Logo
indregard.no
Mine minne

Roen

Ho Anna Perste og Kjersti Moen
dei strauk i klakken ein godversdag.
Der låg dei kjerringen lenge roen,
og treivst så inderleg vel i lag.
Dei egnde snikar og drog og sette,
og sat og neppa og kjende ette.
Ein auår drog dei seg då og då,
– ho Anna store, ho Kjersti små.

Ho Anna Perste sat fremst på tofta,
– ei lita nula, så tunn og tørr.
Ho Kjersti atte, så brei om hofta,
og elles dryg som ei låvedør.
Ho var no rett som eit berg i båten,
og ho var grueleg grov i låten.
Det Perste-kjerringa prata visst,
det let så lite som musepist.

Og lell ho Anna drog dryge galta,
– laut høtte inn inn både to og tre.
Ho Kjersti Moen fekk berre dalta,
– så rart i fesket går til med det.
Der laga Kjersti så blank ei beita,
og nøgje lekraste agnet leita,
– ho egnde sil og ho prøvde sild,
men same nauda var, – dill på dill.

«Det var då hunden til hald du heve,»
sa Kjersti Moen, – var mesta sær,
med Anna Perste heldt på å streve
og ta av sniken ein riktig svær.
«Nei kjær’velsegne deg, Kjersti-bane,
du veit no vel eg har ikkje vane.
At eg dreg større og feitar ur,
er tru meg sant, berre treff og tur.»

Dei kasta ut att og let det søkke,
og valbein-rullan song dorl-i-do.
Så sat dei venta på neste nøkket,
i sol som baka dei brun og god.
Ho Kjersti blidkast og bau på kake,
og Anna Perste fekk og å smake.
Der sat dei fegne på fjorden fri,
– med hav og himmel i harmoni.

Ja, berre hugnad her var å høre
på Anna Perste og Kjersti no.
Snart drog dei kvast att på kvar sitt snøre,
så blid og blåøygde begge to.
Ho Anna kort-totta, titt i draget,
– ho Kjersti langfemnd men sein i laget,
så trass i utakten var det likt
dei vann opp snikane like kvikt.

Men same saka og same songen,
ho Anna Perste ho fiska stort,
– laut fram med kleppen for fjerde gongen,
– hos Kjersti dingla ein medels mort.
Ein dag for Stor-Kjersti heilt fortjona,
no svann som dogga den siste vona.
Det var som juksa var gjort med gand,
som svidd og busta og sett i bann.

No var det Kjersti fekk vondt i blodet,
– ho var så kyndig til litt av kvart.
Å gje seg her berre med det gode
det blei for henne i dag for hardt.
Om endå Kjersti ha vor’ åleina,
men bli til spott og til spe og kleina
for Anna Perste, det rusk og rø,
– eit usselt inkje, – nei bætter dø.

Så gjorde Kjersti så rar ein rune,
– ho skuva tørkledet ned og fram,
og slo så krossteikn for kne og krune,
og sat i oppsjuna stiv og stram.
Ho strauk på agnet med strekte hender,
og tala trolldom med stengde tenner.
med ord frå bibel og svartebok
ho heiv i havet den egnde krok.

Då bruket nett var i ferd å botna,
ho spytta tre gonger imot vest,
og brått står snora der teit og trotna
og strekt og stram så ho nærpå brest.
Var likt til dette laut vere kveita,
så hardt på snøret som her det leita.
Men få den knetta no vel om bord,
– den sak var lettare sagt enn gjord.

For no slo trollskapen til med tyngde,
– Vårherre veit kor det var med alt.
Ei skrei så skremsleg or havet yngde
og opp i villskap mot yta valt.
Det var som havsbotnen ut seg vrengde
og all sin styggleik ifrå seg slengde.
Ja, orm og ufisk av alle slag
var leita saman til dette lag.

Her skaut opp haiar med lange lansar,
piratar skremeleg nok å sjå,
og kringom båten med stygge svansar
dreiv store skater med skurv oppå.
Og digre bubler braut opp or kavet,
der la seg lynne og låg på havet,
det saug og susa som brann i bål,
og lufta lukta av lut og svål.

Og kveita diger i djupet gira
i store krinsar og gjorde kast.
Ho Kjersti drog, men laut belom fira
og la gå ut, så kje lina brast.
I havet herja det vilt og verre.
Men Kjersti Mo sat endå som herre.
Men fremst i båten så grå som lav
ho Anna Perste låg dåna av.

Då steig or vøa som velt i vågen
eit tangkledd hovud, så svart som Hel,
og no veit Kjersti at også drågen
har slått seg med i det stygge spel.
Den karen lyt sjølv ho Kjersti vøre,
– ho grip til kniven og kappar snøret,
så hiv ho stålet så hardt ho kan,
og ryk til åran og ror i land.

Forrige kapittelRo på havet
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelHan Amund i forra