Logo
indregard.no
Mine minne

Småglunten leitar

Eg minnest ein småglunt som lydde og leita
langt inni skogen ein seinsommar-kveld.
Kunne kje finne kor buskapen beita,
her i det breiføre bølgjande fjell.

Høgaste høgdene kleiv han og klende,
– sto oppå toppar i spaning og såg,
kvesste sitt øyra, og vidare rende
inn over mosegrå hamar og håg.

Hallar han dagen som vester i drøymer
sola si bort bakom fjellband i rad.
Skogane fyllest med skuggar som gøymer
dalar og delder i bumarka av.

Berrføtt om blautmyrar småglunten pilar,
snøggar i snuen di lenger det lid.
Langs etter lynghei og grasli han ilar
fram mot den innarste dalen det bid.

Bumarka der inni Blomhola ender,
– slett ikkje klauva av ku er å sjå,
ikkje ein klang av den bjølla han kjenner
ber gjenom soget av susande å.

Vonbrotern stoggar han, vesal og rådvill,
veit ikkje att eller fram med si ferd,
– står atti avmarka, nedfor og nå-still,
no som det mørknar og natta er nær.

Brått gjer han vending og ilar attende
snøgg som ein elding den vegen han kom.
Då synst han høyre det klårt med han renne’
klangen av bjølla, – no kling ho bakom.

Strtaks står han steinstill på stigen og bier,
dreg ikkje pusten dess meir med han ly’.
Blodet i brennheite, brusande rier
susar i øyra som storm over sky.

Aldri ein lyden så lenge han stansa’,
endå så sterkt som det let då han sprang,
– bjøllen’ til Blidros og Kronborg og Kransa,
dei som han kjende så grundig på klang.

Nei, som han heilt kom i vande og ville,
småglunten her på den veglause hei!
Ottast han tussar og anna slags ille
no lysta lure han reint ut av lei.

Fram og attende han fer der og fomlar,
fjellmarka all ifrå håg og til håg.
Alt er til fåfengs, og heimatt han stomlar,
sårføtt og utmødd og lite så fjåg.

Visst hadde vakse folk også med rette
kome i beit med å finne sitt fe.
Småglunten trøystar seg noko i dette,
der han i kveldsmørkna nærmar seg ned.

Endå så er det kje fritt for han skjemmest,
– slik kome heimatt frå fånyttig ferd.
Kanskje eit urlite granne han gremmest
over si lyst på dei lokkande bær.

Sist får han høyre frå fjøsen det snørtar,
– skimtar at kyrne står båsa på rad,
mjølka og kveldstelt dei kvilande ørtar,
– og gjett om den glunten blir hoppande glad!

Forrige kapittelEit mirakkel. Nordlandssodd
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelDen gamle hesten