Logo
indregard.no
Mine minne

Torleif og eg på sjøen som smågutar

Båten og det som høyrde til han fanga tidleg hugen. Nett som eg no ser med Martin. Det er difor ikkje å undrast på at så stor part av barndomsminna knyter seg til sommardagar på sjøen med fiskegreiene våre. Kor gamal eg var då vi først fekk fare ut på eiga hand, det kan eg ikkje vite, men visst må det ha vore tidleg. Eg kan minnest gonger då vi blei nekta. Fekk vi ikkje lov å ta båten, pla vi gå ned til stranda og sture. Vi kunne vere retteleg sorgfulle over slik motgang i livet. Dette måtte vi gje uttrykk for, og eg kan minnest at vi hadde ein serskilt song vi pla syngje for høvet. Det var ikkje ord, berre lyden -a. Tonen kan eg endå hugse, han er sers einfeld, men mykje sørgjeleg.

Det varde elles ikkje lenge før dei slapp oss laus. Så snart vi lærde å ro skikkeleg, blei vi ikkje nekta båten når veret var godt. Og dei fleste av sommardagane spela vi oss på havet. Det var det gildaste vi visste. Ikkje tale om at ein gjekk lei der. Det var leik, men like vel fullt ålvor. Hadde vi fisk med oss i land, fekk vi ros, og dette la vi stor vekt på. Det blei ei æressak å ha stor honk med opp. Vi la oss rett i selen. Det var stor spaning med fisket og like gildt å vise fram god fangst når vi kom heim. Eg var eldst, og var kanskje som ein leiar. Men eg hugsar at Torleif óg kravde sin rett, halvt og halvt. Elles var vi nok mest alltid godt forlikte når vi var på sjøen. Eg kan ikkje minnast ein einaste ålvorleg konflikt mellom oss her, endå vi på land ofte var i tottane på kvarandre.

Ein gong – i 8-9 års alderen – var vi ute og fiska. Det var endå ein laurdag, og far var til byen. Veret var godt, så vi var berrbeinte begge. Vi dorga etter småfisk på lysbotnen mellom Skjæret og Feneset. Far hadde kjøpt ei lakseskei med dreggar på, den brukte vi til dorg. Best det var, der trør Torleif skei-dreggen inn i berrfoten, så djupt at onglane gjekk over agnhalda. Heilt uråd å få dreggen ut att. Eg rodde straks til lands. Men Torleif kunne ikkje trø på foten, så han måtte berast. Og fiskegreia med snøre måtte følgje med. Eg tok han på ryggen og persa opp sjøvegen. Det var ei tung børa, minnest eg, men eg kom då opp med han. Mor blei svært forskremd. Ho såg straks at heller ikkje ho var i stand til å få dreggen ut. Så tok ho guten på ryggen og gav seg i veg utover bygda, meinte å få ein granne som hadde nebbtong til å greie det. Men då ho kom dit, sa han det ifrå seg. Han tolde ikkje sjå blod, sa dei. Så måtte mor i veg og hente ho Elisabet Eidissen, og ho fekk endeleg «fisken» av.

Forrige kapittelPå sjøen med far
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelAndre minne frå sjøen dei første barneåra