indregard.no
Mine minne

Den gamle hesten

Eg veit ein ven,
så sterk og traust og trugen,
– som kvar eindag
var utan svikt og svik.
Når dagsens kav
dreg skuggar inn i hugen,
kjem han så jamt
på reik og gjer meg rik.

Eg minst ein ven,
hans auga var så ærleg,
og blikket hans
så heilt til grunnen godt.
Det stråla stendig
mot meg like kjærleg,
med brune blenk
igjenom blink av blått.

Du tente tru
hos oss i tretti somrar,
og ga di kraft
til gagn på denne gard.
Eg går 181 deg enn,
og høyrer glad du humrar,
– du folen vår –
så gullan god du var.

Du klaga ei
om kneikande var mange,
der fram til gards
du dreiv dei tusen lass.
Og plog og harv
i onne-økter lange
– dei drog du fram
– og fylte vel din plass.

Her heng det att
– ditt selety så slite.
Sjå ring og reim
er merkt av tøy og togn.
Så her kan kvar
og ein med vissa vite,
kor tyngd av stein
ho ofte var di vogn.

No har du stridt
ifrå deg siste stunda,
og nått den hamn
som du har vel fortent.
Så må du beita
der, min ven, og blunda
på grøne grunn,
– der alt er vigd og vent.

Forrige kapittelSmåglunten leitar
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelRegla