Logo
indregard.no
Mine minne

Blå bris

Andreas i ranværingsbåten Blå bris
Andreas i ranværingsbåten Blå bris

Goddag, min båt, min Blåe Bris,
Goddag, du gamle kjenning!
Eg helsar deg på høvisk vis,
alt til di ære og din pris
i ord og vørleg vending.

Eg hastar ned til stova di,
til naustet nedpå stranda,
der du har stått den vintertid
med stormar herja, sterk og stri,
og mektig mol om landa.

Då sto du her så still i hus,
men visst det lite lika.
Du lydde gjenom bårebrus
til havsens song og vindars sus
og marmen kringom vika.

Men no er dagen alt i gry,
sjå sola ratt er runnen!
Det skjelv og skin på skjer og sky,
og no skal du og eg på ny
på ferd på fiskegrunnen.

Kor flott du flyt, min færing fin,
– du lett for åra startar.
Og slepp vi så frå skoten din
han Johnson til med tvaren sin,
då skal eg sei, vi fartar.

Du fossar fram som elv i flaum,
så skumet velt i stripa.
No våttar korkje vind hell' straum,
det dreg i veg som i ein draum
og susar rift om ripa.

Du stripar sjøen lett som and,
i landet kvikt det lea.
Eg våg og vikar, stø og strand
ser renna framom innved land,
og snart er vi i meda.

Men kjem han så den kåte bris,
vi segel au kan sette,
og gå i baut på gamal vis
for strekte skaut, min Blåe Bris,
og stå opp land med lette.

Ei von det er i kvar ein vår
at veret lett seg lagar,
så du og eg på nytt i år
på fjorden fine ferder får
med sol og sæle dagar.

Forrige kapittelTil Skjombrua
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelRo på havet