indregard.no
Mine minne

Bygging og nybrottsarbeid heime

Foto av Indregard, cirka 1930.
Slik såg Indregard ut rundt 1925-30, før rognebærtrea vaks til. Gjerdepålane går langs bygdevegen, som gjekk 60-70 meter ovafor dagens E6.

Då far og mor sette bu, fekk dei halve jorda. Onkel Johan (Andreassen) fekk den andre halvparten. Den gongen stod der ei lita stue øvst på Gardsåke­ren – mellom Bakkastua og Kongsbakk si. Endå medan eg var smågut, låg syllsteinane etter stua der. Her budde far og mor dei første par åra, og det var då meininga at dei skulle byggje nye hus der. Dei tenkte ei stund på å byggje i Seljevika. Men det skulle bli annsleis.

Mor fortel at dei tykte der var så liten plass ute mellom alle dei andre husa. Så var dei ein sundag og gjekk tur inne i Storskjedal-teig­en. Det var austavind, og dei merka kor stilt og lognt det var der – mot ute i garden. Og så kom dei liksom så sjølvsagt på den tanken at dei kanskje kunne byggje her inne. Her var det mindre verhardt, her var jord til å rydje og dyrkje opp, og her kunne dei få bu for seg sjølve.

Dei blei straks samde om at i Storskjedalen skulle dei bu. Men morfar var ikkje for dette til å børje med. Han trudde ikkje det var gagn i jorda der, trudde ikkje det ville vekse noko i sanden. Men han ga seg etter kvart. Og så bar det til å setje planen i verk. Far hogg tømmer i skogen til fjøs og køyrde det fram. Ein god del av dette tømmeret tok han oppe i Kvitberg-fjellet. Så blei fjøsen bygd først – i 1901 var det visst. Onkel Edvard var med på det arbeidet. Han fortalde at dei greidde det på ei veke. Det høyrest jo mest utruleg ut. Dei var visst tre-fire mann med i arbeidet.

Stabburet blei flytta innover. Det hadde før stade ute i gamalgard­en. Eg er ikkje viss på om det kom opp før fjøsen – eller det var etterpå.


Men stua måtte tingast utanfrå. Far tinga materialen frå Namsos. Han kosta 1000 kr. så vidt eg veit. Eit farty kom med han om våren, og om sommaren bygde dei så opp stua. Lars Rasmussen i Holtvika var den som sto for dette arbeidet. Eliseus var óg med, og så var det ein kar frå Ballangen, – eg trur han heitte Ole Bakke. Medan arbeidet sto på, budde dei i stabburet, og der blei Olga fødd. Det var sommaren 1903. Lisbet er fødd i Litlestua ute i garden. Denne stua selde far og mor til onkel Kristian, og det er ho som endå står på Bjerkelund.

Det var ikkje skikk å mure kjellar under husa den tida, og slik blei det frå først av gjort hos oss óg. Dei la berre syllmuren oppå marka. Steinen sprengde og kila dei ut av ei svær steinblokk som låg oppe under Svinåsbakken, beint ovanfor Åsheim. Det var svære steinar, som var bra rette i vinklane. Men grunnen er leir, med ein halv meter sand oppå. Det varde difor ikkje lenge før huset tok til «å gå». Etter kvart fekk det halling nedover, og difor er det skeivt den dag i dag. Vintertida sette dørene seg fast, og det blei mykje ulempe med dette. – Midt under huset grov dei ut ei hole til potetkjellar, men gang inn til denne hola var det ikkje. Ein måtte gå opp og ned gjennom luka i kjøkengolvet. Veggene i hola var kledd med bord. Men dei rotna snart. Slik var den første kjellaren vår. Poteten måtte ein bere inn i kjøkenet og sturte ned luka. Eg minnest godt nedfar­ten. Først låg der ein stein eit stykkje under golvet. Det var liksom første trinnet. Vidare laut ein anten ha stige eller fire seg etter armane ned.

Men far ville gjerne ha det betre. Så fekk han Benoni i Røsåsen til hjelp, og dei grov ut større hole og mura kjellar. Stein til dette tok dei her og kvar. Ovafor der vedskjåen no står låg eit par store steinar av granitt. Dei blei skotne sund og brukt. Den eine var elles skilstein – med kross i. Far var borte den dagen Benoni kila sund denne steinen, elles hadde det nok ikkje blitt gjort. Dei såg óg på det runde berget bortafor fjøsen, om det skulle kunne brukast. Benoni bora eit hol og skaut eit skot midt i berget. Men ladninga gjekk i lufta, og berget var like heilt – slik det er i dag.

Kjellaren blei no tolleg bra, med avlaupsgrøft til dalen. Dei laga no gang ut til marka på same staden der utgangen no er. Men kjellaren rakk ikkje under heile huset. Det laut difor bli ein liten gang ein måtte gjennom før ein nådde inn i kjellaren, med dør for begge endane. Vintertida var denne gangen alltid stengt. Inste døra var stengt – spikra att, trur eg, og utafor pla far køyre tang og fylle opp mot døra og heile syll­muren til vern mot frosten. Då det under første verdskrigen blei bruk for å gøyme unna matvarer, var denne løyndgangen ein gong nytta. Der sto m.a. ein heil sekk mjøl, kan eg hugse. Lauritz Larsa i Skjomneset, som for rundt og leita og vog opp det folk hadde, fann ikkje desse sakene, endå han var nede i kjellaren og snuste nokså nøgje. Han trudde inste døra var den ytste, og ho let seg ikkje opne innanfrå. På yttersida låg tang-dungen samanfrosen opp mot muren, så det var heilt uråd å kome til døra den vegen.

Men huset sto altså framleis på den gamle syllmuren, og leiret bar på det. I mellomtida hadde far kosta vassleiing. Ein same som heitte Jonatan Ananias sto for leitinga etter vatn og muringa av vasskummen. Eg trur denne karen var frå Håkvikdal­en, men han budde sia på Ankenes. Han var den som fann ut at kummen burde vere ovafor sommarfjøset – der han no er. Dette var nokolite før første verdskrigen. Eg hugsar at Magnus Jensa i Skjomneset var og hjelpte far med å leggja ned røyrane. Det var ei stor lette å få vatn inn. Før laut dei bere det, og i tørrvintrar var det ofte reint ille med å finne vatn. Og alltid var det nokon som nytta høvet til å tøme holene som far med stor møde hogg opp. – Eg trur det gjekk mest tjuge år før neste gard på Virek fekk innlagt vatn. Vassleiings­grøfta var djup, tre alner for det meste. Berre einstad midt oppe på vegen råka dei berg, og der blei ho liggjande på vel ein meter. Her fraus ho ein vinter, og tina ikkje opp att før olsokdagen. – Dei la tang over røyrane før dei fylde jord på. Det skulle verje mot frost. Eg trur ikkje det var naudsynt, men vintrane var kanskje strengare den tida. Dei første par åra hadde vi vatn berre i fjøsen, men så la dei inn til kjøkenet óg. Så var den saka løyst.


Kjellaren sto no på den måten til i 1927. Då hende det noko om vinteren. Under ein regnflom grov vatnet seg ned eit stykke nedanfor sommarfjøsen. Det åt seg fram gjennom leira i vassleiings­grøfta. Midt på natta vakna vi av eit merkeleg tur nede i kjellaren, og då vi kom ned, sto heile fossen inn gjennom kjellarmuren. Vatnet drog med seg mykje leir, som tetta att avlaupsgrøfta frå kjellaren. På stutt tid gjekk kjellaren full av vatn, og elva rann vidare ut gjennom døra. Dette såg ikkje lyst ut. I kjellaren hadde vi mykje potet, og alt blei sett under vatn. Det var heilt uråd å få leidd vatnet ut i dalen på øversida, for det rann under jorda heilt frå sommarfjøsen av, og jorda var hardfrosen djupt ned. Like vanskeleg var det å få opp grøft til kjellaren frå nersida.

Om morgonen laut vi på gardane og få hjelp. Det kom bra mange mann, og så bar det til å sprengje grøft på tvert av vass­leidings­grøfta midt oppe i bakken. På det viset fekk vi til slutt leidd vatnet over i dalen, Sidan laut vi bryte opp grøfta til kjellaren, så vatnet der skulle kome ut. Det var ikkje lettare. Men då dette endeleg var gjort, såg det fælt ut i kjellaren. Han var over halv av leir. Potetbingane var heilt gøymde i leira. No var det tid å bere ut denne gjørma. Og så laut vi skylle poteten rein, – eit par bøtter om gongen oppi ein vid kasse og så slå vatn over. Det var eit storarbeid. Sia måtte vi bere poteten opp på laden og leggje han utover hjelvet til turk. Til all lukke heldt mildveret seg, elles hadde jo ikkje dette gått bra. Vi berga poteten på denne måten.

Då telen gjekk or marka om våren, fall jorda ned der vatnet hadde grave tunnel, og det blei ei heller djup renne etter der vasslei­inga ligg. Her laut vi køyre mykje jord og fylle i.

Det året skulle eg tene verneplikten min. Men no var det greitt at vi laut til med kjellaren, og difor laut eg søkje om utsetjing med militærtenesta det året. Det fekk eg, – året etter, i 1928, var eg på Elvegårdsmoen.

Om sommaren blei så den kjellaren vi no har laga. Benoni og Andreas på Bakkan sto for graving, muring og støyping. Den gamle syllmuren blei lagt nedst, og så støypte dei oppå.

Då stua blei bygd, var det ikkje nokon som tenkte på å nytte stubbgolv. For å bøte på golvtrekken, hadde ein eller annan kome på tanken om å fylle sand under golvet. Og så gjorde dei det. Dei fylde med sand heilt oppunder golvet, slik at åsar og dragarar blei liggande i sand. Dette var eit leitt mistak. Sanden tærde på treverket, og om ikkje lenge var både åsar og golvbord meir eller mindre opprotna.

Den første tida hadde vi ikkje trapp utafor gangdøra. Den utgangen var difor alltid stengd. Men så fekk far Ingebrigt på Kongsbakken utover, og han laga altanen vi kalla. Eg var truleg i 8-9 års alderen den gongen.

På øversida var eit lite bislag. Det rakk ikkje heilt utover til vesterhyrna. Bislagdøra var på vestersida. Midt framfor døra stakk ein stor, rund stein opp av marka. Denne steinen låg mykje i vegen; men så blei han skoten bort. Det blei bygd nytt bislag óg. Det var større og rakk heilt ut til vesterrøstet av stua. Døra var på øversida.


Då far kjøpte materialen til stua, fylgde det skingel med til taket. Huset fekk såleis skingel-tak frå først av. Men det tok snart til å leke alle stader. Då kjøpte far skiferstein og la på. Eg hugsar det så vidt. Det var nok før 1914. Han var og henta steinen i Narvik med åttringen. Så fekk han ein kall med langt, kvitt skjegg som kom og la steinen på taket. Han var frå Rom­baken, og eg trur han heitte Petter. Det var ein gjæv kall. Eg minnest at vi borna likte han så godt. Han prata mykje med oss. Nevehendt var han, og eg hugsar at han laga noko til oss som vi var opp i stor undring over. Det var noko som han kalla ein «knute». Han var laga av mange firkanta trestykke, med mange hakk i. Berre ein av pinnane var heilt slett. Når ein sette saman desse stykka på rett måte, blei det til ein trillerund ball. Alle hakka var gøymde, så dersom ein ikkje visste kva for ein pinne som var slett, var det heilt uråd å få knuten sund. Og det var jo det som var det lure.

«Steinkallen» lærde oss å setje saman og ta sund «knuten», og vi totte dette var eit framifrå gildt leikety. Kor det til slutt blei av denne «knuten» veit eg ikkje. Men eg må gå ut frå at vi etter kvart kasta bort betane, slik ungar pla gjere med leikesakene sine.


Kjøkenet var frå først av lite. Det hadde berre eitt tofagsvind­auge på øversida. Der var også døra til bislaget. Framføre vinduet var kjøkenbenk, og bordet laut difor til vanleg stå mot kammersveggen. Men der var lite lyst og ikkje sers triveleg å sitje. Sette ein bordet framfor vindauga, blei det så trongt å gå mellom komfyren og bordet at det reint var ei plage. Komfyren sto den tida nærare stuedøra. Skorsteinspipa var mura berre frå loftgolvet og opp. Difor måtte komfyren stå midt under pipa. Då vi støypte kjellar, blei loddpipa støypt frå grunnen av, og då kunne vi flytte komfyren på sida av pipa. Huset hadde frå først av to piper. Den andre gjekk opp frå loftgolvet over stua. Ho fylgde veggen mellom stue- og kam­mers­loftet. Kam­mersloftet var større den gongen, medan stueloftet var tilsvarande mindre. Men alkovane på nersida var den gongen ikkje av­panelte, så stueloftet var i røynda større enn det no er. Eg var visst bortimot vaksen då vi innreidde lofta slik dei no er. Før den tida var det berre to rom oppe mot vest. På austersida har roma vore slik dei er. Men stueloftet er gjort litt større. Veggen på nersida mot alkoven er flytta nedover til skråtaket. Det var Kristian Ravn som gjorde dette ein gong. Samstundes la han bordkvelvingen under taket.

Kjøkenet var som sagt lite. Og det var ikkje bra. Vinter­tida heldt vi oss alltid i stua, men når maten skulle kokast, laut ein til å fyre i kjøkenet, og det var ein tungvint måte å drive på. Så bar det til å byggje ut kjøkenet i 1925 eller 26. Julius Karlsa i Skjomdalen var sjef for det arbeidet. Rones Larsa var den andre, og Eliseus var med ei stund. Det var frå først av tanken at ein skulle byggje heilt opp og røste huset meire opp. Men arbeidet gjekk seint, veret var noko rusket, og så blei det til at ein laga skråtak då nedste høgda var komen opp. Det var likevel tanken å bygge opp sidan og lage ark på øversida, men dette er altså endå ikkje kome til seg. Det gamle bislaget blei rive bort, og huset blei slik det ser ut i dag. Eit par år etter denne utbygginga kom malar Jens Pettersen, Narvik, og malte skolen. Då tinga far han. Pettersen tok til å male stua, kjøkkenet og gangen. Pettersen hadde med seg to mann. Den eine var malar­svenn. Han var frå Ballangen. Det var ein dugande malar, men óg ein storfestar av høgste klasse. Då han for, fekk han låne haglbørsa vår, han skulle kome att med børsa og male litt meir. Men både han og børsa blei borte. Eg måtte melde han til lensmannen for underslag. På den måten fekk vi att børsa. Eg trur ikkje eg har råka på denne karen nokon gong sidan. – Den andre karen var læregut hos Petter­sen, også han frå Ballangen. No er han malar i Narvik. – Desse to karane fór til Ballangen om laurdagane, og kom då jamnast ikkje att før eit par dagar uti neste veka. Dei drakk og subla. Ein gong dei hadde vore på ein slik tur, blei det politijakt på dei. Det var just denne hausten at jakta etter dei namnspurde lensmannsmordarane på Austlandet, Svenson og Madsen, gjekk føre seg. Det var ei sers dramatisk, spanande og lang jakt. Heile ettersommaren og hausten gjekk utan at politiet greidde å knipe dei. Og heile landet fylgde i spaning med på etter­søkjinga. Snart tok rykta til å gå til dei mest utenkjelege kantar av landet. Folk melde om to merkelege karar, snart sett i nord og snart i sør. På veg frå Ballangen til Virek hadde no dei to malarane våre vore framom Råna. Dei var i bakrusen, og hadde truleg bore seg noko underleg åt. Nok er det, i Råna hadde folk kome på den tanken at her hadde ein vel lensmanns­mor­darane. Så varsla dei politiet i Narvik, som straks kom til Virek. Malarane satt då inne hos Kongsbakk. Polisen gjekk utanfor vindauga og kika inn på desse farlege karane. Til sist blei vel alibiet klårlagt, og politiet laut fare heim tomhendt. Lens­manns­mordarane blei til sist ringa inne i skogen nede på Austlandet. Madsen ga seg over, medan Svenson skaut seg sjølv. Det var visst nær innpå jul før dei fekk has på desse mordarane. Dei hadde skote to lensmenn i skogen, då lensmennene gjorde jakt på dei for anna gale dei hadde gjort. Madsen var ein unggut på 18 år. Eg trur han fekk livsvarig fengsel. Vel, dette blei eit heller merkeleg sidesprang frå det eg skulle skrive om no.

Stua var den første tida utan panel. Men så kom Per-Johan, ein mann som no bur i Narvik. Han panelte vesterstua, og strekte papp på veggene og taket i «pænstua». I 1936 tapetserte eg og gjorde stua slik ho no er. Nokre år før la eg finer på veggene i kammerset og malte der.


Til å børje med hadde vi ikkje naust der heime. Småbåten laut stå ute støtt. Hugsa ein ikkje på å kvelve han alltid om vinteren, sto han gjerne full av snø når ein kom og skulle ta han. Det var ille. Og bruket laut ein bere med seg til gards. Å hengje det frå seg nede ved sjøen var ikkje det likaste heller. Eg har før fortalt kva som hende med djupsognene som vi pla hengje i bjørka nedpå sjøvegen – .

Far ville no ha seg naust. Han åtte halvparten i eit stort fembøringsnaust etter morfar. Det sto ute med Skjeret. Så var det visst omkring 1920-22. Då tok far halvparten av dette naustet heim, og av det sette han opp det naustet vi no har. Lars Ras­mussa sto for dette arbeidet óg. Han var støtt med. Far ville visst helst ha sett naustet med røsta opp-ned. Men vi visste den gongen ikkje kor skilet mot Eidissen kom nede med fjæra. For å vere viss på at naustet skulle bli ståande på vår grunn, valde far å sette det langs etter stranda. Sidan fann far skilsteinen, og det synte seg då at naustet kunne ha stått opp-ned midt i støa. Men då var det for seint.

Far åtte halvparten i sommarfjøset etter morfar. Men på Indregard hadde vi ikkje sommarfjøs. Far gjorde så avtale med onkel Johan om dette. Onkel skulle leggje til nokre stokkar og hjelpe far med å setje opp sommarfjøs heime, mot at han fekk ha den gamle åleine. Dette arbeidet blei gjort. Eg var visst ikkje meir enn 4-5 år den gongen. Dei la papp på taket. Etter at eg blei vaksen, la vi bylgjeblekk på sommarfjøstaket. Under krigen i 1940 kom det ei natt ein flokk soldatar med muldyr og vogner til gards. Då det straks etter kom tyske fly over, laut dei gøyme seg i ein hast. Dei leidde då ein del muldyr inn i sommarfjøset. Dette tolde ikkje golvet, og det blei heilt sundbro­te. Sidan har ikkje fjøset vore i brukande stand.

Vintertida pla vi før ha potetskala hesja opp på stenger i sommarfjøset. Det var mitt og Torleif sitt arbeid å hente ned skal etter kvart mor brukte dei til kyrne. Vi nytta kjelken til dette. Eg minnest endå skurene nedover bakken med skal-lassa. Det gjekk jamt i ein stryk til svaldøra. Men eg hugsar óg at vi ofte gløymde å hente ned skal, så det vanka stundom skjenn i samband med denne skal-køyringa.

Fjøset sto frå først av på trestolpar på nersida. Der var ikkje mura gjødselkjel­lar under, berre graven ei hola i jorda til gjødsla. Men omkring 1920 fekk far Verner Antonsen og ein som heitte Tor utover til å mure fraukjellar. Det gjekk godt med dette arbeidet. Eg trur far fekk 600 kr. i statstilskot, så han hadde visst ikkje stort utlegg på denne kjellaren.

Verner var ein drivande kar. Spøkefull var han óg, og far heldt mykje moro medan Verner dreiv på. Eg hugsar at han støtt kalla Verner for «kvenen». Det tok ikkje Verner ille opp. – Så ein laurdag skulle kjellaren vere ferdigmura. Dette ville Verner feste på, – han var glad i sterke saker. Då far for til byen, bad Verner om at han måtte kjøpe han ei flaske sprit. Jau då, – far kom visstnok med denne flaska. No var det meininga at Verner berre skulle ha seg ein dram eller to, – resten skulle han ha med seg heim til Skjomen dagen etter. Men det gjekk slik at Verner og Tor drakk heile spritflaska og blei fulle som alker begge to. Verner var enkemann den gongen, og no ville han ut og leite seg kvinnfolk. Han gjekk til Vollen og bad Oline Ravn ut å gå. Det blei det ingen ting av, og han kom att. Men då var han heilt pære-full. Han gjekk inn i fraukjellaren og sto og sjabba med seg sjølv: «Ha eg hadd sement, så skulle muren ha vore rappa i kveld så sant eg heite Verner.» Sia kraup han inn i det gamle båthuset vi brukte til vedskjå. Der ville han leggje seg. Dei hadde kokt risengrynsgrøt til kvelds, og far gjekk no ut og skulle få han inn og ete. «Grøt!» sa han Verner. «Ka slag mat æ dæ? – Grøt æ ingjen mat!» Sia fekk vi han opp på loftet å leggje seg. Men no kom han på den tanken at han skulle opp og gå til Klubvika om kvelden, endå han knapt nok var i stand til å gå lofttrappa. Vi sa til han at det var så seint og at det var laurdag. «Nei, det er ikkje lørdag!» sa han Verner. «Lørdag dæ har vi berre ein gong i mån'en». Til sjuande og sist sovna begge karane. Dagen etter var dei nokså spake. Dei fekk no låne gamalbåten vår, og så rodde dei heim. Den båten fekk Verner kjøpe, og etter dette måtte året vere 1921 eller 1922. Ei stund etter var Verner og rappa muren i gjødselkjellaren.


Mor fortel at fjøset blei opptømra ute i gamalgarden og sia riven ned og flutt innover. Det var i 1902. Onkel Edvard hugsa såleis feil når han meinte dei tømra fjøset med det same dei sette opp laden. Dei gjorde det på ei veke, men sjølve fjøsbolingen var det berre å leggje opp. Endå må dei ha arbeidd godt. Same året køyrde dei høyet frå Beisfjord-landet inn i nyladen. For å sleppe å dra meir på dette høyet, flytta dei krøttera inn i nyfjøsen utpå vinteren. Mor fortel at ho gjekk innover om morgonen og stelte kyrne. Dei laga til ei gruve ute på marka, og der kokte ho til krøttera.

Stabburet er eldste huset vårt. Det sto ute i gamalgarden, – kor lenge veit eg ikkje. På vårparten i 1903 var det nok dei flytta det innover til Storskjedalen. Så budde dei der medan dei bygde stua. Olga er fødd i stabburet. Stabburet sto heilt ute på bakkekanten den første tida. Men grunnen gav seg, og om ikkje lenge tok stabburet til å halle innover mot dalen. Det seig meir og meir over, og i mine smågluntda­gar halla det rett mykje. Men så tok far og vog det opp på innersida og la oppå syllsteinane. Det blei då ståande beint på ein måte, men sjølve stokkverket hadde drege seg, så huset var skeivt. Stabburet var den tida tekt med never og torv. Der voks det ei lita rogn. Eg tok dette treet og planta det i hagen. Det er den store rogna som står rett nedafor flaggstonga no.

Først i 30-talet, medan eg gjekk på lærarskolen, flytta så far stabburet til der det no står, – utover og oppover, altså. Oluf og Einar Solvang var med om det arbeidet. Huset blei noko lenger enn før, og dei gjorde det høgare og brattare røsta. Sia kjøpte far stein og la på taket. Det var ein mann frå Senja, Bendikt Kristoffersen, som la steinen på. Eg har beisa og malt huset.

Vedskjåen bygde vi i 20-talla. Eg minnest at Eliseus var med på å hogge han ihop. Restane av det gamle båthuset etter «Frithjof Nansen» blei då dregen unda og hogd opp. Det hadde gjort teneste som vedbu til denne tid. Det har eg fortalt om lenger framme i boka.

Ja, slik er Indregard bygd opp. Det har vore mykje omskiping og omkalfatring framigjennom åra. Det har kosta mykje arbeid og mange pengar. Men teikningar og fast plan har støtt vanta, og difor er resultatet nokså ille, kan ein seie. Det har vore arbeidd mest berre på slump, og feilane har ein først oppdaga etterpå. Aller verst var det at ikkje grunnen blei gjort skikkeleg i stand. Men dei pla gjere det slik i den tida, så ein kan ikkje laste dei som sto for dette. Ein lyt prøve å rå bot på dette så snart råd er, dersom det skal gå an å få huset i stand.


Så var det rydjing av åker og eng på Indregard. Då far og mor sette bu her, var det som sagt berre villmark i Storskjedalen. Der voks bjørk og older, forra og eine, selje og via. Første åkeren som blei opplagt, er åkeren nedfor stua. Der var lite stein, og grunnen var turr så ein trong ikkje grøfte noko. Andreas Mikalsen la opp noko av denne åkeren, fortalde far. Det blei etter kvart til ein åker frå stua og fjøset og nedover til gamalveg­en. Sia gjekk far i gang på Moen. Denne åkeren tok det lenger tid med. Der var både stein og røter å rive. Ola Eriksen var fleire gonger og la opp jord på Moen. Han budde då i Klubbvika, hadde som eit slag tilhald hos Johan Dalseng. Men opphavleg var han Virekmann. Faren var ein same som heitte Erik. Han budde ei tid inne i Manndalen, tett nedafor gamalvegen. I mine gutedagar synte endå ei rund hole i marka staden. Det skulle vere etter potetkjellaren hans, sa dei. Den siste tida budde han inne på Røsåsnes­et, og det var der han døde. Rones Larsa fortalde at han budde der i ein gamal stall, som han hadde fått hos gamle Hans Ravn. Erik var opphaveleg frå Sverike. Han dreiv som gjetar, og dei kalla han også for gjetar-Erik. Kona hans heitte Ane. Ho døde lenge før han. Erik hadde to søner til, Per og Erik. Gjetar-Erik budde for det meste i telt, både vinter og sommar. Erik hadde visstnok bede mormor ta seg av Per når han sjølv fall frå. Seint ein kveld med fælt ver kom Per til mormor. Då dei spurde korleis det sto til med faren, sa han at faren berre sov. Dei skyna då at kallen var død. Om morgonen gjekk dei innover til Røsåsneset, og der låg Erik død og kald i huset sitt. Mannfolka var i Lofoten, men morfar hadde likkister ståande, og dei stelte liket, la det ned i ei likkiste og let det stå i huset der inne til folket var kome frå Lofoten. Då førde dei Erik til grava. Per kom til morfar og vart verande heilt til han var vaksen. Det var ein staut gut, fortel mor. Sia drog han til Amerika, og der døde han nokre år etter. Kor Ola og Erik, sonen, var då faren døde, kjenner eg ikkje til. Dei var eldre enn Per og var vel borte hos andre folk. Ola var også ein bra kar. Eg minnest han så vidt. Vi borna var visst litt redde for han. Eg hugsar at han pla liggje middagskvil oppe på lauvkjømla vi hadde i stabburssval­gang­en. Og elles minnest eg han sto oppe på Moen og spadde og hakka stein. Han var ein idig kar til å leggje opp jord. I Klubbvika skal han ha snudd om store vidder. Han låg mykje oppe på seteren der. Eg trur han døde der inne óg.

Moen blei etter kvart til ein stor åker. Straks vi blei så pass, laut vi vere med i nybrotsarbeidet der. Det voks lite der. Då vi var komne så langt opp som til midt for sommarfjøset, tykte far at vi heller skulle ta fatt med myra, nedanfor gamalvegen. Han kjøpte gjerde i Lofoten og gjerda inn alt nedanfor vegen – heilt til sjøen. Det var omkring 1920. Attmed sjøvegen der hadde far nokre år før prøvd å pløgje. Men der var så mykje røtter, at han laut slutte. Plogen greidde ikkje å skjere igjennom dei digre forrarøttene. Storparten av dette stykket nedafor gammalvegen var eit sers stygt lende. Der var tett med krattskog, store tuver, og så blautt at ein måtte ha støvlar på når ein skulle nedi der. Kyrne pla gå der og vasse til knes mest.

Nede i myra blei bete for bete broten opp. Ein del av øvste halvparten brukte vi plog på, – om lag så langt utover som til midten. Utafor og lenger nedover var så mykje stein at plogen ikkje gjekk. I 1923 kjøpte vi motorbåt, og då blei det så mykje kjøring med han at vi ikkje hadde tid til å bryte nyland sjølv. Men samstundes tente vi så bra på båten at far kunne leige jordoppleggarar. Edvin Ravn tok ein haust opp den store grøfta og eit bra stort stykke land, – det er den øvre, ytste parten opp til gammelvegen. Far baud arbeidet til ein annan kar som var arbeidslaus og penglaus. Han tok med dette, og sette i gang. Men det blei ingen ting med han. Eg trur han forsvann etter eit par dagar. Så trur eg der var eit par gutar frå Saltvika og prøvde seg. Men heller ikkje dei fekk det til å monne noko. Dei ga snart opp. Der var elles veldig med stein, serleg midt nedi landet, – på hundrevis av lass på målet. Sidan var Einar Ravn og la opp eit stykke av det som no ligg nedafor riksvegen. Han gjekk det betre for. Eg trur det var sams for alle at dei grov over mykje stein for å kome seg snøggare fram. Det var akkord dei hadde alle desse karane, og betalinga var vel nokså snau, så det er vel ikkje stort å seie på det at dei «oversåg» mykje av steinen. – Då vi grov ut for fraukjellaren, køyrde vi mykje fyll nedover og tømde utafor sjøvegen, – nedover til der riksvegen går på lag. Her var ikkje omsnudd, og no jamna vi berre fyllet utover og laga åker oppå den gamle grastorva. Det gjekk bra det óg. Sidan har også dette stykket vore ompløyd – fleire gonger, siste gongen var visst i 1942. Då tok vi opp ei mengd med stein både der og elles over heile myra mest. Men frå vegen og opp til telefon­lina er endå mykje stein att nede i grunnen. Det ser for resten ut som stein etter kvart kjem opp frå djupna der.

Nede i myra blei det etter kvart tatt opp ei rad med grøfter. Men eg trur dei fleste blei tatt for grunne og smale – så mykje blautleire som der er. Det syner seg i allefall at jorda der er vassjuk framleis. Det nedste stykket ned mot naustet har eg pløyd opp åleine. Det var eit av krigsåra eg gjorde det, – visstnok i 1940 om hausten.

Hola nedafor hagen har ikkje vore omsnudd. Der fylde far leir og sand utpå då dei grov ut og mura første kjellaren under stua. Siste gongen – då heile tomta blei graven ut – fylde vi ut i hagen – frå der flaggstonga står og nedover. Alt nedafor stonga er fylling. Før tok bakken til der stonga no står, eller kanskje litt nedafor.

Dalen frå stabburet og oppover ville ikkje far røre med. Han var redd bakken då ville gli ut. I 1942 tok eg likevel fatt og snudde om stykket nedanfor sommarfjøset. Der var nokså mykje stein; men eg nytta plogen likevel, – pløgde to gonger i same forra. Det gjekk bra. Eg var heilt åleine om dette stykket. Grasfrø var ikkje å få det året, og eg laut difor så til med høyrusk or djupstålet. Difor er det ikkje kome timotei i dette stykket. Moen – frå sommarfjøset og oppover – fekk eg opplagt i 1939. Det var Trygve Solli – ein dreng frå Råndalen vi hadde – og Edvard Ravn jr. som la opp der. I bakken og øvste parten var lite stein.


Så skal eg seie litt om hagen. Då eg var smågut hadde vi ingen hage nedom stua. Åkeren gjekk heilt opp til stua. Vi hadde ein liten kjøkenhage ovafor stabburet. Om somrane pla vi setje gjerde av gamle, avspretta torsk-garn omkring han for at ikkje hønsa skulle nå til. I den hagen hadde vi gulrot, timian og litt blomster. Der var visst litt rabarbra óg. Rabarbra hadde vi litt av nedfor stua før hagen blei laga. Då eg var fram imot konfirma­sjonsal­deren bar det til med hagen. Far og mor hadde nok hatt planar om dette lenge. Far var i Skjomnes og saga stav til stakittet. Stolpane øksa vi til, dei var ikkje til saga. Mykje av staven var osp. Og så sette vi opp gjerdet. Det gjekk ikkje lenger innover enn til austre stueknuten, – vegen gjekk utafor gjerdet. Dei første trea som blei sett ned, er dei to store rognene attmed porten. Torleif og eg planta kvar si. Vi var oppe i bakken og henta dei. Dei var ikkje meir enn 25 cm høge. Vi bar dei ned på spaden, hugsar eg. Men dei vaks snøgt. Eg kan ikkje minnast om det blei planta fleire tre før hagen blei utvida. Vi hadde gulrot i det meste av hagen. Og ho vaks svært godt. Eg har sjeldan sett så svær gulrot som den vi hadde dei åra. Det var reine kjemper av arten.

Då vi laga kjellar under heile huset, fylde vi ut på innersida av sjøvegen, slik eg før har fortalt. Og no blei hagen utvida til det han er i dag. Eg har sett opp heile stakittet og planta alle trea. Den rogna som står i vestre nerhyrna er komen frå Skoghaugen. Det var far som køyrde treet heim. Det var eit gamalt og nokså puskut tre. Men det voks snart ut ranke rotskot, og ikkje mange år etter kunne vi hogge bort det gamle treet. Den krokute rogna i øverenden hugsar eg ikkje noko visst om. Truleg er ho óg komen frå Skoghaugen. Den store bjørka attmed lysthuset tok eg ovafor gjerdet på øvste Moen. Ho var bra stor alt, så det var berre så vidt ho greidde flyttesjauen. Hegga var eg oppe i Asphola og henta. Også ho har eg hogd bort for lenge sia.

Det som no står att, er nye rotskot. Rogna nedom flaggstonga er komen frå det gamle stabburstaket, som nemd. Ho var omlag ein meter høg då eg sette ho ned. Den som står nærare vegen blei óg sett ned som lita. Då ho var pålag halvannan meter høg, var ein gutunge frå Saltvik og braut henne tvert av ein sundag. Difor slår ho med eitt ut mange greiner, det er der ho blei broten.

Ripstrea planta eg i 20-åra. Dei første skreiv Lisbet etter frå Steinkjer. Sia fekk vi ein del stiklingar frå Markus Johan på Nygård. Mellom desse var eit par solbærkvis­tar. Stiklingane voks godt og blei snart til store tre. Dei to solbærtrea er no rotna bort. Dei bar aldri sers mykje bær. Om lag samstundes var det eg planta hekken. Også dei buskene fekk Lisbet frå Steinkjer. Vi planta då også to rosentre. Det eine kom seg og sto i mange somrar med flotte roser ovafor flaggston­ga. Det døydde bort etter at mor si stue kom opp. Eg planta også to syrinbuskar. Men dei blei det ingen ting av. Det eine heldt ut nokre få år. Men det blei aldri vekst eller blomster på det. Dei andre prydbusk­ene i hagen har eg sett ned utan at eg no kan minnast kor dei kom frå.

Ute på marka var frå først av ikkje anna omsnudd enn dei gamle åkrane. I myra var svært med tuver. Men det meste av myra hadde far pløgd om før eg blei med i noko arbeid. Då eg lærde å slå, var der endå eit stykke med tuver att. Der pla far alltid slå. Og eit år hogg han tuvene bort og pløgde om stykket. Men Seljevika og alt oppetter til Gardsåkeren var fullt av tuver og stein til 1938-39. Då hadde eg folk til å snu om på desse stadene. Ovafor Seljevikåkeren fann då Trygve Solli ei stor gamal jarnøks. Eg sende ho til museet i Tromsø. Øksa var frå vikingtida.

Etter at det blei så vanskeleg med arbeidshjelp, har eg år om anna sådd att åkrane. Siste stykket av Seljevikåkeren sådde eg timotei i ifjor. No har eg ikkje meir ope land enn åkeren nedfor stua. Og slik lyt det vere så lenge hjelpa er så lita. Gjødsla lyt eg då breie på grasmarka. Det er ikkje rasjonelt, men det er det inga råd med.

Forrige kapittelVåronn, slåttonn og haustonn heime
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelByferdene