Logo
indregard.no
Mine minne

Du gamle gikt

Du gamle gikt, som riv og rår
i alle mine bein,
som såleis snart i tretti år
har fylgt meg trutt frå vår til vår,
– du ga meg mange mein.

Eg kunne ein gong frek og fri,
så svint og lett meg snu.
Men stutt blei denne solskins tid,
og grundig herja helsa mi
då du i meg tok bu.

Du står i kne og sting i knuv,
i alt som før ga svikt.
Du gjer min skrott så stiv som stuv
og all mi rørsle til ei gruv,
– du dødsfordømde gikt.

Sjå her mi hand, som før så hag
sitt emne forma ut,
no har ho mist sitt gamle lag,
– ho berre krøkjest dag for dag,
og gagnar kleint sin gut.

Ja foten au, som bar meg titt
til skog og fine fjell,
– han vil kje no, det er så vidt
eg vinn på vegen litt om litt,
og bakken bratt meg fell.

Her renn det fram så mang ei råd
for kranking og for klein.
Men gikta du, for den endå
stend alle bøter i det blå,
– og alle hjul i stein.

Kven er du då, du usle sål,
som drap mi best dygd?
Som skjenkte meg så beisk ei skål
å tøme ut til siste mål,
den dagen du er nøgd?

Ja, mange sa at han er med
som horn har og hov.
Eg tilgjev den som tenkte det,
at gikt som gnog i lem og led
var styggen sjølv på rov.

Men gamle gikt, – du gule glo,
– kom an, så sant du vil.
Min hug er heil, mi von er god,
at du skal nakkast ut enno,
– kom an, – i tretti til.

Forrige kapittelSkjomvinden. Kuling
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelProlog til Nord-Hålogaland sangerlag si stemna i Narvik 1938