indregard.no
Mine minne

Eit mirakkel. Nordlandssodd

Her ein dagen var eg rett så ille ute,
– og var nærpå banka opp av femti mann.
Og så brått det kom, ja som du kveikte krutet,
endå aldri at eg erta dei det grand.
Dei var over meg som kvefsar og som kleggen,
– såg det blinka båd’ i klinge og i kniv.
Ha kje eg i hast fått ryggen opp mot veggen,
skulle aldri meir i meg der spunne liv.

Denne svermen var kje sveinar frå Vårherre,
eller gudslys av dei største om du vil.
Eg trur snarar det er sanninga dessverre,
at dei englar høyrde hinmannen til.
Der var lassisar og lugg og lasaronar,
det var fyllefant og prylertar og pakk,
og dei skråla meir enn hundre megafonar,
så eit under var at øyra ikkje sprakk.

Av det koblet sto eg kverrsett og kringa,
– ringa inne nett som laksen i ei not.
Eg blei overmanna, tviheldt og tvinga,
så eg knappast kunne røre på ein fot.
Mine naudarskrik som braut meg for bringa,
bleikna bort under lyneld og larm.
I ei verd som i villskap seg svinga,
låg eg avmektig, einsam og arm.

Dette hende just den dagen då ho Grete
hadde koka meg så makelaust eit sodd,
og av soddet eg så makelaust ha ete
og no fredfull bort i draumar hadde nådd.
Det var då eg det som minst hadde venta
å gå inn i min seinaste strid,
ja, så brått og brutalt å bli henta
ut or verda og over i hi.

At eg berga meg var meir enn eit mirakkel
eg lyt takke for så lenge eg har liv.
Og min frelsar ifrå terror og spetakkel
var ho Grete-Mor, mitt elskelege viv.
Som ein engel steig ho fram i siste stunda,
då i vande eg såg alle vegar stengt,
og ho ruska i meg blidleg der eg blunda
og sa: «Petter-manne, kaffen han står skjenkt».

Forrige kapittelHan Amund i forra
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelSmåglunten leitar