indregard.no
Mine minne

På sjøen med far

Martin med sønnene Torleif (t.v.) og Andreas. Ca. 1918-19
Martin med sønnene Torleif (t.v.) og Andreas. Ca. 1918-19

Ein sommar fekk eg vere med far på sjøen. Truleg var eg berre 4-5 år gamal. Far brukte djupsogn og pilk. Vi hadde visst­nok fått kok­ing. No var vi på veg heim att, var komen mellom Krøke­bærneset og Feneset. Der skulle far prøve att. Og så bar han i noko tungt. Då han fekk ho opp i båten, – jau, så var det ei kveite. Eg kan tru at ho var på 8-10 kg. Det tykte eg var eit storhende. Eg var veldig oppglødd då vi rodde til lands. Far sk­ulle vel stelle med båten og djupsogna før han gjekk opp. Det hadde ikkje eg tid til å vente på. Eg minnest at eg tok til å springe i førevegen opp. Då eg var komen godt og vel midt oppå sjøvegen, såg eg mor gå mellom husa. Ho skulle just gå til fjøset om kvelden. Då ropa eg: «Mamma, vi har fått ei kveita!»

Dette er visst det første minne eg har om fisking og ferdsel på sjøen i barneåra. Men nede med fjæra hadde eg nok ofte vore før. Eg hugsar det berre ikkje. Mor har fortalt om ein gong det heldt på å gå galt. Det var visst også ein sommardag. Eg må kanskje ha vore berre 2 år då, eller i høgda 3. – Far var den dagen rodd til byen med mjølka, slik dei pla gjere den tida. Og dette må eg ha hatt greie på, kanskje mor hadde sagt det då eg stod opp om morgonen. – Ei stund etter skulle mor ut og sjå etter meg. Ho leita og ropa, men fann meg ikkje. Mor blei no redd, og noko med det første ho då kom i tankar om, var at eg kanskje hadde gått til sjøen. Det stod den gongen tett med skog på nersida åt gamalvegen, så det var uråd å sjå til sjøen. Mor rende ned for å leite. Og der var karen. Ho fortel at eg satt på ein stein og song om at: «Han pappa rodde til ‘Narvita’.» Det var i siste liten ho kom. Sjøen flødde, og steinen eg satt på var alt omflødd, så ho måtte va for å nå meg.

Forrige kapittelEi amerikaferd
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelTorleif og eg på sjøen som smågutar