indregard.no
Mine minne

Fremmendfolk

Han Nikolai Jonsa han budde i Vik,
der og han var avla og alen
Så visst ingen arming, om enn ikkje rik
han sat nokså stø oppi salen.

Og rett som ei fader på vørdeleg vis
av bok og av bibel han leste.
Kvar sundagen heldt han til skaparens pris
vangilje for seg og sin neste.

Men vetensjuk det var han Nikolai-far,
– han fretta og fiska og spurde.
Borte og heime, ja kor det så var,
han stakk ikkje nasen pun bordet.

Og vogga ein båt over Nikolais våg,
så sto han og fretta på fjæra
og spurde om ærndnan åt alle han såg,
og ka dei bar med seg i ferda.

Men så blei han Nikolai gamal og grå,
– med eitt og anna det vanta.
Men verst var no dette at synet hans då
så småningom skralast og skranta.

Og då var det dei som for fanting og fjas
fann lyst i å lage ein stubbe.
Ja, her kan de høyre for groveleg spas
dei har med den grånande gubbe.

Han Nikolai ser at ein trerorings båt
kjem roande ut attmed landet.
Og straks fer han strekande fjæra nedåt
og plantar seg ytst på ein tangje.

Dei to frami årane snur seg ifrå
idet dei han Jonsa passere.
Den tredje i galskap let buksene gå
og vender sin ende i veret.

Han Nikolai ser og han ser og han ser,
og hand over auga han spenner.
Men alt om han stirrer seg stiv på det her,
så fritt at han karane kjenner.

Då båten var faren, kom Nikolai att
og sessa seg stilt inni stua.
Så sei han med Beret som satt der og batt
på bundingen sin attmed grua.

«Nei, kan du forstå med den båten som for,
– eg skulle då kvar mannen kjenne.
Det laut være fremmene folk der om bord,
og langfara kara kan hende.

Dei to sat og rodde og vende seg bort,
den trie han synte meg fjeset.
Han hadde eit andlet forunderleg stort,
og kjeft der han skulle ha nese.»

Forrige kapittelRegla
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelSkjomvinden. Kuling