Logo
indregard.no
Mine minne

Til Skjombrua

Tårna til Skjombrua
Tårna til Skjombrua

Helsing til Skjombrua her vil eg bera,
Norderlands lengste og djervaste spenn.
Sterkt vil ho telja i Nord-Noregs æra,
stort skal ho gagna si nord-norske grend.
Med denne storbrua reist her i nord
renn det ei ny-tid for folk og for fjord.

Skjomen har blinka framom her og blåna,
skjoma i solskin og susa i storm.
Folk her har fare, i godver, i gråna,
– ferdsla har skifta i fart og i form.
Tusen års tolmodig basking i båt,
– tallause ferder med trøyene våt.

Her var det titt at i stormar dei stridde
hardt under segel i hivande båt.
Her hende òg at i rokket dei ridde
kvelvet på fjorden til dess dei gjekk åt.
Signa dei alle som stridde i rokk,
dei som kom att, og dei arme som sokk.

Dagen er inne, – om lenge det drygde,
stort er her satsa i midlar og makt.
Brua står ferdig, – og folket som bygde
helsar eg her med den høgaste akt.
Alle som skapte, – med ånd og med hand,
vere dei hylla, kvar einaste mann!

Skjombrua sto ferdig i 1972
Skjombrua sto ferdig i 1972

Spana i dag lik ein lynskoten loge
løfter seg brua i stål og betong.
Fritt over fjorden på berande boge
susar no ferdsla seg fram som ein song.
Ei meir det våttar om storm eller straum,
– brua ber over så blidt som ein draum.

Finaste fjellband i syn attmed fjorden
vitnar med velde om skapande makt.
Tindar og toppar og høgreiste horn
ris imot høgda i skiftander drakt.
Skjomtinden, sveipt i sitt skinande sjal,
standa her fremst i sin opphøgde sal.

Ser du så formrein og fin denne boge
femner om fjorden og føyer seg i,
stemt imot storfjell som fagre og fjåge
ser ifrå sky nedåt Skjombrua si.
Der susar bilane snøggføtt forbi,
under ligg fjordleia framleies fri.

Sant er at langsamt vart landet vårt eie,
– meir etter kvart det vert stelt og i stand,
fram til den dag vi med sanning kan seie:
Sjå, det er sambunde, heile vårt land!
Storverket her er eit vinnande steg,
dugnad som retteleg monnar og dreg.

Blinka no fjorden framom her og blåna,
brusande kvitt kringom steinvor og stø.
Dagar som lida med lys og med gråna,
glitrande sol eller føykje med snø.
Støtt skal ho standa her, Skjombrua vår.
Tena trafikken i aldrar og år.

1972

Forrige kapittelDe hakka
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelBlå bris