indregard.no
Mine minne

Skjomvinden. Kuling

Skjomen strekk seg sør-sørøst frå Ofotfjorden.
Skjomen strekk seg sør-sørøst frå Ofotfjorden.

Ein dag så vaknar vinden
og tuslar inn på tun,
– kjem gufsand’ ned frå tinden
og frå den bratte brun.
Han ter seg veik og vålaus
og tam i første tak,
– så vinglande og rådlaus
han rek framom i mak.

Men kjenn, – no kjem han friskar
i ny og sterkar start.
Som blåsar han seg briskar
og får opp større fart.
No let han lydt i lufta,
– han har seg mæle fått,
no tyt han over tufta
og kringom garden godt.

Så sprek han belgen spenner
til kvasse renn og ros.
På lokk og lem han kjenner
om alt er vel i lås.
For finst så sant eit stengje,
– ei fjøl som ei er fast,
så veit du han vil flengje
ho frå i neste kast.

Sjå skogen all han skakar
og skjelv til ytste tein.
Det susar, knest og knakar
i kvister og i grein.
Det riv og slit og ruskar,
det rykkjer hardt i rot,
der trea hiv og huskar
og rundar rygg imot.

Og ratt or fjærestranda
renn fjorden ut i rokk,
som ris mot himmelranda
med føyke og med fokk.
Det bårar fram i byer
av brenning og av brim,
og høgda all ho hyer
seg til med hask og him.

Inni dei blåe skuggar
som styre ut frå strand,
fyk ross i ross lik ruggar
i følgje unna land.
Ein ulvehær som hastar
av heiar ned mot hav,
– som hund i vald seg kastar,
og søkk og sig i kav.

Så knakar han i knute,
så tyt han og tek på.
No spørst om alle rute’
og stue her skal stå.
Det smell i loft og lafter,
det stønn i stokkelag.
Med alt frå reim til rafter
han mæler makt i dag.

Forrige kapittelFremmendfolk
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelDu gamle gikt