indregard.no
Mine minne

I Virek-marka

Martin, Gjertine – med eit nybakt brød – samman med m.a. Andreas (nr. 2 f.h.) og Elisabeth (på huk framfor Gjertine). Biletet er frå 30-talet.
Martin, Gjertine – med eit nybakt brød – samman med m.a. Andreas (nr. 2 f.h.) og Elisabeth (på huk framfor Gjertine). Biletet er frå 30-talet.

Eg har vandra over myrane, gjennom dalane og jotene, i tette skogen og over dei snaue rabbane og viddene. På dei høgste haugane og hamrane har eg stoppa og sett meg omkring. Eg har sotte på høgste Brattåskollen og ete nista mi. Der er det vid utsyn til alle leier. Heile bygda ligg open der nede, og breie fjorden milelang utetter og innover. Fjella på nordsida er noko av eit sersyn, berre dei. Og bakom deg den djupe Krådalen, som mest ikkje er til å augne botn i. Det er ikkje så beinveges å kome seg over der.

Vi trudde forresten frå først av at det var heilt uråd å kome seg tvert over Krådalen. Det blei likevel snart til at vi prøvde, og over kom vi. Men utan fåre er det ikkje. På nersida er det stupande bratt. Og nede i botnen ligg eit virvar av store steinblokker. Om sommaren veks det storblom og anna høgt gras der nede. Somme stader lyt ein kjenne seg føre med føtene om ein ikkje skal stumpe nedi kluftene. Ein einaste gong har eg gått etter botnen av dalen frå Brattåstjønna til Kråbakksletta. Men det var på vinteren. Då ligg det oftast fullt av snø nede i dalen, så ein kjem tolleg lett fram. Elva som renn der, Åa, merkar ein ikkje noko til når det ber noko opp i dalen. Det må kome av at ho renn så djupt nede mellom storurane. Elles er det vel å seie om Krådalen at det er den staden i heile Virek-marka der folk minst vankar. Der er lite framkjømd, og bær finst der ikkje. Det er mørkt og trist der. Krøttera likar seg visst lite der og er der heller sjeldan. Men reven har visst ofte hi og tilhald i Krådalen.


Kvart strok i marka har sitt sermerkte drag, som skaper si eiga stemning. – I Kråfjellet sto bjørkeskogen gamal og svær. Der såg ein mest ingen ting anna enn dei gamle, krøkte bjørkene. Ein stad hadde ei stor bjørk brotna av to-tre meter oppe, og toppenden hadde falle tvert over vegen så det blei som ein overbygd port. Eg minnest serskilt denne porten frå første gongen eg var med far til fjells etter senegras. Det var så rart dette, at ein gjekk gjennom denne porten.

I ein bakke var det raud, fin sand i vegen. Straks ovafor var ei stor forra hogd tvert av ein meter frå rota. Attmed låg resten av treet. Far hadde si meining om korleis dette hadde seg. Han meinte det ein gong hadde vore nokon der og tatt seg emne til fembøringsausekar, brod-auskjer dei kalla. Dei hadde då berre tatt så stor bete som trongs, og late resten liggje att. – No ser Kråfjellet heilt annarleis ut. Den gamle skogen er borte. Berre småkratt står att, og ope så ein ser over alt. Marka ser herja ut; men det er lettare å finne kyrne der enn før.


Ved Durmålsberget var det òg gamal, grov bjørkeskog med store vindfelte tre omkring. Under berget ei grøn slette på skrå nedover. I barneåra var vi ikkje trygge ved Durmålsberget. Jonetta Olsdotter fortalte ein gong at ho hadde sett underjordiske der, -ein blå mann, – og dette satt i oss. Eg veit ikkje om ho fortalde det for å skræme oss. Namnet – Durmålsberget – kjem nok av ordet dugurd. Tydinga elles kan det vere tvil om. Det kan vere eit solmerke, – der sola sto om frukosttid. Det kan høve med retninga frå Virek. Men ein kan også tenkje seg at det har samanhang med gjætarlivet. Gjætaren var kanskje komen dit opp på den tid av dagen, – eller han pla ete dugurdsmaten sin ved Durmålsberget. Dette kan ha vore det vanlege; men ein serskilt gong kan vel òg ha sett namnet på berget.

Midnattsol over Indregard, rundt 1930.
Midnattsol over Indregard, rundt 1930.

Helligdagsvatnet har sin serskilte svip når eg i tankane driv fram gjennom marka heime. Det ligg mystikk i sjølv namnet. Kva det tyder er ikkje godt å seie noko visst om. Det er ymse teoriar om det. Somme har sagt at ungdomen i gamle dagar skulle ha vore der og runne på skeiser om helgedagane. Andre meiner at dette namnet er kome av gjætinga: at gjætarane pla halde seg der omkring om sundagane. Dette høyrest ikkje så verst ut. Ein kan godt tru namnet såleis er kome opp. Men her òg kan ein einskild gong ligge til grunn. Eg har høyrt snakk om at namnet kanskje kan ha sitt opphav i gudstrua – religionen. Men eg kan ikkje seie noko nærare om dette, om det skulle vere å føre attende til gudsdyrkinga i heidensk tid – eller knyter seg til kristentida. – Kva den rette tydinga er, veit ingen noko visst om. Mystikken er der straks ein rører med namnet.

Ikkje mindre merkeleg er dei forteljingane om Helligdagsvatnet som er ålment kjende mellom folk på Virek. I mi barndomstid tala folk ofte om det, og vi høyrde på med den største undring. – Ingen hadde lodda djupna i vatnet. Somme visste å fortelje at det var botn-laust. Det måtte vel vere så, for i same Helligdagsvatnet heldt eit mystisk uvette til. Det var trollet i Helligdagsvatnet. Trollet var så stort at vatnet av den grunn helst laut vere botnlaust. Det var mange som hadde sett det. Rones i Holtvika, Benoni og Edvard Ravn, til dømes. Rones fortalde at det synte seg ein gong han gjætte der oppe medan han var smågut. Det kom opp som ein fembøringsstamn på lag, sa han. Det laga svære bårer og skum på vatnet. Han og kameraten blei då redde og sprang ned det snøggaste dei vann.

Karen Jonsdotter hadde òg sett dette skræmslet i Helligdagsvatnet. Ho sa det var «Fauskemora», mora til all frosken. Ho sa at «fauskemora» var rund og på storleik som ein joll.

Første gongen eg såg dette vatnet, minnest eg endå. Eg var med far til fjells etter senegras. Då vi kom over bakken og fekk glimt av vatnet, tenkte eg at det måtte vere Skjomen vi var komne til. Det gjorde sterkt inntrykk på meg.

Forma på vatnet er utom det vanlege og gjorde sitt til å auke mystikken. Det heitte seg at ein ingen stad kunne få full oversyn over vatnet. Slik er det i røynda òg. Det er uråd å sjå inn gjennom alle bukter samstundes, same kor ein står attmed vatnet. Alltid er der ein sving ein ikkje kan sjå.

På nersida av vatnet skulle det vere ei merkeleg berghole, og der nedi hadde ein same tilhald i gamle dagar. – Vi gjekk dit og leita. Og hola fann vi, – under ein hallar attmed Hamvikelva. Under hallaren låg nokre gamle bordstykke med merke etter trenaglar, nett som på båtbord. Det var restane av ein gamal kjerris, – reinslede altså. Folk sa det var Johan-Påvel sin, ein bror av Karen Jonsdotter. Attmed var ei open steinur beint ned. Vi prøvde å kaste stein ned igjennom holet, men kunne ikkje få greie på djupna. Og ned torde ingen gå, endå der var plass nok til å klive ned. Truleg er der ei hole nedi der mellom storsteinane og berget. Det kan ikkje vere utruleg at samen har lege der nede og kurt når det var uver. Johan Eidissen fortalde at det var Jo-Larsa, far til Karen Jonsdotter, som hadde lagt etter seg ein gamal pulk i hola. Han hadde rein og heldt seg i stroka der oppe. Johan hadde vore nede i hola. Ho var nokså vid, med klufter til fleire sider, men botnlaust var der sjølvsagt ikkje.

No er bordbetane borte. Anten må nokon ha tatt dei, eller dei er heilt oppetne av «tidens tann».

Berre segna er att. Kor lenge ho skal leve, veit ingen.

Forrige kapittelSom vaksen etter bæra
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelEtter krøttera