken å ha potetene i kassar i fjøset. Far tok straks til med det, og vi blei kvitt all skitten inne. Fjøs-groren blei sterkare enn loft-groren, og det var ein stor føremonn, serleg for oss som måtte køyre det meste av sedpoteten den lange, steinute vegen til yttermarka. Groren hadde så lett for å dette av den tida vi hadde han på loftet. Og dertil kom at det var så mykje snarare å ta heile kassane og bere på vogna. Den ting vog nok mykje for far.


Under første heimskrigen var det også tvangsdyrking av potet og korn. Eg minnest den tida bra godt, – utbrotet òg, i 1914. Far var borte, kvar helst minnest eg ikkje. Mor seier han var på sildfjord, og det er kanskje rett. Grannane la i veg til Råna og andre stader etter mjøl. For folk kom i panikk og ville kjøpe opp. Prisane sprang i veret med ein gong, frå 15-16 kr. sekken til 40 kr. Slikt var uhøyrd og skræmeleg. Eg trur mor sende bod med dei som for – etter ein sekk mjøl. Og eg trur Kristian Hansen sende ein sekk. Men det var ikkje dette eg skulle skrive om no.

Eg kan hugse kallane snakka mykje om denne tvangsdyrkinga dei fekk. Far sto visstnok for oppmålinga på Virek. Han var med i næringsnemda, som det heitte då. Eg trur folk gjekk inn for mataukinga den gongen med både godvilje og kraft. Vi var jo ikkje med i krigen, og det galdt berre å kunne avle nok mat.

I 1916 var det hardt. Våren var sein, og det såg smått ut med jordvegen. Det blei lenge før poteten kunne kome i jorda. Og hos oss var vi vanhjelpne. Vi gjekk på skolen alle fire borna. Andreas Eida, frå Hordaland, var lærar hos oss då. Det var ein gild kar på mange vis. Vi likte oss på skolen, og far ville slett ikkje at vi skulle skofte nokon dag. Men då no våren blei så sein, var det endå meire om å gjere å få poteten snøgt i jorda så snart veret laga seg. Far snakka då til Eide og spurde om han ville gje oss fri når det skulle bere til med poteten. Eide lovde det. Og best som vi satt på skolen ein dag, sa Eide at no måtte vi skunde oss heim med sakene og renne utover på marka. Far var køyrd med potetlasset for ei stund sidan, sa han. Og vi la i veg alle saman.

Denne læraren var òg interessert i jordbruket. Han var kløkt over kor godt folk her dreiv. At far hadde hesthakke tykte han var reint storveges. Slike reidskaper hadde dei ikkje endå nede i Sognebygda – der han eigentleg var og kom frå. Nei, sa han, – der driv dei på gamaldags måte. Dei har ein staur som dei stikk hol i åkeren med, og så slepp dei ein potet i kvart hol. Det tykte vi høyrdet mest utruleg ut, men det var nok sant. Vi voks nok i eigen vørdnad når vi høyrde slikt.


Som eg før har sagt, dreiv far skifte-bruk. Det eine året potet i åkeren, det neste korn. Det var rasjonell utnytting av jorda. Vi hadde på det viset like stor vidde med korn og potet frå år til anna. Men eg tør nok seie at kornet ikkje var så årvisst som poteten. Mange ting spela inn for vokster og mogning av korn. Det er mest turre sandåkrar på Virek, og lang turk før Olsok gjorde det ofte av med åker som emna bra. Det var skikken å så tidleg. Men eg trur likevel at vi oftast sette potet før far sådde. Det var nok det rette òg. For ofte hende det at ein kaldversbolk gjorde skade på åker som nyst var oppkomen. Poteten tar ikkje så snart skade om veret blir kaldt. Men teikna veret godt til, venta ikkje far med å få kornet i jorda. Han var god til å så, – snart gjekk det, og åkeren kom jamt opp alltid. Sjølv tykkjer eg såinga er eit heller vanskeleg arbeid. Far pla dra den eine foten etter molda når han gjekk attende og børja på ny remse. På den måten merkte han av kor langt det var sådd. Eg tykkjer endå eg ser han på åkeren, med bøtta og foten lett slepande etter molda. Eg pla køyre kornharva når far sådde, men helst gjekk det slik at far blei mykje snarare ferdig.

Far sådde ikkje tjukt, og åkeren heldt seg difor oftast ståande og blei mogen. Arnt sådde altid tjukt. Når så åkeren i regnsomrar la seg ned, gjekk Arnt og klådde seg i skallen og bar seg. Dersom far sa at det kanskje ville gå bra og at det då kom til å bli mykje korn av åkeren hans, svara han jamt: «Nei, det blir ingen ting! Han Gammel-Johannes sa alltid at av ein ståande åker blir det noget, men av ein liggande blir det intet.» Arnt meinte der inga von var. Men når våren kom, sådde han atter like tjukt.

Måsen og gåsa var ei plage, serleg måsen då. I kaldver kom han gjerne i store flokkar og åt av det spirande kornet. Og helst var han ute på tjuvstigen om natta. Vi måtte mest alltid setje opp skremsel. Om det var stor hjelp i det, skal eg ikkje ha sagt noko om. Betre var det nok å skyte nokre måsar og hengje opp. Det hadde god verknad.

Men ein gong hadde eg glede av måsen. Det var i potetsetjinga eit år. Eg var nok ikkje meir enn 6-7 år gamal. Vi heldt til på Rompa. Då fann eg to måsegg i nerkanten av Skoghågen. Det var første utfuglegga eg fann, og eg totte det var eit storhende. Det var elles vanleg at vi i våronna sprang utpå Inner-Klubben og leita etter tjeld-egg medan vi var ungar. Det var morosamt å finne egg.

Eit år kan eg minnest at far laut harve opp åkeren og så på nytt att utpå sommaren. Det var visst turken som øydela første seden. Eit av dei åra Gudleik var på Virek, fekk han far til å så turnips i heile åkeren under fjøset og stua. Men det mislukkast. Straks turnipsen tok til å vekse, kom det makk på han og åt han opp. Til slutt måtte far setje harva på, og så sådde han grønfor, så det kunne bli noko på landet. Vi prøvde også seinare med turnips, men makken åt han alltid opp. I sanden der heime er det visst mykje vanskeleg med slik vokster.

I mine gutedagar kan eg minnest at vi fleire år sette poteten 16. og 17. mai. Kornet blei vel sådd i same tida. Far fortalde at det tidligaste han hadde høyrd det var sådd på Virek, var ein gong i 90-åra. Då sådde morfar Lundnesåkeren den 4.mai. Det var elles ein namkunnig tidleg vår. Og det blei eit kronår.

«Fager er lia!» sa Gunnar på Lidarende då han på sjøvegen såg seg attende mot garden som låg der «med slegni tun.»

Hesjer på Virek
Hesjer på Virek

Den dagen far tok fram ljåane var ein merkeleg dag. Vi born tykte det var både morosamt og merkeleg at graset blei slått ned. Medan graset endå sto urørd og voks, blei vi nok ofte tilsnakka fordi vi trakka i graset. Far var nøgje på dette. Graset måtte få stå i ro, jamvel det som voks tett inntil husa. Men vi gløymde ofte dette, slik som born pla gjere. Vi både trakka og rulla oss i graset når det høvde så, og då var det ikkje til å unngå at vi fekk skjenn. Det var kanskje noko dette som gjorde at vi tykte det var gildt når far børja slå unna husa. No trong ein ikkje lenger gå og hugse på at ein skulle akte graset. Men det var meire òg: Dei fine blomstrane som ein ikkje hadde nått til før, som sto der og lyste med lokkande fargar rundt ikring garden, no kunne vi plukke og samle så mange vi ville. Prestekrage, soløya og løvetanna var vel dei gildaste. Vi samla store, svære buntar og bukettar. Og så snart første høylasset var tippa ned i djupstålet, var hoppinga i gong. Det var ingen stad så morosamt som på laden i dei dagane. Djupstålet var svært lite den gongen, så det blei snart fullt. Men då kleiv vi opp på bindingsstokk­ane og hoppa derifrå. Det var like gildt. Det var ikkje berre å hoppe beint ned. Nei, vi dreiv akrobatiske øvingar. Gjorde rundkast i lufta, og kom ned på rygg eller heilt ståande. Stundom gjekk det gale òg. Ein gong minnest eg at eg slo meg så pusten sto still. Det var på ytterstålet. Eg skulle hoppe frå bindingsverket og gjere rundkast. Det var lite høy i stålet – serleg fremst. Eg dumpa ned på nakken og blei retteleg stuka ihop mot det harde underlaget. Sidan tok eg meg visst meir i vare for slike kast.

Det nyslegne tunet hadde ein serskilt sjarme, og også vi born tykte det var vent å sjå mot garden då – slik som Gunnar gjorde. Angen av nyslege høy verka òg sterkt. Det la seg som ein ny og uvanleg atmosfære over garden straks slåtten var i gang. Og der far for fram med ljåen gjekk det snøgt undan. Utan å skryte vil eg påstå at han var ein meister til å slå. Han var reint utruleg snar, og slo dertil så velt at det ikkje fanst dotten att der han hadde gått over. Det er eg viss om, at det fanst ingen andre i heimegrenda som på nokon måte kunne måle seg med han på dette omkvervet. Sume grannar slo alltid svært uvelt, og far såg seg reint forbalt når han gjekk framom der. «Det er liksom hesten har gådd med stokkjen,» sa han. Det måtte vel vere på Frostisen, hos han Mens, far hadde lært seg å slå så godt. I sine unge dagar var han fleire somrar og slo hos lærar Øyen på Vollen ved Liland. Far fortalde at han fekk større dagløn enn dei andre slåttekarane der. Øyen såg nok at han gjorde rett for det. Eg trur det var 1,20 han fekk om dagen der. Den vanlege betalinga var 1 kr.

Kvart år når eg skal børje slåtten, må eg tenkje på og ynskje eg kunne slå som far. Men det nyttar nok ikkje det, nei. Dei lange armane hans gjorde kanskje sitt. Når han svinga ut, tok han halvanna vanleg skor-breidd, og det gjekk ikkje seinare fram for det. Han feia snart av ei eng. Og der det var uslett, kunne han retteleg syne sin dugleik. Det gjekk mest like snøgt, og alltid var det like velgjort. Han hadde eit serskilt lag med brynet òg. Slo til så det ga retteleg god smell. Han brynte heile ljå-egga i eitt utan å skifte tak med venstre handa. Det har eg aldri fått til, – eg har sakte prøvd på, men det nyttar ikkje. Han børja bryninga inne ved ljåhuken, og flytta venstre handa for kvart slag til dess han var framme ved odden. Etter tre-fire slike overfaringar var ljåen ferdig, – og det tok ikkje lang tid. Eit år var tante Anna og hjalp far i slåtten. Mor hadde visst lite-barn, eller venta det, så ho kunne ikkje vere med. Far fortalde at han og Anna slo av på nett ei veke på yttermarka. «Eg slo og sette opp hesjar, og Anna hesja,» sa far. Då må dei ha arbeidd godt, for den tida var ikkje engene så slette som no. Det var tuver over alt. Eg går òg ut frå at far var til Narvik med mjølka to dagar den veka, og hefta då to halve dagar minst. Eg kan nok tenkje meg at han hadde brukt ljåen godt den tida. Han sa sjølv at det var det snaraste han hadde slege nokon gong. Heime var det sers vanskeleg å slå då. Der var tuver og krakkslåtta frå øvst til nedst. Men far feia snart av heile dalen ned igjennom.


Far hadde mange ljå-orve. Men det han mest brukte, var eit tjukt, sterkt hæl-orve, som han hadde laga sjølv. Handtaket på hælen var utskoren så det høvde til handa. Elles brukte han også orve med to krokar til handtak. Til ljåfeste brukte han helst skinn-reim med kile. Nye ljåar pla han bøye, så ikkje egga blei liggjande så mykje nedåt. På den måten kunne han halde ljåen lenger kvass. Og det er nettopp det viktigaste for slåttekaren. Når han hadde festa den nye ljåen på orvet, sette han ljåen fast under ei nov og bøygde han til. Ein ljå som ein bøygjer på denne måten, vil helst bli noko «retten,» d.v.s. han blir liggjande meire fram i graset med odden. Men far var ikkje så heilt nøgje med det om ljåen låg litt fram med odden. Far hadde dessutan eit serskilt legg på ljåen i høve til orvet. Ljåen låg i nær på rett vinkel med hælen. Det er elles vanleg at vinkelen er spiss. Men far tykte at øvste enden av orvet då ville gnage mot over-armen, og det likte han ikkje. Andre tykte nok at far sitt orve ikkje var høveleg, men slik ville han ha det, og han gjorde veg i vellinga når det bar til.

Det var firkvart og fireogeinhalv-kvart ljåar far bruka. Lenger ljåar høvde ikkje på den uslette marka. Den første ljåen eg fekk, hugsar eg godt. Han var trekvart lang. Far laga krokorve til, og med denne karen gjorde både eg og Torleif vår første «entré» i slåtten heime. Det gjekk nok ikkje rart til å børje med. Der det var slett, kunne det endå gå an, men helst var det jo tuver og holer, og då var det verre. Ljåen rende seg fast, blei ukvass straks, og så blei det uvelt slått. Det var ikkje greitt.

Stor hjelp var det nok ikkje i oss til å børje med. Eg minnest første gongen vi slo noko vidde som var reknande. Det var ein laurdag. Far var reist til byen med mjølka. Vi skulle ta til å slå i Seljevika. Og den føremiddagen fekk vi det til å bite bra. Der var mykje tuver, så ein kunne ikkje gå skor-gang, men tuvene var etter måten store, – vide, og då er det ikkje så vanskeleg. Vi slo oss nedover i ein runding, og då far kom heim, tykte han vi hadde gjort det bra. «Dokker har jo slie halve Seljevikja,» sa han, «og bra slien æ dæ òg, ser æg.» Vi var ikkje lite krye då. Heilt velt var det nok ikkje etter slik far pla slå.


Det var gildt å få sitje på høylasset då ein var liten. Men det var lite høve til det. Vi hadde ikkje høygrinder på vogna den tida, og det var difor vanskeleg å kunne halde seg fast. Ein gong datt eg av lasset. Eg var nok ikkje meir enn to eller tre år. Far skulle køyre heim eit lass høy frå yttermarka og løfta meg opp. Så gjekk alt godt innetter gammelvegen til vi kom til ei bru utafor han Eliseus. Der hompa vogna, og eg fauk av. Det bar beint i grøfta på nersida, så fallet var nokså høgt. Men eg slo meg nesten ingen ting. Far tykte visst han hadde vore uforsiktig då.

Det var sers morosamt med slåtten «dar-ut». Der hadde ein større utsyn, såg alt grannefolket i arbeid, kvar på si mark. Og så var det så gildt med matstellet. Frukosten og nonen blei boren utover, og så satt vi ute på marka og åt. Når veret var godt og varmt, var det eit gildt friluftsliv som vi borna tykte godt om. Jamt var vi svoltne, så vi gjekk og venta og tykte det varde lenge før sendinga kom. Men så var det så mykje gildare når bæraren kom til syne oppe ved Gardsåkeren, med matkorga i eine handa og kjelen i den andre. Kjelen var ombotten med eit sekkehandkle, og der var sett papirtropp i tuten. Då var vi ikkje tunge å få til «bords». Jamt hadde vi bygg-kaka den tida. Og var det så kvit geitost inni, ja, då smakte det herleg.

Var det vind og regn eller kaldver, var det ofte hustrig å sitje ute og ete. Men då pla vi søkje livd attom ei hes. Far snakka jamt om at vi skulle hatt ei lita stue der ute, men det blei no ikkje noko av det. Praten gjekk alltid livleg når vi satt og fekk oss mat slik. Det var helst om arbeidet, kor langt vi var komne, kor mykje som var att og kva tid vi kunne bli ferdige. Ved øverenden av Skoghågen sto ei vidgreint selje. Ho var god livd i vestaver, og under den buska åt vi mangt eit måltid.


På Bakkan dreiv han Hans Amundsa med si slåtta. Og det var noko å sjå på! Han hadde ein eigen skikk: slo berre med stuttorve. Ljåen var ikkje lenger enn ein stor sigd, og skaftet på lag tre kvart meter langt. Det var visstnok ein skikk han hadde førd med seg frå Hardanger, – han var derifrå. Det gjekk ikkje fort med slik ein reidskap, men Hans var så idig at han fekk slegen ferdig i lag med dei andre. Eg veit ikkje om det hadde seg slik at han ikkje kunne slå med vanleg ljå og orve, eller det var det at han ikkje ville gå frå den gamle måten. Det var berre han som brukte slike småljåar.

Midt i myra vår var det eit stykke som var så oppfyllt av tuver at det reint var utruleg. Igeltuvene hadde vakse seg knehøge, med tilsvarande djupe holer og klufter imellom. Dette stykket slo far åleine. Ofte braut han ein ljå der, det var ikkje til å unngå. Heile myra hadde før vore på same viset. Dei gamle ville ha marka slik. Dei meinte det vaks meir gras då, med di overflata var så mykje større der det var tuver. Det var no deira syn på ei rasjonell utnytjing av jorda. Far hogg etter kvart bort alle desse tuvene, grøfta ut myra og snudde om.

Denne tida sto der fire trehesjar «dar-ut», – tre frå Gardsåkeren og nedover, og ei i Seljevika. Dei sto året rundt. Stengene var bundne til pålane med vidjer. Men desse vidjene gjekk snart sund, og far laut setje dei i stand og vøle på dei kvar sommar. Sidan fekk vi etter kvart meir og meir hesjestreng, og til slutt var det ikkje meir att av trehesjane. Far ville ha desse hesjane ståande i det lengste. Det var alltid trehesjane vi turka kornet i. Dei gamle meinte ein måtte ha trehesjar til det bruket.


Slåttenbørja dei ikkje så tidleg som no. I vanlege år var det nok ingen som tok til før ei vekes tid før olsok. Men somme år bar det til noko før. Det var når turken sette inn. Det blei snart for turt på Virek, så sandlendt som der er. Serleg hågane og Skrapane toler lite solskin. «No bren‘ dæ a’», sa dei. Og så var det å gå laus på hardingen. Eg minnest slike år medan eg var liten. Far slo på spreng for å berge det som sto og ville sviast av. Etter at eg var vaksen, trur eg ikkje det har vore slike turrår. Dei turkeperiod­ane som har vore, har helst kome seinare, i august – etter at slåtten var børja.

Høybergings var mange gonger vanskeleg for oss som hadde så lang ein veg å køyre. Når mykje høy var turt «dar-ut» – og regnet sto og trua, laut det drivast på spreng. Med høylasset kunne ein ikkje renne, men utover att laut hesten liggje i sprang. Då skramla det godt i vogna over den uslette vegen, og det var ikkje serleg godt å sitje på. I slike høve var det god hjelp dersom ein kunne få tak i ein hest til. Ja, berre ei vogn til gjorde god monn. Med to vogner slapp køyraren hefte seg med lessinga. Dei som var på marka hadde lasset ferdig, så far berre skifta vogn og sette av garde att med lasset. Slik gjorde vi det rett ofte.

Eliseus Olsen var ein god granne. Her saman med Johanne m.fl. framfor huset sitt, rundt 1899-1900
Eliseus Olsen var ein god granne. Her saman med Johanne m.fl. framfor huset sitt, rundt 1899-1900

I 1914 kjøpte far slåmaskin. Det var første slåmaskinen i grenda, og det gjekk mange-mange år før neste kom. Det var den Viking-maskinen eg endå har. Men jorda var den tida lite skikka for slåmaskindrift, der var så uslett. Det var difor lite far fekk slå med maskinen. Dei andre som hadde slettare mark, lånte ofte denne maskinen, mellom dei Oluf Olsen og Johan Eidissen. Men dei var mykje plaga med maskinen. Fekk han ikkje til å gjere skikkeleg arbeid. Nokre år sto visst maskinen unytta. Då eg blei så stor at eg skyna meg litt på dette, tykte eg sjølvsagt det var morosamt å få bruke slåmaskinen. Eg fann då ut at maskinen hadde vore vanstelt. Griparane på eine hjulet var ute av funksjon, slik at berre ein hjulet dreiv knivane. Gamal smurning var storkna og heile maskinen så fastbeka og tung at hesten hadde fullt lass i berre å dra maskinen tom. Knivstonga og heile skjæreapparatet hadde ei heilt gal stilling, så det var ikkje til å undrast på dei hadde vore plaga. Eg veit ikkje kven det kunne vere som hadde stelt maskinen slik. Då eg hadde retta på det som var mest gale, verka maskinen bra, og sidan brukte eg han kvart år der det var råd. Eg trur det må ha vore ein god maskin då han var ny og i orden, for han gjer endå så godt arbeid som nokon ny maskin.

Far skyna seg ikkje serleg på verkemåten av maskiner. Difor blei det ikkje større av slåmaskinbruken hans. Han var i så måte av den gamle årgangen, som helst fekk det til med ljåen. Då vi sidan fekk motorbåt, synte det same seg. Motoren forsto han seg så å seie ingen ting på. Brydde seg aldri med å lære noko heller. Det var ikkje hans sak.

Ja, slåtten heime gjekk som oftast med liv og lyst. I dei fleste høve var vi ferdige heime på fjorten dagar. Men så var det utslåttene. Det var Erikvika og Øyane. Der måtte det òg slåast. Før den tida eg minnest, slo far fleire inne i Beisfjordlandet. Det fortalde han ofte om. Der var gras i mengd. Far brukte fembøring eller åttring til føringsbåt der ifrå. Og det sto stridt å laste båten. Dei slo høgt oppe i liane og sloga graset ned. Der var svært bratt, så ein kunne leggje digre sloger. Men vegen var lang dit, og det var nok eit svært slit med å få heim ein fembøringsfarm frå Beisfjordlandet. Råka ein motvind eller stilla, tok det hardt på å nå heim. Men dette var som sagt før mine dagar, så eg veit ikkje stort å fortelje om dette. Johan Eidissen, onkel Johan og tante Anna var med på dette i lag med far.

Far hadde godt mot på denne «landslåtta.» Det satt vel i han frå den tida han var på Frostisen. Før slåtten heime tok til, pla vi gjerne fare ein tur til Erikvika og sjå om der var gras. Og det skulle ikkje vere så mykje før far tykte vi måtte i veg og ta graset. Somme år var vi gjerne og slo noko i Erikvika før vi børja heime. Men jamnast var vi då i veg ein tur etterpå at vi var ferdige heime. Det var slitsomt med denne slåtten med landet, men vi totte det var moro likevel, før vi blei heilt vaksne. Det var jo ei utferd. Og utrustinga måtte vere etter det; kaffikjel, nistebomma, mjølkespann, og stundom hadde vi potet og fisk eller sild med, så vi kunne få koke skikkeleg middag.

Somme gonger rodde vi berre på småbåten. Då måtte ein sidan i veg og hente høyet. Men oftast drog vi i veg med firroringen og tok graset med oss heim om kvelden. Det var nok den måten vi tykte best om. På vegen brukte vi gjerne dorga, og stundom drog vi koking medan vi rodde, – det var moro.

Når vi kom inn til Erikvika, heldt vi måltid først. Der er ein stor, flat stein, som vi alltid nytta til matbord. Men lenge kunne ein ikkje hefte. Ein måtte kome seg i gang skulle det bli noko i båten til kvelden. Vi gjekk eit stykke opp i slåttelandet og tok til å slå oss nedover. Helst børja vi oppe ved Trongen vi kalla. Det er ein stad der nokre store urdar ligg og stengjer. Vi slo, og gjentene raka saman i muar. Det galdt å få så store muar som råd. Før i tida var det alltid godt med gras i Erikvika. Men etter kvart tok samane i Smalnesbukta til å beite med krøtera sine i slåttelandet, og då blei det ikkje så mykje å finne. Det var det store spørsmålet når vi for til landet: om kyrne hans Knut hadde vore der før. Og oftast gjekk ein ikkje langt før ein råka på kuskit og såg at graset var avbite. Då likte ikkje far seg, og ofte skrata han opp samane for dette. Dei lovde som regel bot og betring, men heldt ikkje lovnaden sin.

Når det lei mot middag sa far: «No trur eg eg går ned og set på kjelen.» Og det hadde vi alt venta på lenge. Snart såg vi røyk nede med fjæra, og så soga far til middag. Det var ei herleg stund når vi satt der kringom steinen og fekk oss mat. Bålet brann endå mellom steinane, og Kaffilars sto svart og god og putra attmed. Far fortalde om gamle dagar og om kven som åtte i den og den vika på hi sida av fjorden. Etter at Torleif og eg lærde å symje, tok vi oss gjerne eit bad frå berget i middags-stunda når veret var godt. Far «halla» seg litt, med trøya under hovudet, men var snart oppe og «på han» att. I middagsstunda kleiv vi opp i urdane og leita etter vinbær. Der er litt villrips i Erikvika.

Graset sloga vi ned. Det gjekk bra, men det var nokså tungt, serleg når vi var langt oppe, – heilt oppå Slettbakken. Det var far som laga slogene. Han hogg to høveleg store greiner og la dei ved sida av kvarandre. I frammerenden av greina – slogbuska – skulle det helst vere ein høveleg tjukk kvist som vende innover til å dra etter. Slogbuskene la ein med kvistane oppå einannan så dei heldt saman når graset kom på. Dei måtte liggje såpass frå kvarandre at ein hadde godt rom mellom frammerendane til å dra. Når sloga var lest, var det å kjenne på ho – om ho var høveleg tung. Var ho for lett, la ein meir gras på. Hadde ein så slogene ferdige, ga ein seg i veg, – far drog føre som oftast. Det gjekk tolleg lett der det halla godt. Men oppe i Erikvika er fleire små mottar, og der leita det på. Jamt laut ein hjelpast åt for å kome over, og ein var glad når sloga til slutt låg på berget nede med sjøen. Men så var det opp etter fleire. Det skulle mange sloger til å laste firroringen.

I nontida bar det heimover att, anten lausreipa eller med høyfarm. Sto då vinden ut Skjomen, var alt vel og bra. Då sette vi opp ei lauvbuska i frammerskotten, og så fila det lystig utetter fjorden. I stilla og motvind laut ein «ta han på åran», og det var ikkje lett. Dersom vi hadde begge båtane, rodde far på høybåten, og vi gutane båtsrodde med småbåten. Båtsro er det same som å slepe – buksere. Gjentene hadde det som oftast gildast på turen, for dei fekk helst sitje på høyfarmen og ha det godt. Heimfartida retta seg i nokon monn etter sjøen. Ein måtte kome heim på «fallan sjø». Så skora ein høybåten fram og let han falle turr. Då var det å gå laus og køyre opp høyet.

Det var meire med desse turane til landet. Når vi for til Erikvika, pla vi mest alltid ha bærkoppar med oss. Så gjekk eit par av oss opp på bærmyrane og såg etter moltebær. Det var morosamt. Ofte fann vi koppane fulle og endå meir. Ein tok opp etter Ramnflåget. Der er det bærmyrar og moltebærstrok heile vegen oppover. Til slutt nådde ein så den vide, lange Stormyra. Og endå ovafor der er det mykje småmyrar der molta veks. Det skulle vere mykje avsnøydd om ein ikkje fann ein god slump bær på denne store vidda.

Gardsåkeren ligg mellom Kongsbakkhusa og Bakkan, i forgrunnen her.
Gardsåkeren ligg mellom Kongsbakkhusa og Bakkan, i forgrunnen her.

Det var vanleg at ein slo på Øyane før i tida. Øyane har alltid vore hophave, og etter det måtte ein rette seg når ein skulle slå der. Kvar av dei tre vågene på Virek slo ei øy. På borterøya – Klubben vi kalla – er kleinaste slåttelandet, og difor skulle vågene bytte øy kvart år. Stort sett heldt ein seg til dette, men det hende nok òg at dei som først for, slo den øya som var likast. Vi høyrer til nervågen, og skulle då slå i lag med onkel Johan, Bakkakarane og Hågingane. Då eg var heilt liten, hugsar eg at onkel Johan og far var og slo der ute i lag. Dei bytte då graset etter at dei hadde ført det heim. Det gjekk føre seg på den måten at dei nytta ei høyvogn til vekt. Dei la gras atte på vogna til dess ho bikka opp med skjekene. Dei var oppfinnsame, dei gamle. Kanskje dette med våg – grunnar seg på nettopp slik – eller liknande måte å vege avling på. Men det er vel helst betaling av skuld og skatt dette ordet går attende til, – at dei vog sylvet – eller verdimålaren. Eg skal prøve å få greie på dette ein gong. I alle høve må ein seie det er pussig at dei nettopp i dette høvet, der graset skulle delast etter skyldmark, nytta denne vege-måten.

Sidan slo vi kvar for oss. Var ein den første av våga som var i veg, måtte ein slå berre så mykje av øya som svara til vågparten ein åtte. Det var på lag tredjeparten som fall på oss. Men her blei det no gjerne slik, at den som sist kom, fekk minste tredjepar­ten. Og han fann seg helst i det, utan vidare bråk. Det var jo ikkje så mykje gras det galdt. Vi tok alltid høyet med oss heim med det same. Det var ikkje noko å hefte meir enn ein dag på. Men i gode år veit eg vi kunne få firroringen bortimot lasta på Øyane. Det var forresten svært tungt gras der.

Slåtten på Øyane var morosam. Ein for jo helst på ein godversdag dit ut. Vi laut bære graset i båten, ein laut ha alt på ryggen. Men det gjekk nokså bra når ein hadde band å leggje det i. Her også kokte vi kaffi og kosa oss med matbomma når vi blei svoltne. Og så var det så framifrå gildt med all den tægebæra ein fann. Ho sto i store klungar der ein slo, og vi totte ho var svært god. Dessutan var der nok av moltebær til å ete seg nøgd på. Fuglelivet fanga også hugen. Der var måse og tenna, ærfugl og and og gås og fleire andre fugleslag som skreik og heldt alo støtt. Jau då, på Øyane likte vi oss sakte godt.


Eit år slo vi i Veggelandet, – eller kanskje det var to år, eg minnest det ikkje så visst. Vi fekk slå Hans Olsa si slåtte der borte, han slo ikkje sjølv dei åra. Der var mykje gras, mykje meir enn det vi var vane med på Erikvika. Også der sloga vi høyet ned. Vi slo ein åttringsfarm og ein fembøringsfarm det eine året, og det var store farmar òg.

Slåtten gjekk både snøgt og godt den tida far dreiv. Dei siste åre han levde, var det kanskje Torleif og eg som slo det meste, men når far tok ljåen, monna det alltid godt. Vi kunne aldri måle oss med han i så måte. Han var meisteren som vi berre kunne undre oss over.

Dei siste åra har eg slått mest alle stader med maskinen. Men endå blir det mykje nok å ta for ljå. Heile dalen, Skoghågen og under han, og langs alle grøfter og gjerde må eg framleis bruke ljåen. Og det tar meg nokså lang tid når eg er åleine. Då må eg alltid tenkje at dersom eg berre hadde vore så flink som far så – .

Far var ikkje berre nøgje med at det blei slått velt; det måtte òg rakast velt. Og turken skulle vere skikkeleg. Turka vi på marka, måtte vi alltid mue halvturt høy om kvelden dersom det var doggfall om natta. Han pla òg salte høyet på laden,- heiv nokre nevar salt i stålet for kvart lass som kom heim.


Det var vanskeleg med kvinnfolkhjelp somme år etter at gjentene tok til å reise bort. Eit år var vi reint i beit for rakar og hesjar. Mor for då til byen og gjekk på arbeidskontoret. Der fekk ho fatt i ei gamal hurpe frå Andenes. Eg trur ho heitte Elida. Ho hadde ein gjentunge med seg. Det var ikkje vandt å sjå at dette måtte vere eit spetakkel av eit kvinnfolk. Men mor visste seg inga anna råd, så ho kom heim med dette vesenet. Vi var nærmast skræmde over at mor kunne ha festa denne hurpa. Einaste trøysta var at ein kunne drive ap med kvinnfolket, og såleis ha litt moro for pengane. Ho var grov i kjeften og frekk som berre det. Slo om seg med at ho kunne både det og det.

Raking og hesjing, det måtte ho vel vere godt vant med, gudbevars!

Vi heldt på å slå nedafor Gardsåkeren, hadde slått unna øvste trehesjane då ho kom sendande utover og skulle gå laus. Då kan eg vite eg fekk meg ein god flir. Ho hadde halde på ei lita stund, så skulle eg snu meg og sjå kor det gjekk. Jau, ho hadde gjort det på den måten at ho børja på øvste stonga, – var alt komen tre-fire golv bortetter hesja på det viset. Dei fem stengene som var nedafor tenkte ho visst å ta sidan. Eg totte det såg så løgje ut at eg laut leggje meg ned på marka og nauflire. Far blei no merksam på dette og spurde henne om ho var heilt tullåt. Nei, ho skyna ikkje kva som var i vegen før vi gjorde ho merksam på galskapen. Det var ikkje anna å gjere enn å prøve å bli henne kvitt. Eit slikt menneske hadde vi ikkje bruk for. Luset var både ho og gjentungen, og ein grufull kjeft var det på henne. Men ho ville slett ikkje reise. Ho blei visst bortimot ei veke. Då fekk vi henne skyssa av landet att, og det var ei stor lette.


Men elles hadde vi mange flinke gjenter desse åra. No er det praktisk talt uråd å få nokon til hjelp, og difor har Sigfrid og eg dei siste åra lote greie oss åleine i slåtten. Det er hardt, men når veret er godt greier vi det på rimeleg tid. I ei onn som slåttonna er det om å gjere at alle gjer sitt beste. Ein må arbeide på spreng når det trengst. Har ein høy – turrhøy – ute og veret er utrygt, nyttar det ikkje å ta tidleg kveld. Det straffar seg oftast, høyet blir skjemt og ein får mykje ekstra arbeid med det.

For to år sidan fekk eg ein gut til hjelp i slåtten. Han hadde ord på seg for å vere av dei betre. Nåja, det gjekk ikkje så verst til å børje med. Men det skulle ikkje vare lenge. Etter nokre dagar var han nok så lute lei som det går an å bli. Han slo så uvelt at det mest var uråd å sjå kor han hadde slått og ikkje. Så kom laurdagen. Då hadde vi svært mykje høy liggjande utover marka. Det hadde vore nokre solskinnsdagar, og vi såg stor framgang i å sleppe all hesjinga. Men høyet ville ikkje bli turt før på ettermiddagen. Guten hadde på førehand prata om at han måtte få reise heim om laurdagen. Ved middagsbordet sa eg til han at han ikkje måte fare så tidleg, men hjelpe oss med å få inn høyet. Sidan kunne han fare heim der han var derifrå. Guten svara ikkje noko til det. Eg gjekk straks ut og tok til å snu høyet. Men guten – han tok ranselen sin og stakk av. Johan såg at han gjekk og stogga han. Men då laug han at høyet hos oss ikkje blei turt eg at eg hadde sagt det skulle liggje over til måndag. Og dermed var han vekk. Eg blei så forarga at eg lova meg sjølv at høyet skulle inn den kvelden, korså. Så streva og arbeidde vi til kl. 1 på natta før vi var ferdig. Johan hjalp oss enda med det siste. Sundagen kom med regn. Hadde då høyet lege ute, ville det blitt øydelagt, og vi hadde lote hesje det etterpå. Ja, slik hjelp er det ikkje stort å setje lit til. Det er mest betre å vere fri, så veit ein kva ein har å rekne med.


Etter slåttonnna kom skjæringa. Vi hadde alltid kornåker, oftast to åkrar. Det var ei onn og eit arbeid som eg ikkje likte. Å stå og krøkje med sigden og samle på strå, nei, det tykte eg var eit retteleg keisamt arbeid. Og ikkje lærde eg å skjære skikkeleg. Det gjekk seint, og fingrane blei ru og vonde. Far var god mann til dette arbeidet òg. Han feia eit kornband på ein augneblink, det gjekk liksom av seg sjølv. Var han nøgje på slåinga, så var han det ikkje mindre når åkeren skulle skjærast. Det måtte ikkje liggje eit einaste aks att på åkeren. Var det nokon som laga drøss, så sa far snart ifrå.

Både Torleif og gjentene gruva nok litt når det skulle bere i åkeren. Gjentene var forresten betre til å skjære enn vi. Men slåmaskinen kom meg til hjelp. Vi tok så smått til å nytte han. Det var straks likare. Ein slapp å stå og hakke med sigden. No var det berre å samle kornet saman og binde ihop. Men far var skeptisk. Han ottast jamt at det på denne måten ville bli drøss, og det tolde han som sagt ikkje. Men i dei fleste høve gjekk det bra. Når åkeren sto – eller låg høveleg – blei arbeidet vel gjort med maskinen òg. Og glad var eg. Jamt fekk eg køyre maskinen, og det var gildt. Eg ynskte no kvart år at åkeren ikkje måtte leggje seg slik at det blei sigd-skjæring.

Noko samleapparat hadde vi ikkje, – vi tok berre sidefjøla bort, og køyrde ned kornet. Kvart strå blei ligjande der det hadde stått. Far prata av og til om at det fanst meieapparat til å setje på, men det blei aldri til noko.


Så var det i 1941. Emilie var hos oss det året. Vi hadde bra mykje korn, – det var jo tvangsdyrking dei åra. Sigfrid hadde lite barn, så ho hadde smått om høve til å vere med i skjæringa. Og nett med det same vi børja, der skamskar Emilie seg med sigden i handa, så ho laut til dokter. Dermed var eg åleine, og ingen til å få leigd. Eg tok då til å lage eit samlebrett på maskinen. Det verka heilt fint, og med denne greia gjekk det mykje fortare. Skjæringa sto snøgt av, endå eg var mest åleine i åkeren. Eg hadde aldri sett slikt apparat før, så eg var ikkje lite kry over at det verka så bra. Vi har brukt det kvart år sidan. Når halmen er høveleg lang og åkeren grei, blir kornet liggjande i fine la, – to-tre band i kvart slepp. Drøss blir det ikkje. Ein får helst penare band enn når ein ikkje har samlebrett.

Til kornet skal det sers sterk hes til. Før meinte dei at ein måtte ha trehesjer til kornet. Og mange brukar det endå. Men trehesjene kan ein jo ikkje halde på med no lenger. Dei er altfor arbeidsame. Ein lyt nytte strenghesjer til kornet òg. Men sterk må ho gjerast. Første året eg nytta strenghes, gjorde eg do dobbel, to hesjer attmed kvarandre, berre knapt to dm. mellom kvar. Det er sikrare, men det er mykje arbeid med ei slik hes. Eg har sidan nytta enkel hes. Men både pålane og strengen må vere sterke. Og så må ein helst hesje tunnare og ikkje gjerre ho for høg.


I september kom så potetonna. Vi hadde jamt 10-12 tunner potet sett, så det var ikkje lite å ta opp. I gode år fekk vi 100 tunner og meire. Far forsto seg godt på å dyrke potet. Og han likte det. Poteten ga god innkome. At det var mykje arbeid med han – heilt til dess ein hadde bore sekkane inn i kjellarane og tømt poteten i kassane åt byfolket – det spela mindre rolle. Det blei nokre kontante kroner, og dei var elles ikkje så greie å få tak i. Potetprisen var det så opp og ned med. I opptakartida om hausten datt prisen alltid ned til mest ingen ting. Då var tilgangen stor, og byfolket visste alltid å nytte ut dette høvet. Ville ikkje bøndene selje til spottpris, blei dei ikkje av med poteten. Og så stampa dei fleste vara si bort. Far gjorde ikkje det. Han venta med å selje til utpå vinteren. Då blei tilgangen knappare, og prisen gjekk opp. Dessutan var det jo det at vi hadde så god ein potet. Han var lettseld. Difor hadde vi jamt faste kundar. Dei som først fekk smaken på Virek-poteten, ville sidan ikkje nøgje seg med annan potet. Men det fall nok mange bistre ord under potethandelen. Det går ei forteljing om ein bonde som kom til byen og skulle selje potet. Somme seier det var far. Eg har elles høyrd at det skulle vere ein mann frå Håkvik. Det får vere det same, historia er god, og attåt sikkert sannferdig.

Det var på hausten mannen kom til Narvik med nokre potetsekker. Nede på kaia sto ein oppkjøpar og sette nasen i sky, for no var det overflod på potet. Bonden spurde bymannen, – han heitte Blix, om han ville kjøpe. Jau, det kunne nok vere, men kva var prisen? Bonden nemnde 12 kr. sekken. Å nei du, det var skampris. «Reis til helvetet med poteten din!» braut hin karen til, han meinte han kunne kjøpe så mykje poteter han ville for 6-7 kr sekken. Og dermed blei det den gongen. Om bonden fekk større pris andre stader, skal vere usagt.

Resten av historia gjekk føre seg på vårparten. Då kom same bonden på nytt til byen med potet. No var det stor potetnaud overalt. Blix sto atter på kaia. Og denne gongen peika ikkje nasen fullt så høgt. No var det han som ville gjere handel. Då han såg bonden bar på potetsekken, for han på med ein gong og ville kjøpe. «Du får ikkje noko potet hos meg i dag,» svara bonden. «Du kan først fare og høyre deg om dit du bad meg reise med poteten i haust!»


Men dette blei vel eit noko langvore sidesprang. Det var potetopptakinga eg skulle skrive om. Omkring midten av september bar det til. Vi blei med i arbeidet straks vi var i stand til å halde grevet. Far stelte til smågrev åt oss. Men så mykje potet vi hadde, laut det framand hjelp til den første tida eg minnest. Oftast hadde vi taus, og attåt leigde far gjerne eit par gutar dersom det var til å få. Eit av dei første åra eg minnest hadde far tinga Alfred på Bjerkelund og ein annan unggut. Vi hadde potet på Gardsåkeren det året og tok fatt der først. Det gjekk bra første dagen, og gutane gjekk heim om kvelden. Andre dagen kom berre Alfred att. Då far spurde om han ikkje hadde sett noko til hin karen, fortalde han at den andre hadde slutta. Han hadde sagt med Alfred at han ikkje idst å vere med lenger, for der var så lange senger på Gardsåkeren. Og sant var det, han kom ikkje meire att.

I potetonna – meir enn i anna arbeid – var det snart spørsmål om kven som var snarast. Det blei jamt kapping, og då var det ikkje greitt for den som var sein. Det var hardt arbeid. Ein måtte halde seg undan dei som kom etter, og fylgje den ein tok saman med. Gjentene blei snart rappe med grevet. Dei var vanskelege å greie seg mot. Dersom dei som kom etter hakka om ein, kom ein på «Langneset» dei kalla, og det var halde for ei skam. Det svei godt. Far var også snar å ta opp potet. Han grov med lange tak og heldt alltid grevskaftet mellom beina. Når han fekk vondt i ryggen, la han seg på kne dersom sanden var turr. Men den ryggeverken, ja den laut vi alle smake. Dei to første dagane var forresten verst. Då blei ein gjerne så stiv, at ein smått laut setje seg med ryggen mot kanten av stampen og bryte på bakover. Etter to dagar blei det alltid likare. Ein fekk trening, og så gjekk det bra. Vi pla alltid ta to render kvar om gongen. Det lønte seg og gjekk snarare. Ein slapp å flytje fram så ofte. Dreiv vi rettelg hardt, pla vi plukke av rendene først for kvar gong vi flytta fram. Det var eit knep for å få det til å gå snarare. Og fort gjekk det.

Poteten sturta vi i kassvogna og i tunner. Sekker var det sjeldan vi nytta. Når det så tok til å minke med tome tunner, spende far hesten for og køyrde heim. Det var då svært morosamt å ha alle kjørlar fulle når han kom att. Var poteten stor – og jamt var det så – laut far køyre lass etter lass på rad. Og det likte han godt. Då var han i retteleg godlag, og vi fekk ros fordi det gjekk så godt. Og så var det alltid så at grannane fylgde med kor mykje potet far køyrde heim. Hos fleire av dei var som oftast mindre potet, og utan å skryte tør eg seie at vi var snarare å ta opp enn dei fleste. Far kunne køyre lass etter lass heim, medan det hos dei andre berre sto tre-fire tunner eller så på hagen. Det fanst òg dei som snart blei misunnelege og snudde rauva til når far køyrde framom med fulle lass. Dette hadde vi moro av mest kvart år, ikkje minst far. Men også vi var med på notane. Mange gonger var dette hovudgrunnen til at vi klemde på alt vi vann.

Når ein køyrer poteter på skranglut veg, går det slik at den største poteten etter kvart kjem opp og blir liggjande oppå. Slik var det hos oss. Når ein var komen så langt inn som til han Arnt eller han Eliseus, var poteten alltid større å sjå til. Og dei som då kom til vegen for å sjå på storleiken, fekk eit overdreve inntrykk av poteten vår. Då såg dei seg heilt forbalt ofte, og kunne ikkje skyne det at vår potet alltid blei så mykje større. «Ja, eg ser du ha' gjett han alun,» sa han Ove jamt, – han kalla kunstgjødselen for alun.


Det var såleis ikkje så lite hugnad med potetopptakinga. Men det kunne vere hustrig òg når veret var kaldt og stygt. Eg minnest mange slike morgonar, då vi hutra og fraus. Røssinga var verst. Men jamt var det så at det snart blei likare når ein kom seg godt i gang. Tøminga i kjellaren var tungvint den første tida. Vi hadde ikkje kjellar under heile huset, og ingen tut gjennom muren. Ein laut bere tunnene inn i kjøkenet og slå poteten ned gjennom kjellarluka. Det var tungt arbeid. Hadde ein poteten i kassvogna, måtte ein først tøme han over i kasse eller stamp, og så bere inn. Det var ei stor lette då vi fekk tut i muren og kunne tøme gjennom han.

Det var alltid kapping og stor spaning når ein nærma seg slutten på opptakinga. Det galdt då om kven som blei først ferdig. For då skulle «haren» jagast over til dei som endå hadde noko att. Ein for då iveg med roping og hysjing i retning av åkeren til grannane, der dei endå sto og tok opp. Dette må vel truleg vere ein gamal skikk. Helst er han vel eldre enn potetdyrkinga. Det kan tenkjast han før har vore knytt til skjering av kornet. No trur eg det er heilt slutt med å «jage haren», men i mi barndomstid gjorde vi det alltid, og vi tykte det var svært morosamt. Det var harmlaus skjemt, som begge partar gjerne fekk seg ein god lått åt.

Oftast tok potetonna ei veke. Det hende vi gjorde det på fire-fem dagar når veret var godt. Men vi var alltid glade når siste rendene var opphakka. Då sette vi oss på marka og kvilde og såg på verket. Medan vi satt slik, pla far seie: «Ja, no skulle vi ha hatt like mykje til og tatt opp!» Dette sa han i spøk sjølvsagt. Han tenkte nok på innkoma, og ville nok gjerne hatt det slik som han sa. Men gjentene likte ikkje slikt snakk. Dei snøste og meinte på at då skulle han no ha fått tatt opp den poteten sjølv, – dei var så evig velnøgde med det som var. Då lo far godt i skjegget.

I stygt ver var potetonna trist. Det hende stundom at snøen kom før ein blei ferdig. Først i 20-talla minnest eg at vi måtte ta opp det siste i mykje snø. Men mor fortel om eit år dei laut måke snøen av sengene for å kunnne ta opp. Då skulle det vere retteleg ille.


Frosten var eit trugsmål. Gjekk veret over på austleg-kanten, var kallane gjerne ottefulle. Eit år – eg trur det måtte vere i 1919 eller 20 – hadde vi ein frostbolk i potetonna. Laurdagskvelden hadde vi halvparten av Seljevikåkeren att. Det var raud-potet, minnest eg. Om kvelden blei det svært kaldt, og sundagsmorgonen var det hardfrose på marka. Då laut vi i hagen. Eg hugsar han Hans Olsa var hos oss og snakka med far om kva ein skulle gjere. Jau, dei var samde om at her var det inga synd å snakke om. Ein måtte berge poteten. Kom det ei slik natt til, måtte ein rekne med at poteten ville bli øydelagt, og det meinte dei var større synd. Og alle merke tydde på meir frost.

Så var det å dra i gamal-kleda og kome seg i hagen. Flest alle dei andre gjorde det same. Berre Oluf og Arnt heldt helg. Oluf av di han var læstadianar, og Arnt fordi han var i stort svogerskap til Oluf. Elles hadde nok han lyst til å gå i hagen.

Det blei ein hard arbeidsdag. Vi dreiv på som aldri før. Sola kom opp, og det var retteleg fint ver å stå i hagen. Til vanleg gjekk vi alltid heim og åt middag . Men denne dagen tok vi oss ikkje tid til det. Vi fekk middagsmaten send utover og satt ute og åt. Ein god del av poteten sturta vi i dunge og dekte med potetskal om kvelden. Far ville ikkje hefte seg så mykje med køyring. På dette viset greidde vi å bli ferdige om kvelden. Då var vi glade og trøytte, – vi var ferdige og hadde berga vårt på marka. Eg trur vi heldt som eit slag heilagdag dagen etter. Då var det – etter det eg kan minnest – retteleg grisever, med snø og slaps, og vi gledde oss endå meir over at vi hadde tatt opp om sundagen. Sia blei veret betre, så dei fekk visst opp poteten sin uskadd alle til slutt.


Eit år hadde vi to gutar frå Saltvik til hjelp i potetonna. Den eine var Asmund Ingebrigtsen. Så var det ein dag vi hadde vore heime og ete middag. Far køyrde føre utover att, og vi gutane kom eit godt stykke etter. Riksvegen var ikkje komen endå, så vi nytta gamalvegen. Oppfor stua si hadde Hans Olsa lengje hatt eit monstrum av ei grind over vegen. Ho var svært høg, og tung så ein rett måtte ta i når ein skulle ha ho opp. Horva var ein tjukk gamal kjetting. Eg var let og spretten den gongen, og det hende ofte at eg ikkje brydde meg med å opne storgrinda, berre svinga meg over. Det gjekk snøggare og lettare.

Denne gongen gjorde eg det, og for over som ein vesk. Då no Asmund såg dette, ville han gjere det same. Han tok seg tilsprang slik som eg, men greidde ikkje å kome over. Han blei liggjande tvert over grinda. No var ulukka den, at horva ikkje var på, så porten la seg undan. Og så tok borda til å breste. Det eine etter det andre sprang av under vekta, – og i ein blunk låg heile grinda i ruin. Eg skyna straks at dette var ei lei uheppa, – det var jo Hans Olsa si grind, og difor la eg på sprang utetter vegen det snøggaste eg vann. Saltvikgutane kom etter. Vi flirte nok, men var ottefulle på same tid, for vi skyna her kom til å bli oppgjerd. Far tok potettunner på vogna og skulle køyre heim med det same. Eg sa ingen ting til han om det som hadde hendt. Det fekk han nok greie på hos ein annan kar, for eg såg Hans Olsa sto i hagen sin ute ved Arnt-marka, og han blei skratt i nakken då han høyrde brotet oppe med porten. Han må ha gått heim og sett etter straks, for då far kom køyrande hadde han alt full greie på «hærverket.» Då gjekk han or hagen på nytt, kom til møtes med far, og var sint som ein tagg. «Ja, du skal tru gluntan ha gjort port.» Far blei jo forundra, og ville vite kva det var vi hadde gjort med porten. «Di ha brøtte han heilt sund, kan du vette! Du kan skjønne di sprang over porten!» Og så gjekk han med far heilt til porten og synte korleis det såg ut. Eit retteleg trist syn var det no òg, – berre ein vrakdunge. Kva far hadde sagt med han, veit eg ikkje; men då far kom att, fekk vi ei skrape. Han sa at det var berre vi hadde oss i veg og sette i stand porten han Hans Olsa i kveld. Eg sa at eg ikkje hadde brote sund nokon port, og då var det liksom far gav seg. Han fekk no greie på korleis det hadde gått for seg, og så høyrde vi ikkje meir av han om dette. Om kvelden trur eg vi var i veg og lappa porten i hop; men han blei berre så som så.

Hans og Marie Olsen
Hans og Marie Olsen

Sidan totte vi alltid det var morosamt å minnast denne hendinga. Og ho blei årsaka til at det straks etter kom ein skikkeleg port. Hans Olsa laga ei etter måten god grind, sette til og med hengslar og krok på, så alle tykte det var ei stor letta med dette. Då han heldt på å hengsle porten, kom mor framom. Ho sa då at dette her blei jo gjæve greier. Marja sto attmed og såg på, og ho sa då nokre ord som ikkje var til å mistyde: «Ja, – vess dæ no berre vara!!»

På Gjerdhågen hadde dei årvisst mykje poteter sett. I opptakinga var dei lite hjelpne og hadde alltid mykje att når andre var ferdige. Det var den tida vanleg god skikk at ein gjekk og hjelpte dei som hadde noko att når ein sjølv var ferdig. Difor var vi jamt på Gjerdhågen og tok opp til slutt. Det var gjerne berre moro. For der samlest då ei mengd med folk, og ein heldt mykje leven den dagen. Ein fekk mat for arbeidet, anna løn var korkje gjeven eller venta. Siste åkeren der oppe blei på dette viset tatt opp i ein fart. Eg trur det hende det sto opptil tjuge menneske i hagen siste dagen, og då måtte det sakte monne.

Potetopptakinga var eit triveleg arbeid når veret var godt og poteten stor. Då kappast ein om å finne den aller største. Det skramla lystig i stampar og tunner og monna snøgt i koppane. Ein blei i godt lag, endå om ein ikkje tenkte noko på den økonomiske vinninga. Det var lett å stå i hagen då. Og ein kom verkeleg snøggare fram over åkeren. For den store poteten er lettare å finne tak i. Småpotet er seinare å grave fram. Han heng gjerne mykje fast på røtene, så ein lyt stå og banke og slå med skala for å få han laus. Småpoteten er i det heile noko ein helst ynskjer dit pepparen gror. Du plukkar og plukkar, og det blir mest ingen ting av det.


Men som eg før har sagt, var poteten jamt stor og fin hos oss, og far skal ha æra for det. Vi hadde fleire potetslag. Mest av den gamle, litt avlange kviten. Han voks godt i den tida og ga stort fold. Seinare blei han dårlegare, og no er det mi røynsle at han sjeldan blir retteleg stor. Han blir i allfall ikkje det han var. Eg kan ikkje ha noko sikker meining om årsaka til dette. Kanskje han har vore dyrka for lenge i dei same åkrane. Slik at serskilde næringsemne i jorda er blitt reduserte og for knappe. Det kan tenkjast at kvart potetslag brukar ulike emne til oppbyggjing av planten. Denne poteten var sers sterk mot rote, og det er han framleis.

I tjuge-åra fekk vi tak i ein ny sort, – snarpoteten vi kalla. Somme sa det var Magnum Bonum, – eller «Magne Bone», – men det er ikkje rett. Denne poteten har vi hatt heilt til no. Han er lysebrun på skalet, er rund, og har mange djupe grohol. Det er ein god matpotet, melen og svært traust. I kokinga rivnar gjerne skalet. Han veks mykje snøggare enn den andre kviten, og praktisk talt alle knollane blir store. Han er difor snar å ta opp, ein får svært lite småpotet å plukke på. Ein kan lett kjenne han på skala. Dei er runde i leggen med raude striper i, og har jamt mykje eple. Denne poteten er heilt framifrå med omsyn til storleik og kvalitet. Men diverre er han svært veik mot stengelrote. Og har ein først fått denne sjuka på åkeren, er det heilt uråd å få bukt med det. I krigstida tok sjuka svært om seg, så vi no har lote gje opp «snarpoteten.» Det tykte eg var ille, men det var ikkje anna å gjere.

Så hadde vi 4-5 tunner raudpotet sett. Det var av den mørkeraude, runde sorten. Vi kalla han trondhjemmar eller trondhjemspotet. Det var òg ein god potet, men det var ikkje alle som lika han. Han var litt søt i smaken. Også han rivna i skalet under kokinga. Han var lettseld, for mange lika han så godt at dei ikkje ville ha anna sort. Han var snar å ta opp, for det blei gjerne lite av småpotet. Men han var sein om våren, – kom alltid mykje seinare opp, så det gjekk lengre tid før ein fekk køyre hesthakka. Det var difor verre å halde ugraset borte den første tida, og ein måtte gjerne på med både grev og rive før ein kunne bruke hestereidskap. Det skaffa mykje arbeid, og eg har difor lote denne sorten gå ut. Dessutan er det meir arbeid i kjellaren med fleire sortar, – ein må ha fleire bingar, og lyt då bere inn noko av poteten.

Vi hadde òg ein annan sort raudpotet. Han var bleikraud, og vi kalla han «russerøden.» Eg trur far hadde fått seden frå Lendenes ein gong. Denne poteten blei svært stor. Men han var ikkje god, og far let han gå ut straks. Det fanst berre ein og annan planten att av han mellom den andre raudpoteten. Rosenpotet har vi hatt så lenge eg kan minnast. Han var tidlegpoteten vår, og somme år hadde vi bra mykje av han. Men det meste tok vi opp og selde på ettersomaren.

Far hadde prøvd svenske, men det gjekk ikkje. Han trivdest ikkje i jorda heime. Poteten blei små og forkrøbla.

I turrår blei kvitpoteten alltid svært skorvet. Somme år var det så ille at mykje av poteten var heilt svart av skurv. Men han heldt seg like godt over vinteren for det. Eit år kom onkel Edvard utover og skulle få sedpotet. Men då han såg poteten vår, tykte han ikkje det kunne vere meining i slik potet til sed. Far sa med han at poteten grodde like godt, men han tok ikkje meir enn ein halv sekk. Det angra han på sidan, for han fekk svært mykje att om hausten av denne halve sekken. – Var poteten skorvet, var det meire om å gjere å få han turr i kjellaren. I regnver sette det seg så mykje mold fast på han.

Forrige kapittelEtter krøttera
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelBygging og nybrottsarbeid heime