Logo
indregard.no
Mine minne

De hakka

September-mån’en er halvta leden,
med middagsskyggen så skeiv å sjå.
Og lauvet vesna og fell på veden,
og hauste-mørtna fell hasti på.
Det gufsa kaldt ifrå gråe skyen,
på Keipen kvitna den første snyen,
og himmelkvelven er bleik og blå.

På alle hagan står folk og hakka,
og grevan grafsa i åkergrus.
Med kromme rygga og krøkte nakka
de står i takingja – mann og mus.
Og no er bruk førr ei ollj me unga.
Velsegna va’ vess vi hadde dunga!
– Då fekk vi potteten snart i hus.

Føst lyt de renden’ så vakkert røsse
og puske arven så vel uta,
og banke røten’ så alt ska løsse,
og legge skallan så pænt i la.
Ein stakkars armeng ska’ nett med nauan
i veste røssinga nyte auan
når heile flokkjen går fram på rad.

Men ha de røska og ryk te’ grevet
og går i stilleng dar de ska stå,
sett karran grevskaftet mella skreve,
mess stakkefolkje sett sétt på skrå.
Og nokker nekka med titte takta;
men anner lang-grev og nøtta makta.
De’r mange måta de hakka på.

Å nå te’ endan er alltid måle;
med det førr aua heng alle i.
Den tort og svie vel ingjen tåle:
– å stå på langness med sengja si.
D’er alltid einn så har løst å prøve
å hakke om deg nå’ hånn får høve,
og kanskje spollere æra di.

Så jamt er potteten pæn pund plantan,
og traust og tett og så god so’ gull.
I herli klaskeng mot stampekantan
hånn helsa på med sett – «brulle-rull.»
Då er det trevli å være takar,
og ingjen harmes om einkvan brakar
og skryt av bengan so’ b’i så full.

Men òg så har vi nok år i minne
då potetåkeren lite bar,
då snautt te’ seden dar va’ å finne
utav den gryna so’ punde var.
Og sånn so’ armoa satt på røten!
Og kor det leita på rygg og føten!
De haustan huse vi nokken kvar.

Den føste dagjen sett ingjen svie,
då kjenne mange seg staut og sterk.
Den anner dagjen te’ middagstide
står alle krokåt av ryggeverk.
Førr medt i korsbeine sett ei kula,
– d’er nett so’ senen og ryggesula
sku’ være gjort utav tørka bjerk.

Men einndå går det med spøk og spaseng,
med akkodereng på kryss og tvers.
Og jamt er førkja med glunt i fjaseng
og får te’ kela og stor kommers.
Så lovva karen ho ska’ få kjenne
kor makta sett, og ho kann seg brenne
på det at no ska’ ho pænt te’ pers.

Men tøtta er ikkje grei å temme,
og dennan her va’ no reint besett.
Kom ho førr kyvstykkjan hardt i klemme,
så hadd’ ho liksnart eit nytt på lett.
Ja, ho kunn’ tigge og felle tåra,
og lovve bereng og fred i måra
nå’ berre nåde kunn’ gå førr rett.

Einn dag de står dar i breidd på renden
og bruka greve og tar på spreng.
Og meir de nærma seg siste enden,
dess kvassar kappes de – taus og dreng.
Og drengjen vinn ette alt å dømme;
men nett so’ snarast hånn lyt å tømme,
kvell’ ho si bøtta i hånnes seng.

Hånn sa hånn skulle henn’ einndå spare
om ho ha tikkje te’ storpotet,
– ja, kanskje lote det heile fare,
– men småpotetes! – ei ommølhet!
Nei bætterde, no laut tøtta toktes,
med harmen bran’ og med sinnet koktes.
Det sku’ ’kje hjelp henn’ kor godt ho gret.

Så rauk hånn i henn’ med beie henden,
– ho fekk ’kje sokk førr seg, stakkars taus,
då ligg ho langanes oppå renden
imella bøtten so’ gjekk i raus.
Og ubønnhørli i heite harmen
hånn nevva småpottet inn i barmen
på farkeførkja førr ho slapp laus.

Om ho b’ei kvitt alt eg ska ’kje seie,
det må no kvar ha si meining om;
men sekkert va’ det ’kje greitt å greie,
– du veit i klean er mange rom.
Det meste fekk ho nok ut av kjoksen;
men rau dar nokke heilt neri boksen,
så laut ho ha det te’ kvelden kom.

Eitt ønskje alle so’ står i hagjen:
at veret laga seg tørt i år.
Velsegna være kvar godversdagjen
so’ fram med sol over grenda går!
Førr då held alle seg tørr på vengan,
– då rulla potteten rein te’ bengan
og held seg vakkert te’ neste vår.

Men skape hausten seg rang og ruskåt,
med mykje vatn og vind av vest,
b’i pottethakkaren våt og puskåt,
– og heile on’a den reine pest.
D’er hardt og hustri å stå på hagjen,
– de banka henden sin’ heile dagjen,
og stakkars ongan de frys no mest.

Og går hånn om og b’i kald med neten,
ligg du med otte førr hagjen dinn.
Det kann b’i bud ette den poteten
du einndå ikkje ha berga inn.
Ein bo’ne kann – vess det solsen klaffa
så snoft på timen b’i farli straffa
nå’ kylla hardhendt tek parten sinn.

Einn søndagsmorra det bar i hagjen
med alle folk du i grenda fann,
og sto dar høgaste helligdagjen
og tok opp pottetes med de vann.
Her kunn’ ’kje bies te’ helg va’ leden,
– det låg jo isslien alle steden.
Nei, latt oss berge so’ berges kann.

Det står at okse so’ fell i bryn’n
ska drages opp ette skreftens grunn.
Det telles slett ikkje med te’ synd’n
om sånt b’i gjort på ei sabbatsstund.
Men kann du oksen berg’ opp av bryn’n,
så må du også kunn’ fylle tyn’n
med same loven ei søndagsstund.

Og tyn’n dem lyt einn bo’ne telle,
men helst i stillheta, uten skroll
om alle sekkan hånn har å selle,
og om kor mykje hånn får i foll.
Einn legnengsmann so’ får sånt å høre,
hånn kann jo klå deg te’ siste øre,
så du må skatte av kvar einn knoll.

Einn vakker dag ryk de siste renden,
og heile hagjen er hakka av.
Med hyssj og hufseng og klapp i henden
de jaga harren te’ slutt utav.
Men er det einkvann so no treng duna,
så gje de sia si hjelp med huna,
førr ei hands hjelp ska’ so granne ha.

Når on’a solleis er vel te’ ende,
– nå’ pottetskallan er kjørt i hes,
er de ferdi, – og folkje kjenne
seg bådde fegjen og vel te’ freds.
No ha de samla i hus og løa,
– no er de glad at den siste grøda
kom inn av markja te’ mikkjelsmess.

Jula 1948.

Forrige kapittelDe sette a’ lande
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelTil Skjombrua