indregard.no
Mine minne

Etter krøttera

Før mine dagar hadde dei alltid gjetar på Virek. Dei leigde gjerne ein kar til å gjete. Grannane gjekk saman om det. Mor fortel at dei lenge hadde gjetar frå Ballangsmarka. Han byrja om våren og gjette til i september.

Det var ymse grunnar som gjorde det naudsynt å halde gjetar. For det første hadde dei ikkje omgangs- eller utmarksgjerde. Kva tid dei fekk det, veit eg ikkje, men eg kan tenkje meg at det var omkring århundreskiftet eller noko før. Gjetaren laut passe vel på så ikkje noko krøtter fekk stikke av og kome seg på innmarka. Vidare var det udyra å rekne med. Bjørn og varg var ikkje sjeldan i dei dagar. Kom ikkje alle dyra heim og i hus kvar kveld, blei det gjerne stor otte og mykje ståhei til dess ein hadde funne att alle. Og så fekk dei beitemarka betre utnytta når feet blei gjett. Dei gjette då ei stund på kvar stad, – heilt opp til Hamaren. Hamaren og liene der heldt dei visst for beste beitemarka si den tida. Dei gjette både kyrne, geitene og sauene. Berre hestane gjekk lause. Men dei brukte ein helst å setje stokk på når ein slepte dei i marka. Somtid gjekk dei nok utan stokkar òg. Det var i den tida ein ikkje hadde bruk for dei på lenge. Eg har før fortald om at mor var og henta hesten oppe ved Stormyra, og då må eg gå ut frå at hestane hadde vore utan stokkar.


Ulven herja stundom stygt. Ei natt hadde sommarfjøsdøra hos mormor gått opp, og vargen hadde rive ihel sju sauer. Dei låg daude bortetter vegen – den eine etter den andre. Men dette hende før mor blei fødd, så det kan vel reknast for 100-årgamalt no.

Gjetaren hadde fri kvar sundag. Det kunne han nok trengje. Dei dagane laut borna og oppvekstringane gjete. Vidare laut dei gjete sjølve vår og haust, og elles om gjetaren var borte eller låg sjuk. Dei fleste av gamalfolket på Virek i mi oppveksttid hadde difor vore med i gjetarskogen, og kjende vel til det livet. Gjetaren brukte hund til hjelp. Å gjete bort krøtter av halde for ei skam. Folk var redde for dyra sine, og dei tolde nok lite at noko kom bort. Han var ikkje høg i hatten, gjetaren, om han kom heim med for lite krøtter om kvelden. Men eg trur det hende nokså sjeldan.

Mor var med og gjette, ho òg. Dei ymse gardane hadde kvar sine dagar, fleire di meir krøtter der var på garden. Når borna gjette, var dei alltid fleire i lag. Mor fortel at dei pla korte tida med å spela tolvstein. Det var moro. Dette var ein leik vi òg dreiv med. Vi spela helst femstein. No trur eg denne leiken er døydd heilt bort. I allfall har ikkje eg sett borna drive med slikt på lang-lang tid.

Folket fylgde godt med kor gjetaren heldt seg med krøttera. Dersom han hadde hug til å halde seg mykje i ner-skogen, – eller berre der det var lettast å gjete, fekk han snart påminning på kor han skulle dra.


Så kom gjerda, og det blei slutt med gjetinga. Men dermed tok kuleitinga til. Og det er eit kapitel for seg. Berre leitinga etter kyrne har fram igjennom åra skaffa folk uhorveleg mykje slit. Virek-marka er svært vanskeleg å leite krøtter i. Dalane og holene og haugane og åsane gjer det heilt uråd å høyre bjøller eller sjå langt. Leitinga blei difor ei endelaus trasking opp og ned til alle leier. Ein må gå mest over alt om ein skal vere viss på at ein ikkje omgår krøttera.

Vi var ikkje store knøttane før vi måtte i veg på kuleiting om sommarkveldane. Til å børje med gjekk vi to ungar i lag. Vi var jo litt skogredde, som eg før har sagt. Seinare gløymde vi det og gjekk oftast åleine, – kvar sine kveldar. det kunne vere gildt med kuleitinga òg. Det var jo bær i skogen. I onnene tykte eg jamt det var bra å få sleppe frå arbeidet nede til nontid for kuleiting. Ein fekk ete seg mett av bær på turen. Stundom kunne eg bruke – eller hefte bort – så mykje tid med bæreting, at det tok til å skyme før eg kom opp og fann tak i kyrne. I slike høve enda gjerne det heile med at ein for springande gjennom marka for å ta att noko av tida. Ja, det hende nok at kyrne blei på skogen for det same. Men det var visst ikkje mange gonger.


Eit par kyr på vegen i Manndalen
Eit par kyr på vegen i Manndalen

Kyrne våre drog alltid innover. Men når det lei på sommaren tok dei ruta over Kråbakken, og dette gjorde alltid leitinga verre. Gjekk ein innover, kunne ein etterpå måtte gå til Kråbakken, og det blei lang veg. Men det var inga råd med det. Ein kunne ta oppover Aspholla, men då kunne ein gå i mist. For kyrne var stundom nede i Mort-Andershola, mellom Røsåsneset og Holtvika. Difor var det ofte problematisk kor ein skulle leggje vegen. Den første tida eg var kuleitar pla vi gå innover først, anten Steinorvegen, eller bygdevegen til Røsåsen. Deretter var det å ta seg ein tur nedover Røsås­halsen til Mort-Andershola. Så var det å setje til fjells. Ein tok opp Hamnvik­vegen, eller Himmelhågvegen dei sia kalla han. Oppe på Himmelhågen måtte ein ly godt. Der var det ein stor forra-stuv som dei kalla Løkkestuven. Den stuven steig vi opp på, og då var det sagt at ein skulle høyre utover til Løbergfjellet. Oftast høyrde vi vel ingen ting til kyrne frå Løkkestuven.

Så var det vidare, – innover gjennom Hamnvik-, Klemsteinvik- og Løbergfjellet. Bakke opp og bakke ned, over elvar og myr, gjennom krattskog og lyngmark, alt medan ein lydde til alle leier. Kyrne pla stundom dra til Blomhola, og ein var ikkje trygg før ein hadde vore inn imot Skjærvikelva. Fann ein ikkje noko på denne vegen, laut ein ta utover att, helst ein god monn lenger ned, så ein kunne høyre heilt ned til sjøen. Kyrne kunne nemleg ofte vere nede med Landet, som ein sa. Ein tur opp på Durmålsberget måtte ein ta, anten på innturen eller når ein kom attende, og helst så langt opp at ein såg Helligdagsvatnet og kunne bli viss på at krøttera ikkje var der oppe. Var ein endå utan kyr, laut ein ta vegen over Kråbakken. Og no måtte ein frampå haugane og ly nedover Kvitbergfjellet. Til slutt kom ein ned Kråbakkvegen. Var ikkje der heller kyr å finne, laut ein gå fri heim, og det hende mange, mange gonger. Då var ein bra trøytt i beina, og jamt var det seine kvelden alt. Einaste vona ein då gjekk med, var at kyrne hadde kome sjølve. Og ofte var dei det, men stundom ikkje.

Ein kunne som sagt også gå opp Aspholla eller Svinåsen. Det gjorde ein ofte. Då laut ein gjere seg ferdig med Kråbakken først. Ein kunne ta seg ein tur utover Brattåsberga så ein fekk ly ned i Krådalen. Det hende at eg kleiv over Krådalen ute ved Kråbakken. Det var ingen lysteleg veg. Men det går an å kome seg over.

Oftast gjekk ein beinvegs opp til Kråfjellet, og så tok ein seg ein tur utpå Øver-Kråbakken. Men der var tett og stor bjørkeskog, der var ofte sus av vind og elvar, og då var det ikkje så godt å høyre bjøller. Nedover Øver-Kråbakken kunne ein ikkje gå, for det tok for lang tid. Ein laut snu der, og lite på at krøttera var innafor. Men denne liten var det ikkje alltid greitt å få. Det kunne vere plagsamt. Jamt var eg plaga av innbilding. Så snart eg snudde og tok til å gå innover, tykte eg eg høyrde bjølla utafor. Stundom så klårt at eg laut snu og røkje etter. Dette fenomenet hende elles mest støtt når ein gjekk og vildra i inner-fjellet før ein hadde vore i Blomhola. Eg veit mange gonger eg kunne høyre bjølla så klårt nett der eg var komen frå. Det var som påstand mot påstand i retten.


Somme år og tidbolkar kunne kyrne vere sers vanskelege å finne. Den eine dagen her, den andre dagen på ein heilt annan plass – borte frå den vanlege ruta. Då måtte ein ofte traske vidt. Eit år minnest eg at dei jamt var langt, langt ovafor Helligdagsvatnet, heilt oppe mot Hamaren. Men dersom veret var godt, høyrde eller såg ein dei gjerne frå høgda ved Helligdagsvatnet. Andre tider var dei fæle til å dra til Blomhola. Og der inne er det vanskeleg å leite. Skjærvikelva turar, og dersom skjomvinden blæs, høyrer ein mest ingen ting. Det var tider då dei drog langt, langt utover frå Helligdagsvatnet, – oppe i Kvitbergfjellet. Å fare over alt dette fjellet var ikkje spelverk. Ein var godt utmødd når ein til slutt var heime att.

Det er stor skilnad på kyrne òg, kva to det er i dei. Somme er reint besette å sleppe på skogen. Det er ofte så ein må tru dei beint fram legg vinn på å dra så langt vekk at ein ikkje skal finne eller nå i dei. Og somme år er dei verre enn elles. Då eg var så liten at eg ikkje kunne gå åleine og leite, hadde vi kyr som var svære til å leggje seg borte. Serleg var det to som var dei verste. Den eine heitte Juniblom, den andre Natteros. Ein gong låg dei borte tre døger i eitt. Då fann Konstanse og eg dei attafor Brattåstjønna. Men sjølvsagt hadde dei ikkje vore der heile tida. Dei var forresten utan bjølle, så dei var ikkje gode å finne.

Det var aller verst når kyrne hadde det med å skilje seg i skogen. I slike høve har eg ofte tenkt at det var opplagt samansverjing dei hadde slege inn på.


Etter desse åra blei kyrne våre gjæve ei tid. I fleire år kom dei sjølve kvar sommar. Alle dei andre laut leite sine. Men så fall dei av att, og leiting måtte til. Det børja med at dei blei seinare og seinare. Og så kom den natta då dei blei borte. No måtte ein i veg. Og hadde ein først tatt til med leiting, laut ein halde fram resten av sommaren og hausten. Kyrne kom i vane med å bli henta. Kor ein kunne argast over dette. Når eg fann dei – etter at dei hadde lege borte – lurde eg meg ofte på dei, for å sjå om dei var på heimveg. Var dei ikkje det, blei eg innerleg arg. Mange gonger la eg på dei med stort sinne og ditto målføre. Buska dansa, og kyrne sprang det beste dei vann. Somme gonger gjekk det i eit einaste renn til sommarfjøset. Eg frygda meg når dei laut renne seg reint utpeste, og det var «søtt» å nå dei med sveia ender og gong. Det var gonger då eg hadde mindre godt samvet etterpå, for det gjekk slett ikkje pent for seg nedetter vegen, over stein og stokk og myrhol så søyle og skitt skvatt til alle leier.

Det var også argeleg å finne kyrne liggjande. Då kalla eg dei både troll og beist, og det blei ei brå vekkjing på syndarane. Stundom blei dei så redde at dei la på tvisprang nedover bakkane. Dersom eg ikkje sprang etter, nådde eg dei stundom først nede med fjøset. Men denne hardhendte handsaminga hadde ingen verknad på moralen hos dei. Dei la seg borte like godt, og ein laut leite-leite-leite, – kvar einaste dag.


Verst var kuleitinga i regnver. Då er det ufyseleg å ta til skogs. Men kyrne må heim. Mange gonger blei ein søkkvåt frå topp til tå. Var ein borti ei buske, hadde ein heile styrten over seg. Og i regnsomrar er alle skogsvegar i Virek-marka blaute og fæle. Det var å hoppe frå stein til stein og hit og dit over myrtuvene og blautdika for ikkje å søkkje til knes nedi. Kyrne er gjerne leie til å gje seg av i skogen i slikt ver. Dei gruvar vel for å vasse den fæle vegen heim. Ofte var dei skitne og tilsøla heilt oppetter sidene før ein nådde heim med dei. Eg trur at kyrne i det store og heile lite likar å gå ned dei bratte bakkane. Og heime er det så mange bratte bakkar i marka. Ofte ser ein at dei på heimvegen slår seg til ro for natta oppe på slike bakkar. Dei idst ikkje gå nedover. På Kråbakken pla dei mange gonger stanse opp, – eller på høgda ovafor Brattåstjønna. Har dei mykje mjølk, er juret tungt å dra på og i vegen for gangen der det er uføre.

Då søstrene mine blei såpass store at dei kunne hjelpe mor i huset og fjøset, hadde vi ikkje tenestegjente i nokre år utetter. Men då gjentene for bort, måtte vi ha gjente. Desse gjentene laut òg ta sin tørn med kuleitinga. Til å børje med laut dei ha vegvisar. Men dei lærde snart å kjenne marka. Far gjekk jamt sjølv på kuleiting om sundagane. Vi tykte det var fint å sleppe då, serleg når veret var retteleg stygt. Jamt laut han i veg når vi kom heim utan kyr. Då for han gjerne av stad tidleg på morgonen, lenge før vi stod opp. Han pla rettleie oss når vi skulle til skogs etter krøttera, og rådde oss til kva veg vi skulle ta.


Ein gong var eg og leita, men fann ikkje kyrne. Eg trur forresten at eg tøva meg bort, slik at eg ikkje kom til dei stroka der eg burde ha leita. Då eg så til slutt, nokså seint på kveld, kom ned mot garden att, og blei viss med at kyrne ikkje var komne, tykte eg alt var så stussleg at eg børja gråte. Eg var truleg framimot konfirmasjonsalderen. Eg laut no stogge, for eg ville slett ikkje kome gråtande heim. Så snart eg hadde kome meg til hektene att, gjekk eg ned og sa frå at eg ikkje hadde funne krøtter. – No var det alltid så, at den som kom fri heim blei nøgje utspurd om kor han hadde gått og om han var viss på at han hadde leita godt i dei stroka han hadde fare over. Han laut stå til rettes. Og jamt laut ein bite i seg ord om at ein ikkje hadde leita rett og vore alle stader der ein burde. Leitaren fekk i slike høve lita fagning for traskinga. Dette var heller ikkje så merkeleg. For dei som heime var, kjende seg også trøytte etter dagsens arbeid, og no var det greitt at ein av dei laut på skogen anten same kvelden eller tidleg om morgonen.

Den gongen eg no skulle fortelje om, merka nok gjentene at eg såg noko lumren ut, men at eg hadde gråte skyna dei ikkje. Dei kom med klagemål, og meinte på at eg kanskje helst hadde lege og sove oppe i bakkane ein stad. Eg laut berre avvise skuldinga med få ord, for eg hadde ikkje godt samvet for leitinga den gongen.


Det kan vere mange årsaker til at kyrne legg seg på skogen. Eg har alt nemd dei kronglute og stygge vegane. Så må ein hugse på at Virek-marka for det meste er lyngmark. Det er lite om gras. Nerskogen er stort sett svært dårleg beitemark. Oppe i høgda er meire gras, og krøttera må difor langt av stad etter maten. Dei heftast på vegen og kjem jamt ikkje opp til graset før utpå ettermiddagen. Då først får dei fatt på noko som kan fylle magen. Så blir dei ikkje mette før seine kvelden. Og så tykkjer dei den stygge heimvegen er for lang.

Men det må vere andre årsaker òg. Vegen er jo like lang for alle, og likevel legg nokre buskapar seg på skogen medan andre går ned. Kurasen har sitt å seie. Alle kyrne er ikkje like heimekjære, – dei er ulike av natur. Eg vil kalle det arv. Somme har det i blodet at dei vil vere i skogen om natta. Det er vel som med menneska: dei er bundne av arv, på dette omkvervet òg. Og vidare er det vanen, – miljøet, kunne vi seie. Det spørst kanskje korleis krøttera blir vande frå først av. Ein skulle tru at dersom kua alt frå ho var kalv er van med å få noko som ho likar når ho kjem frå skogen om kvelden, at ho då vil ha trå i seg til å kome heim. Likeeins dersom fjøset og stellet der er slik at kua likar seg. Eg trur ikkje det er bra dersom ein ventar med å ha kyrne til skogs om våren til ein er heilt fri for fór. Ein bør ha noko fór att, så ein kan gje krøttera om kveldane den første tida medan det endå er lite mat i skogen. Ein får på den måten arbeida inn vanen til å kome heim.

Eit år hadde vi godt med fór, slik at då vi til slutt slepte kyrne ut, var det nok av mat i skogen straks. Kyrne la seg då borte første kvelden dei kom ut, og vi laut leite heile sommaren. Hadde dei vore slept ut tidlegare, trur eg det hadde gått likare.

Men somme tider tykkjest ingen ting å nytte, og ein har berre å leite så sant ein vil ha krøttera heim til kvelds. Slik blir det nok framleis, heilt til dess ein får kulturbeite. Når det er snakk om å rasjonalisere jordbruket og arbeidet der, kjem spørsmålet om kulturbeite i første rekkje. Det endelause og veldige slitet som kuleiting er, må ein kome bort frå. Tre-fire timar på kuleiting frå vår til haust er reint borti natta. Det går nok heller ikkje på det viset i framtida.


Men det var ikkje berre kyrne ein var på leiting etter. Hestane skaffa oss òg mykje trasking. Før mine dagar brukte dei jamt å stokke hestane. Eg minnest så vidt slutten på dette. Den siste som brukte stokk på hesten, var han Eilert på Saltvikneset. Han hadde ein merr som var så tak-skjer, d.v.s. vrang å få fast når ho var i marka. Det var nok difor han brukte stokk.

Hopphylle var også noko brukt. Eg kan hugse at vi hadde ei. Men det var lite vi hadde ho på hesten. Hopphylla var ein stutt kjetting med ring i begge endane til å setje om framføttene på hesten. Både stokk og hopphylle må ein helst seie var dyrplaging. Men eg kan minnast at somme av dei gamle forsvara bruken av slike ting. Dei meinte at hesten på det viset fann seg meir mat, med det at han kom til å gå meir i ro. Men stokken måtte vere rett laga. Han måtte ikkje vere for lang, slik at han kom i vegen for atterfoten. Og holet måtte ha ei slik form at stokken blei liggjande og kvile på øvste luten av hoven. Elles ville han gnage og lage sår. Men ofte hende det at stokkane gav hestane gnagsår. No finst det ikkje mange som vil setje eit slikt plage-tre på hesten. Hestane er svært lag-glade dyr. Dei vil alltid finne kvarandre og vere i lag. Då likar dei seg. Dei spring og hoppar, leikar med kvarandre og slåst smått. Dei frygdar seg ved utelivet og fridomen. Endå gjekk det vel bra med stokkinga så lenge alle hestane gjekk med stokk. Men verre var det når somme gjekk frie. Då blei det synd på dei som hadde klump om foten. I slåstinga greidde dei ikkje å verje seg så bra, og fekk lide for det. Dei ville gjerne prøve å halde fylgje med dei som var frie, og då leita det mykje på foten som drog stokken. Dette var nok grunnen til at alle laut gje opp stokkinga, endå om dei ikkje ville.

Men var hestane frie, så laut ein bu seg på leiting etter dei. I mine gutedagar drog dei aldri lenger ut enn til Saltvika. Det var seinare dei tok opp «farten» på Rånbogen og Råndalen, der dei i årrekkjer no har halde seg mest om somrane. Ja, dei aller siste åra har det jamvel hend at dei har vore heilt i Bjørkåsen. Det er vegsambandet som har gjort at dei no fer så langt stundom.

Hadde ein ikkje noko spurning etter hestane, laut ein ofte gå både vidt og breidt. Rett som det var laut ein gå både ein og to dagar, ja stundom den tredje med før ein fann tak i dei.


Vi var ikkje gamle karane då dei sende oss i veg på hesteleiting. Det kunne vere triveleg òg. For når ein fann hesten, fekk ein ritur, og det var morosamt. Men det var ikkje så greitt heller. Vi hadde ein svart hest den tida, og han var noko lunefull av seg. Han kunne bite, og visste så vel at vi ikkje var dristige med han. Verst var det, at han pla hive skallen opp når ein skulle leggje bekslet i kjeften. Greidde ein ikkje då å hange på, stakk han av, og sidan var det svært vanskeleg å få tak på han. Vi pla alltid ta lokkemat med når vi gjekk på leiting, – nokre potetar helst, eller eit par brødskalkar. Det kunne han ikkje stå for. Men så hende det at han nappa poteten og heiv så opp skallen før bekslet var på plass. Då var det ikkje greitt. Eg kan minnest at eg i slike høve laut leite runde steinar som likna potet og lure han med. Og det gjekk. Men eg kan hugse at eg kjende meg sjeleglad når eg endeleg hadde fått bekslet på.

Denne hesten var fælt sterk, og elles sers god å køyre med. Men han hadde som sagt sine luner. Når ein var komen seg på ryggen, laut ein akte seg vel, elles låg ein snart i vegen att. Stod der ei buske høveleg til attmed vegen, passa han på å gå så nær inntil henne som råd. Så kunne greinene sope «riddaren» av. Drog ein i taumen i siste liten, gjekk han gjerne sidelengs dei siste metrane til buska for å kome nær nok. Eg var vel van med dette, så eg akta meg, og det var ikkje ofte hesten fekk meg av ryggen på den måten.

Det var elles nokså problematisk å kunne kome seg opp på ryggen av hesten så lenge ein var stutt i sula. Ein måtte finne ein høveleg avsats, ein stor stein eller liknande. Men endå var det ikkje greitt. Hesten svinga seg alltid bort frå den staden ein hadde vald å stige opp på. Så laut ein ned att og svinge han til på nytt. Ofte laut ein gjere denne manøveren mange gonger før det lukkast å kome opp. Slike puss turde ikkje hesten gjere når far skulle ri, men under buskegreinene gjekk han med far òg.


Eg skal skrive litt meir om denne hesten med det same. Far hadde kjøpt han i Narvik, visstnok hos køyrar Ole Erlandsen, som i lang-lang tid pla køyre opp mjølka frå kaia når Virek-folket kom til byen. Då far fekk hesten, var han bisk. Kanskje hadde han vore dårleg handsama. Det varde ikkje lenge før han beit far. Då fekk han retteleg juling, og sidan gjorde han ikkje det oppatt. Han fekk age for far. Men ungar og framande lika han ikkje. Kom framande bortåt, viste han straks tenner og glefste etter dei. Oss ungar heiv han jamt kjeften etter. Men det var nok berre for å skræme, for han beit oss aldri det eg kan minnast. Godt vet hadde han , – det var som eit menneske. I fjøset kom ofte smålamma og hønsa oppi båsen, men aldri hende det at han trødde på dei. I mørkra flytta han føtene så varleg, – kjende seg føre, så han ikkje skulle trø på småkreket.


I mine gutedagar hadde far og andre på Virek hestane sine bortleigd til militæret om somrane nokre år. Dei måtte då føre hestane i båt til Herjangen. Det var ofte vanskeleg å få hestane i båt. Men vår hest gjekk alltid støtt og roleg i båten. Han var heller aldri redd på sjøen. Far pla seie at mange av kvinnfolka var mykje verre å få i båten enn hesten.

Ein gong gjekk det likevel ikkje etter rekninga. Far var på Øyjord med åttringen og henta hesten. Så var vognmann Lindseth, Narvik, der òg, og skulle ha ein hest over Rombaken til Vassvik. Far var åleine, men tok likevel begge hestane i båten og rodde i veg. Midt på Rombaken blei hesten vår sint på den andre gampen. Det blei ei fæl slåsting, så det ikkje kunne vare lenge før dei trødde sund båten. Far laut då i all hast løyse hesten vår. Og straks hoppa han høgt over ripa og beint ut i sjøen. Han gav seg straks til å symje. Til alt hell sømde han rette vegen – mot Ornesvika. Han sømde så fort at far ikkje greidde halde lag med båten. Då hesten nådde land, gjekk han opp, rista vatnet av seg og ga seg til å ete gras. Far fekk no skilje seg av med Lindseth-hesten. Og no var vår hest vel tilfreds, gjekk viljug i båten att, og far rodde heim.

Eit par gonger køyrde far denne hesten gjennom låvebrua. Det er ein fårleg ting. Men hesten blei ikkje redd. Han låg heilt roleg til dess far hadde stelt seg så hesten kunne kome opp or holet. Den eine gongen minnest eg dei laut bruke tau og talje til å dra bakenden opp. Begge bakbeina var gått igjennom.

Denne hesten var allmektig sterk. Det fanst ikkje maken på Virek. Han hadde så godt eit lag til å dra òg. Var det noko sers tungt dei spende hesten for, kjende han først på det, prøvde liksom tyngda. Så flutte han roleg beina litt og stilte seg til etter tyngda av lasset. Og når det var ordna, la han seg frami, jamt og hardt, utan rykk og tilsprang. Bakenden seig meir og meir ned, til dess heile kroppen stod i eit einaste spenn som ein strek, og då måtte lasset fram. Eg minnest Svarten, gammelhesten, som vi sidan kalla han, – i mange, mange slike spenn. Det var bilete på konsentrert kraft, klårare og meir synberr enn alt eg har sett av slikt sidan. Då Verner mura fraukjellaren heime, hadde dei tatt ut ein veldig stor stein oppe i haugen ovafor vasskummen. Steinen var over to meter lang, og så fin at det reint ville vere synd å måtte kappe han av. Men Verner meinte det inga anna råd var, ingen hest kunne dra ein slik koloss. Far kom og såg på steinen og meinte dei måtte prøve han heil. Så gjekk han og henta Svarten. Dei måta steinen innpå dråga. Men steinen var så lang og stor at ein god lut av han måtte slepe på marka. Eg stod spent og såg på. Svarten stelte seg godt, – så la han seg roleg i, spente kvar muskel frå bryst til bakbein, – seig lenger og lenger ned bak, til dess vogna med den store blokka ga seg i sig. Då gjekk det jamt og godt fram. Hesten trong ikkje tilrop, han skyna alt like godt som noko menneske. Då vi var nådd ned til fjøset, gjekk Verner fram og stod og undra seg over hesten. Han påstod at det i heile Skjomen ikkje fanst hest med maken til krefter. Den store steinen ligg no nedst i muren om fraukjellaren.

Svarten blei skoten ein haustdag i 1921, og det var ein trist dag heime, totte vi alle. Ein sterk og tru slitar på garden la seg ned for siste gong. Frøya – den neste hesten vår – var då to år. Ho tente oss i omlag 30 år!


Så var det saueleitinga. Berre det var ikkje lite arbeid.Ofte var det jo så at der var udyr på fjellet om haustane. Då måtte ein hente sauene ned og ha dei heime. Men jamt ville dei stikke til fjells att. Ein måtte gjete på dei støtt, og endå kunne det halde hardt å passe på så dei ikkje stakk av. Blei det landsønning var dei sers vrange å halde nede. Sauen har det med at han vil søkje på veret. Somme sauer var reint umogelege. Vi hadde ei tid ein grå sau som ikkje var til å bestes med. Ja, eg minnest vel den karen! På ein augneblink kunne han vere ute av syne og langt oppe i Brattåsen eller Svinåsen. Og kom han seg først opp i skogen, var det mest uråd å få han snudd. Eg sprang ofte så eg kjende blodsmaken i munnen. Kom eg meg på øversida og møtte han på vegen, la han tvert ut til eine eller andre sida, og så i fullt firsprang oppetter. Og dei andre sauene fylgde etter. Det var ein forherda kar.

Det var tidleg vår sak å passe på at sauene ikkje fekk stikke av om hausten. Likeins å leite dei når ein nyst hadde hatt dei heime og såleis venta å finne dei i nerskogen.

Frå konfirmasjonsalderen laut ein vere med på storleitinga når sauene skulle ned frå fjellet om hausten. Det var ofte morosamt. Men hardt òg mange gonger. Dersom sauene var ville, skjær – som ein sa, blei det jamt mykje renning etter dei før ein greidde å få flokken til gards. Det galdt om å vere sterk og snar til å renne. Frå Klubvikfjellet er vegen lang ned til Virek. Når ein hadde kome seg om flokken, var det best å dele seg i tre parti: eit framme på kvar side av sauene, så langt fram som råd, helst litt framfor flokken, – og det tredje laget bakom, og det var jamt lettaste og greiaste jobben. Var sauene ville, la dei straks i fullt sprang. Då galdt det å kunne fylgje. Det var oftast verst i førstninga, til dess sauene hadde rend seg trøytte. Sidan kunne ein ta det som ein ville. Men jamt fanst det ein, eller eit par villstyringar i laget som gjerne tok førarskapen, og så hadde ein det gåande. Dei kunne då skilje seg, så det blei fleire flokkar, og så var det ikkje så greidt å få alt med. Leitarane laut dele seg, nokre om kvar flokk. Ein kom ikkje alltid ned på same staden og til same tida i slike høve. Somme gonger hende det at flokken heldt fram med å dele seg opp. Til slutt var sauene spreidde, så leitaren berre hadde ein einskild, eller eit par stykkje han sprang etter. Då enda det gjerne med at han kom fri heim, og var både arg og sliten. Andre gonger var sauene sers vene, så ein snarare hadde bry med å få dei unna føttene.

Fann ein sauene i Klubvikfjellet, laut ein passe sers godt på når ein kom utover under Rødfjellet. Dei som fylgde med på versida måtte halde seg så langt framme som råd. Var sauene skjære, kunne dei stikke opp lemmen i Rødfjellet, eller opp ved Sukkertoppen. Det har hend mange gonger. Det var tungt å kome seg om dei att. Somme gonger tok ein rådgjerd mot dette før ein nådde Rødfjellet. Eit par av leitarane tok utover bakom Rødfjellet. Så hadde ein folk der i fall sauene la oppover. Og samstundes fekk ein leita i det stroket òg.

Det var best å jage ned på innersida av Hamaren. Men ofte greidde ein ikkje å få sauene vikt nok ned ved Jollvatnet, og så bar det utover og ned langs Hamarvatnet. Der er nokså ulendt, mykje stor skog, og vanskeleg å halde auga med flokken. Under Hamarknausen kunne så sauene ta innover att. Det var i det heile stor fåre for å misse sauer i det stroket.

Frå Kråbakken pla gjerne leitarane soge ned til gardane når sauene var ville. Ein fekk då jamt hjelp nedanfrå, kvinnfolka og ungane møtte fram. Det galdt å vere mange når sauene skulle inn i sommarfjøsa. Det blei heile manngarden kringom flokken, men endå hende det at ein miste krøtter ved fjøsdøra, og det var jo sers argeleg. Til vanleg gjekk det likevel bra. Eg minnest slike stunder godt: sommarfjøset full av pesande, brektande sauer og lam, ringlande bjøller, kvinnfolk inne i saueflokken, leitande etter merke, og utafor på bakken utmødde, trøytte saueleitarar. No spurdest det kven som fann sine. Var ein heppen, fekk ein alle sine ned første dagen. Men jamt vanta nokre sauer, og så laut ein i veg neste dag, så sant ein hadde helsa til det. Mange gonger laut ein leite i mange dagar før det lukkast å finne alt. Og ofte kom sauer heilt bort. Eit år miste Virekfolket heile 30 sauer. Det var nok i børjinga av 1920-talla, eit av dei store fjellfrausk-åra. Vi miste fleire stykke dette året. Det var mest lam som kom bort. Vi leita lenge etter desse sauene, for ein hadde ikkje sikkert prov for at jerven hadde tatt dei.


Eg var med på ein stortur under denne leitinga. Vi var seks mann med. Det var Johan Eidissen, Andreas Mikalsen, Arnt Hansen, Karl Ravn og eg. Kven den sjette var, minnest eg ikkje no. Eg var berre framvokstring, nyst konfirmert. Vi starta om morgonen og la i vegen innover mot Klubbvikseteren. Der trur eg vi var inne og kokte kaffi og åt. Så bar det oppetter mot Klubbviktinden og Keiploftet. I nordvestre sida av tinden er eit bratt dalføre nedover mot Eiterdalen. Ein må heilt frampå fjellkammen for å sjå ned der. Og vi gjekk dit. Men ingen ting var å sjå. Frå Keiploftet ser ein ned til Råndalen. Det er eit storfelt utsyn. Vi blei no samde om å gå ned til Råndalen. Andreas Mikalsen var los for fire av oss. Vi gjekk over Keiploftet og kom ned til Eiterdalen. Der var bratt å gå ned, men elles godt å kome fram. Karl Ravn og Johan Eidissen gjekk vestover bakom Råntindaksla eit stykke og tok så beint unna ned mot gardane i Råndalen. Dei kom ille borti det. Der er fælt bratt og uførut, så dei reint hadde halde på å setje livet til før dei endeleg nådde ned.

Vi måtte no overnatte i Råndalen. Andreas Mikalsen og eg låg hos Antonius den natta. Kona hans var søster til Andreas Mikalsen. Dagen etter var det kaldt og surt – dette var nokså seint på hausten. Vi tok opp Eiterdalen mot Sommarskaret. Der oppe var det full vinter, – snøfok og frost. Eg var ikkje budd på slik ein lang og hard tur, – eg hadde ikkje yttertrøye, berre ein genser utanpå. Det var alt anna enn varmt oppe i skaret, så eg var glad då vi vel var komne igjennom. Sauer såg vi ikkje noko til. Vi la vegen utover Virekfjellet att og nådde heim på kveldparten. Det var ein lang marsj. Tyngst var det for Arnt, han var jo ein gamal mann då, men han gjekk utruleg godt. Dette var visst berre to-tre år før han døde.

Sauene fann vi som sagt ikkje. Noko seinare ga ein ny ekspedisjon seg i veg. Dei kom òg til Sommarskaret, og der kom dei over fleire rams av ihelrivne sauer. Dermed blei det slått fast at det var fjellfrausken som hadde herja, og ein ga då opp leitinga. Omkring 30 dyr var borte.


Så var det eit anna år. Vi hadde hatt sauene heime, men hadde slept dei til skogs att. Det var godver utover seinhausten, så dei kunne ikkje ha noko naud ute. I desember kom det snø, og vi skulle av og hente sauene. Vi leita både høgt og lågt, men fann dei ikkje. Det tok til å sjå speleg ut.

Ein dag gjekk far og eg. Vi leita i skogen innetter mot Skjærvikaksla. Men ikkje spor eller lyd å finne. Vi tok opp til fjells, var på Erikviktuva så vi såg ned til skjomlandet. Deretter bar det utover til Hamaren. Oppe på fjellet var full vinter, – djup nysnø å grynne i. Til slutt kom vi nedover mot Kvitberga. Vi hadde før leita langs landet innover mot Skjomen, så no tykte vi det ikkje fanst fleire stader å leite. Dette var retteleg stussleg, for vi hadde nokså mange sauer den tida. Vi kom altså like fri heim att den kvelden.

Dersom eg ikkje minnest rangt, blei det jul og endå hadde vi ikkje funne sauene. Men over helga kom det tidend om at folk skulle ha sett nokre sauer i Erikvika for ei tid sidan. Det laut ha vore våre, for alle dei andre hadde sine sauer heime så vidt vi visste. Far meinte på at vi fekk prøve å leite der. Det gjorde vi, men fann ingen ting. Det hadde snøa i mellomtida, så det fanst ingen spor etter dei sauene som skulle ha vore der. Så trur eg det gjekk over nyåret òg. Då bar det på leiting att. Arnt blei med oss. Vi tok firroringen og rodde til Erikvika. Det var greitt at dersom det var sant at folk hadde sett sauer der før helga, måtte dei jo kunne finnast. Vi gjekk opp gjennom heile Erikvika, men fann ingen spor. Så tok vi innover til Smalnesbukta for å snakke med samane. Knut og Karen var endå i beste velgåande. Der fekk vi kaffi, og Karen meinte på at det nok var våre sauer ein hadde sett. Ho sa at det kunne vere verdt å leite retteleg langt opp under Erikviktuva. Der var ei stor hole som sauene av og til heldt seg i. Jaha, då vi var ferdige hos samane, la vi i veg att, til denne hola. Og der varte det ikkje lenge før vi fann spor i snøen. Snart fann vi alle sauene. Der hadde dei halde seg i lang tid og hadde ikkje lidd noko naud. Vi jaga ned til Erikvika, tok sauene i båten og rodde heim.


Mykje og mangt hende på desse fjellturane etter sauer, både slikt som var morosamt og slikt som ein helst må kalle uhuggeleg. Det var gildt å kome seg opp på fjellet. I den tida var det ikkje vanleg å ta fjellturar for moro skuld. Helst var ein mange i lag, og det var triveleg. Spøk og kommers blei det alltid. Karane var flinke til å finne på morosame ting å trøye tida med medan ein gjekk eller satt og kvilde. Humøret var jamt på topp. Var det ikkje anna, så kunne ein ofte ha moro av karar som blei usamde om leitinga eller jaginga. Arnt Hansen var alltid med. I Hallarhågen og i Øverstua hadde dei støtt mykje sauer den tida, – tjuge stykke og endå meir var det vanlege. Gutane hans Arnt var i byen på arbeid, og difor laut gamlingen gå sjølv. Eg kan klårt sjå han for meg på saueleiting: krokut i ryggjen, kvit i skjegget, og ein sterk stav i handa. Han gjekk som ein ungdom, endå han var over dei seksti. Det bar han ikkje i auga å traske til Klubbvikfjellet i lag med ein flokk ungdomar. I allfall klaga han seg sjeldan. Men jamt blei han i dårleg humør for eit eller anna på turen, og då kunne han vere beisk i talen.

Bar det til å renne etter sauene kom gamlingen som ventande var til kort. Då var han sint. Laut han gje heilt opp, var han ikkje grei å ha å gjere med. Kom han då seinare over andre som hadde funne sauer, hende det han la i veg med flokken utan det var naudsynt. Då ville han helst laupe frå dei som hadde funne sauene, så han kunne kome ned med dei åleine. Han var svært egen slik, – ville ikkje kome fri ned. Eit beiskt ord hadde han gjerne på tunga når han ikkje var i lag, og var aldri nøgje med kven det gjekk ut over. – Eg fekk ein gong mitt. Det var på den storturen eg nyst har fortald om. Vi satt inne på Klubbviksetra og skulle ha oss mat. Kaffien var kokt, og vi sette oss til bords. No lika ikkje eg kaffi den tida, og drakk han ikkje før eg var vaksen. Dei andre baud på kaffi, men eg sa nei, eg skulle ikkje ha. Då snøste han Arnt og sa: «Høh! Skal han ikkje ha kaffe. Påkern ta, han æ’ vel uta’ dennan spareånden, han òg!» Meininga var at eg skulle vere så gjerrig at eg ikkje hadde råd til å drikke kaffi eller ta kaffi med på turen, at eg var av slikt folk som ikkje hadde råd til å leve som andre. – Eg brydde meg ikkje stort om ertinga hans, men eg hugsar replikken den dag i dag.


Når snøen hadde lagt seg knehøg over fjellet, var det ikkje morosamt å vere saueleitar. I slike høve var det eit veldig strev å få sauene ned dersom ein fann dei høgt til vers. Snøen sette seg fast i ulla, og sauene vann seg ikkje av flekken. Det hende ein måtte trakke veg åt dei, stykke for stykke. Men slikt var eg aldri med på.

Ved eit slikt høve kom dei ein gong ned til Ramnflåget med ein flokk sauer. Der sette dei Fritjof Perolinsen, dei kalla – til å passe på flokken medan dei andre gjekk heim til Virek og varsla frå. Så måtte vi i hui-hast innover med fleire båtar. I ei krå mellom nokre store urar under Ramnflåget satt Perolinsen. Han hadde då vore utan mat i lang tid og var nokså ferdig då vi kom med noko å bite i. Vi tok no sauene i båten og rodde heim.


Det var bjørnen dei ottast mest for då eg var liten. Eit år tok han ein stor gjellver for Lars Rasmussen i Holtvika. Sidan kom jerven til og blei den verste.

Når dei laut ta sauene ned for skuld udyr, pla dei føre sauene på Virekøyane. Der var ein jo trygg. Når ein så skulle hente dei att, laut ein vere godt hjelpen. Ein jaga sauene ut på ein odde. På den måten fekk ein dei fast og i båten. Men dersom det var turt ver, laut ein kanskje hente sauene frå øyane før ein kunne setje inn, for på øyane blei det snart fritt for ferskt vatn.

Då eg var smågut, hadde vi fleire år sauene i Sørskjomen om somrane. Det var tryggare for udyr. Folket der såg til sauene jamt. Dei heldt seg visst ikkje lenger unna enn at ein oftast kunne sjå dei frå gardane. Ein laut føre dei til Skjomen om våren, og hente ut att om hausten. Det var lang veg; men far pla jamt ta seg tur til barneheimen sin, og då gjekk det jo for det same, tykte han. Hadde han korn som skulle malast, tok han det med det same. Det var oftast firroringen han nytta i desse høva. Helst fekk ein sigle den eine vegen, og når ein var heldig, hadde vinden snudd til ein for attende.

Forrige kapittelI Virek-marka
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelVåronn, slåttonn og haustonn heime