indregard.no
Mine minne

Då far hadde kongedesserten i busserullen og overskjortearmane

Et moltebær. Foto: kahvikisu på Flickr. Lisens: Creative Commons Attribution 2.0. URL: https://www.flickr.com/photos/karviainen/193862919
Et moltebær. Foto: kahvikisu på Flickr. Lisens: Creative Commons Attribution 2.0. URL: https://www.flickr.com/photos/karviainen/193862919

Ein sommar hadde vi Margerete Flygel, dotter til Nils Nilsa på Lendenes1 til taus. Så ein dag skulle far og ho gå og leite moltebær. Ute på trappa blei dei ståande og spekulere kor dei skulle leggje vegen. Det var seint på tida og mest utplukka alle stader. Far visste ikkje, men sa at no fekk dei berre ta til å gå, skjebna fekk rå. – Det bar inn og oppover alle haugar og myrar. Men over alt var myrane vel avplukka. Dette såg svært dårleg ut. Det var sers ille, for far hadde vore i byen, og då hadde Kristian Mosling bede han skaffe bær til kongemiddagen som skulle vere på Grand. Kongen var nemleg ventande til Narvik, og det var Mosling som sto for tilstellinga på Grand Hotell. Han lova sers god pris dersom far kunne skaffe bær. Far hadde lova å gjere sitt beste.


Men no såg det altså vonlaust ut. Dei var komne på fjellhøgda ovafor Jo-Pålsaheimen og hadde mest ingen ting i bær-koppane. Her blei dei no samde om å skiljast og ta kvar si lei. Margrete gjekk mot Hamaren og far heldt fram innover.


Dei hadde just skild lag, då kom far over noko bær og tok til å plukke. Men så ville han sjå etter kor mykje det var han hadde for seg. Han gjekk framover mot bakkekanten der det tar til å halle ned med Skjærvika. Og no såg han at denne myra han hadde byrja på heldt fram nedover, og over alt sto tett i tett med fin, mogen moltebær. Her var det berre om å få tak i hjelp. Han sprang oppover og soga etter Margrete. Ho høyrde det og kom straks attende. Så gjekk dei i gang å plukke. I ein fart var bærspanna full, men endå såg det ut til å vere like raudt av bær på myra. Far kledde av seg busserullen. Han tok mykje. Dei plukka i både armane og bolen, men endå var der mengda med bær att. No måtte overskjorta av, og dei plukka i henne óg. Berre så mykje det var råd å få i. Margrete sitt tørkle laut visst óg til før det var ende på bærmyra. Med alt dette skulle dei gå den lange vegen heim. Dei skar staurar og laga til børtre, men far sa dei var fælt avkjava i armane då dei nådde stua heime.

Så var det å gå i gang med bærreinskinga, for bæra skulle leverast i byen dagen etter.

Andre dagen var det storaustavind. Det tok tid med å kome seg av landet, og seint var det å slite seg framover oddane til Røsåsen. Dei blei ei god tid seinare enn vanleg. Dette var same dagen som Kongen skulle vere i byen, og eg trur det var så at bæra måtte vere på plass til kl. 8. – Då far kom så langt opp som til kjøpmann Jarl i gate 1, møtte han onkel Kristian. Han var på nedtur, og bar eit tomt anker (kagge) under armen. Far spurde straks kor han hadde vore og seld bæra. Jau då, han hadde vore på Grand, og der hadde dei kjøpt all bæra hans. Prisen var sers god. Eg trur han hadde fått 80 øra literen. «Då eg høyrde det, blei eg slien,» sa far. «No hadde nok ikkje eg ærend på Grand, når Kristian hadde vore der og seld. Og andre stader var sjølvsagt prisen mykje lågare.» –

Men far kom til det at han berre fekk gå til Grand og gjere som han ikkje visste om noko anna. Han gjekk inn på kjøkenet på Grand og sa frå at her kom moltebæra til kongemiddagen. Men det blei ikkje tatt for god fisk. Ho som stod for styren der, sa at dei hadde kjøpt bær og at dei ikkje skulle ha meir. Far meinte på at det ikkje blei hans sak, Mosling hadde tinga bæra og gjeve han ordre om å bære ho på Grand. Men kvinnfolket, som hadde det svært annsamt, blei flygande sint og meinte på at ho ikkje ville ta imot noko bær. Far strauk då i veg dit Kristian Mosling budde. Han sto just og drog flagget opp. Far helsa og sa at no var han komen med bæra til kongemiddagen. Det var fin-fint, meinte Mosling på, han måtte berre vere så gild å bringe bæra på Grand. Far sa frå at han hadde vore der, men at tenarskapen berre var «arg og besett» og nekta å ta imot. Dette var noko tøv, sa Mosling. «Gå du på Grand og hels frå meg at dei berre har å lystre ordre, elles skal dei få med meg å gjere.» Då far kom attende til hotellet med denne tidenda, blei ikkje veret lettare der. Men dei turde ikkje nekte å ta bæra. Ei tenestegjenta blei send med ned i kjellaren til å måle og tøme bæra. Men her hadde dei ingen ting å tøme i, og kvinnfolket skjente og brukte seg på Mosling som laga til alt dette bråket. Til slutt var ho i veg og fann i ei gamal korg, av det slaget som ein brukte til å ha ull i. Der oppi blei bæra tømd. «Men safta berre flaut utover kjellargolvet,» fortalde far.

Då han no på dette viset fekk tømd bærkoppane sine, tykte far det kunne vere nok denne dagen. Sidan då han kom til byen, gjekk han til Mosling og fekk oppgjer. Og prisen var det inga pruting på, han fekk det same som onkel Kristian hadde fått. Kr. Mosling fekk no å vite korleis bæra blei mottatt og handsama. Ja, han var nok samd om at ullkorga ikkje var den beste koppen å ha bæra i. Men alt hadde gått bra, – bæra hadde vore delikatesse på middagsbordet, og Håkon hadde ete av ho og tykt sers godt om det han fekk. At far hadde bore bæra heim i busserullen og overskjortarmane, veit eg ikkje om Håkon Rex endå har fått greie på. Og no har han jo ete opp mykje mat sidan den tid -.


  1. Lengenes
Forrige kapittelMeire om livet heime i barneåra
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelSom vaksen etter bæra