Logo
indregard.no
Mine minne

Som vaksen etter bæra

Virek på slutten av krigen, truleg 1944
Virek på slutten av krigen, truleg 1944

Eg kan seie meg samd i det som eg ofte høyrer gamle folk seie: Det ein opplevde i barneåra og i den første ungdomstida, det sit best i minnet. Små og lite merkelege hendingar frå den tida hugsar ein heilt klårt, medan større opplevingar frå ei langt seinare tid kan vere avbleikte og kanskje heilt glidd ut av minne.

Dette har truleg ymse årsaker. I barndoms- og ungdomstida har ein endå berre opplevd etter måten lite. Det nye som då kjem til, vil gjere dess større verknad i sinnet. Ein har endå ikkje så mykje å minnast. Det nye tilskotet kjem på romsleg stad, kunne ein seie, – og det tek seg god plass. Det blir ikkje trengd undan av mange andre førestellingar. Det får jamt lenger tid til å feste seg, enn mykje av det ein seinare får inn. Ein kunne tenkje på ein mann som gjekk laus å slå pålar ned i jorda ein stad. Det går lettast med dei første pålane. Dei går snart i djupna. Men etter kvart det kjem fleire til, lyt han slå hardare om dei skal nå same djupna som dei første. Jorda blir etter kvart hardare pakka og yter meir motstand. Dei pålane som er der før, blir til slutt ei beinveges hindring for at nye kan få feste. Vidare går det vel føre seg ei slag gruppering i medviete vårt av dei ymse inntrykk vi tek imot. Førstegongs-opplevinga får ein ny, ledig plass i medvitet, det blir gøymd i ei tom skuff, som somme seier. Neste gong ein kjem ut for same hendinga – eller noko som liknar på den første – blir det putta i same skuffa, og såleis vidare utigjennom livet. Men etiketten på skuffa er den første hendinga som ein fullt medveten plasserte der. Ho blir liksom namnet på den skuffa. Og den som har mange slike skuffer, ser oftare over namna når han dreg ut skuffene og tek fram att det som er i dei.

Når eg no tenkjer på dette med bærplukkinga, så veit eg det at eg heldt fram med det i alle år utover. Til denne tid trur eg knapt det har gått eit einaste år utan eg har vore og plukka bær nokre dagar. Og sjølvsagt minnest eg mange ting frå dei seinare åra. Men ein skilnad er der. Med Brattåstjønna har eg jamt vore, men eg kan i dag ikkje minnast nokon annan gong så klårt som då Adolf og Einar, Torleif og eg var der den første gongen, då eg fann 5 1/2 liter bær. Den gongen står som etikett på skuffa med minne om bærplukkinga ved Brattåstjønna.


Eg lika som sagt godt å plukke bær. Arbeidet i seg sjølv er vel ikkje så tillokkande. Ein lyt gå og krøke seg mest heile tida. Men andre ting spelar inn. Det er spaning med det. Kor skal eg gå i dag? Kor kan det vere best? Kor har andre vore før, og kva plassar har dei ikkje hugsa på?

Når du legg i veg, er det alltid eit ope spørsmål om du vil finne i spanna di eller ikkje. Det er fullt ut eit sidestykke til fisking. Eit sjansespel. Du kan tøve deg bort, eller du gjer det godt. Somme får mest alltid fisk når dei dreg på sjøen. Andre kjem like ofte fri på land. Slik i bærskogen òg. Det er dei som aldri er i stand til å finne bær. Om dei så går og vassar i bær heile vegen, kjem dei heim med lite i koppen. Dei seier det er ikkje bær nokon stad. Ein annan går gjennom same marka til same tid og kjem att med «full fangst». Det må vere eit slag givnad som må til. Ein kunne kalle det «bærplukkar­vet». I fiskarpraten heiter det lukka, fiskelukka. Det motsette er fiskesverta. Det skal finnast dei som er så fri for fiskelukka at dei svertar sjøen for kameratane òg. Det er dei aller verste.

Det spørst om ikkje ordet vet likevel er det rette, det som høver oftast til den røynlege årsaka- Det skal ein god monn vet til både fisking og bærsanking. Her ein ikkje den rette innsikta i desse sakene, går det oftast skitt. Ein må smi si eiga lukke, – elles lyt ein vere så heppen at ein slompar borti ho. Og det hender ikkje så ofte.

Ein bør sjølvsagt vere kjend i marka. Det er eit viktig vilkår. Dermed har ein ein stor føremonn. Ein treng ikkje fare og leite etter myrane eller bærstadene. Virek-marka er forresten ei merkeleg mark i så måte. Der er så stor skifting: åsar og dalar, myrar og joter, moar og rabbar til alle leier. Det finst ikkje vide, einsarta vidder nokon stad. Over alt er landet sterkt kupert. Ein har få stader vid utsyn over marka ikring. Eg minnest Asbjørn Eidissen. Han fortalde korleis dette hadde seg: Då Vårherre hadde skapt alt det andre, hadde han ein del haugar, dalar og knausar att i ei bøtte, og det slengde han utover Virek-marka. Såleis skal no det ha seg.

Ei slik mark er ikkje lett å bli heilt kjend i. Det tek tid å fare gjennom alle dalane og jotene. Eg trur mest ein må vere oppvaksen der for å vere heilt kjend. I allfall må ein ha farta mykje om i skogen om ein skal kunne ha den fulle oversyna. Endå kan der vere mykje att. Der er nokså vide strok som ikkje eg har fullt kjennskap til. Det gjeld helst marka på begge sidene av Storelva, nedanfrå og oppover mot Hammarvatnet. Der har eg farta lite. Om eg skulle gå der på bærsanking, laut eg leite meg fram til myrane og bærstadene. Og det er ikkje gjort på ein dag.


Men den som forstår seg på bærmarka, ser snart på terrenget om det kan løne seg å leite etter bær. Til dømes moltebærmarka, – ho har sin serskilde svip oftast. Likeins der det er tyttebær. Blåbæra kan det vere noko verre med. Vantar ein evna til på fråstand å sjå og døme om terrenget, er det verre. Og om ein attåt dette ikkje er kjend i marka, er ein heilt i villreide og kjem til kort.

Heime er terrenget så oppdelt og skiftande at eg aldri kan greie å fange det heile inn i alle detaljar. Tanken går seg bort i det nettverket av høgder og smådalar der er. Når eg går på bærtur, gjer eg meg mest alltid på førehand opp ei meining om kva stader eg vil fare over. På «plankartet» mitt står nok namna på mange detaljar i marka. Men rundt omkring dei ligg alle småstadene til alle leier. Dei kjem til på vegen, – stig fram i minnet etter kvart eg dreg fram. Dette «småspelet» omkring og til sides for den planlagde ruta er interessant. Det blir oftast det viktigaste. Det som gjer mest av seg når alt kjem til saman. Eg har funne ut at det løner seg. Og det må vel kome av at mange andre ikkje bryr seg om «småspelet». Har dei fare over ei myr, gjev dei seg ikkje om små-myrane omkring, men set kosen beinveges til neste staden som står «oppført» på «plankartet». Er dei tidleg ute kan det gå bra,- seinare slår denne «taktikken» feil. Men «småspelet» fører ofte til at planen for turen blir brigda. Eg kjem jamt der eg ikkje hadde tenkt å fare. Om eg hadde tenkt meg i Kvitbergfjellet og Hamaren, kan eg likså godt hamne i Holtvika eller på Løberget. Det kjem alt an på «småspelet.» Ein kan føre det så langt utover at det ikkje løner seg å kome tilbake til den planlagde ruta. Etter kvart eg fer fram, kjem eg på andre småplassar i nærleiken der det pla vere bær. Det kan vere ei lita myr, ein liten bakke eller ei jot, – til og med berre eit par tuver kanskje. Dei må eg framom. No minnest eg etter kvart kvar minste detalj, kvar liten sjanse; så må eg nytte dei ut. Og såleis heile dagen. Det kan sjå ut som ein berre fer og sviv på måfå. Men det er «taktikk», og løner seg ofte.

Bærsankinga heime er altså spanande. Attåt dette kjem så det gilde i å ferdast ute i marka, i den frie naturen. I villmarka rår stilla og fred. Det er gildt å vere åleine i skog og fjell. På bærturane skyr eg selskap. Eg kan ikkje fordra å gå saman med andre. Blir eg var andre i marka, stikk eg av så sant det er råd. Med ein gong. Går ikkje det, tykkjer eg at eg har råka borti uheppa. For det første seier det seg sjølv at ein finn mindre bær om ein er fleire i lag. Det ein råkar på, blir jo delt mellom dei som plukkar. Men eg trur det er viktigare for meg at stilla i naturen blir broten. Åleine – er sinnet meir ope til å ta imot alle inntrykka frå naturen. Då får ein den største opplevinga. Ein godversdag åleine i skogen eller fjellet er herleg. Eg har opplevd mange, mange slike dagar. Det er sidestykke til alle «skjønne» sommarnetter på havet. For ikkje mange år sidan var eg ein dag ovafor Helligdagsvatnet etter moltebæra. Det var solskin, lett bris og godt og varmt. Eg var attmed ei lita tjønn. Myr og tuver omkring. Senegras ut i vasskanten og innover. Kvit myrull, lyng i brunt og raudt og grønt. Berghamrar her og der, stein med mose og lav rundt ikring. Fjellbjørk og vidjer, krokut og vindvridd, men levande og frisk. Eg låg på mosen attmed tjønna og såg alt, kjende freden, langt frå folk og farveg. Stilla i alt fjellet, berre skvalpet av småbåra mot strandkanten, og senegraset som vogga seg i brisen. Alt var smått og einfeldt, men fagert og fullkome til minste detalj. Stunda gjorde inntrykk. Ein varande verknad av venleik og fred. Det var i krigstida, – eg minnest at eg tenkte på krigen medan eg låg der, og kom til denne slutninga: Alt som Vårherre har skapt og sett i stand, er vakkert og harmonisk, kvart på si vis. Er det noko som eg stygt eller galt, så er det noko menneska har klussa med eller sett i verk. – Medan alle heimsens land og statar ligg i krig med kavarandre på liv og død, og lagar til ulukke og elegdom av alle slag for menneske, medan millionane kvar dag lyt ottast og gremjast over kva det skal bli til mat i den næraste framtida, så livet kan hange i, – står bjørka og senegrast og myrulla og lyngen omkring denne vesle tjønna og voggar og leikar seg i sommarbrisen, «uberørt» av alt det fule som «herren» mellom skapningar strir med og øydelegg seg på.


Det er gildt å kome til ein stad der bæra står mogen og urørt. Det gjev ein underleg, god kjensle. Ikkje berre den ting – at ein får det til å monne godt i koppen. Det er berre ei side ved saka. På slike stader får ein straks kjensla av freden i naturen. Folk har ikkje fare over her og snøydd og trakka ned. Her har livet i naturen ikkje blitt skipla på nokon måta. Her ser eg resultatet av still, fredeleg vokster. Ingen stader er det stillare enn på ei slik bærmyr. Ja, slik virkar det på meg. Eg har merka det så mange gonger. Skrål og skravl her måtte virke som banning i kjerka på lag. Det kan høyrast tøyset ut, men slik er det. Same anten staden ligg langt frå folk eller nær bygd og allfarveg.

Forrige kapittelDå far hadde kongedesserten i busserullen og overskjortearmane
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelI Virek-marka