indregard.no
Mine minne

Andre minne frå sjøen dei første barneåra

Far hadde kjøpt fembøringen «Tordenskjold». Det var siste fembøringen han hadde. Om sommaren låg han betøygd ned på Vika. Huset var på. Til fembøringen høyrde det ein jolle. Han var så lett at Torleif og eg kunne greie å få han på sjøen med eiga hjelp.

Ungane på Indregard ca. 1912. Frå venstre: Olga, Torleif, Elisabeth og Andreas
Ungane på Indregard ca. 1912. Frå venstre: Olga, Torleif, Elisabeth og Andreas

Ein dag tok vi jollen og rodde ombord i «Tordenskjold». Der leika vi oss. Det var sers morosamt å vere inne i det rommelege fembøringshuset. Og veret var godt. Men best det var, blei det skjomvind, og nokså sterk vind óg. Då blei vi redde. Vinden stod jo beint frå land, så her såg det smått ut om å nå støa. Eg hugsar vi hala fram jollen og skunda oss i båten. Vi hadde berre eitt par årar. Eg sette meg til å ro, og Torleif tok plass på tofta i bakgavlen. Der skulle han sitje snudd bakover, for å sjå om avstandet til fembøringen blei større medan eg rodde.

Eg minnest at eg rodde alt det eg vann, og kom snart framfor «Tordenskjold.» Men skjomvinden var ujamn som han pla vere, – i rossene stod det heilt stille, endå eg tok i av all makt. Likevel såg vi snart at avstandet til storbåten blei større, om det enn gjekk seint, og motet voks. Di nærare land vi kom, di lettare gjekk det. Men eg hugsar godt at eg tykte eg var fælt utsliten då vi nådde støa.

Forrige kapittelTorleif og eg på sjøen som smågutar
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelOver veggefjorden med kvalen til fylgje