Logo
indregard.no
Mine minne

Ro på havet

Stille på Skjomen, her frå før brua blei bygd.
Stille på Skjomen, her frå før brua blei bygd.

Går kvinnfolka laus med tua,
og lagar hundhus av heile stua,
eg gje deg ei råd, min arme trave:
Ro på havet!

Blir kvinnfolka sint og forbaska,
og seie du skjetna der dei har vaska,
– lat ikkje slekt deg røre!
Læst so’ du ikkje høre!
Då dei fekk kjeften te’ gave,
då fekk du havet.

Og skal dei no såleis ein vakker dag
ha huset te’ kvinneforeningslag,
– då er du vel ille faren!
Du går der og ser kor dei fylle garden.
Aleina mann – imot heile skaren!
Gå til ditt naust,
sett ut og kast laust!
Ta med deg juksogn og klave,
og ro langt ned på havet!

Just for deg blei havet tel!
Dar han du spøtte så langt du vel!
Snusen nyte og røyken blåse
te’ alle kanta, så fri som ein måse.
Skråa di tygge, – med sausen save!
Du er friboren mann på havet!

Og er du ein dagen bett fri for penge,
– kreditten stoppa på alt du trenge,
fall ikkje strakst i stave!
Ro på havet!
Om lasset dett halvt ligg i veita:
Sett at du ber i ei kveita!
Blås i skylda du har på bua,
og skattepantet dei tok i kua!
Den dagen du venta at no kjem kravet:
Ro på havet!

Einaste plassen dar du er trygg,
det er på opne fjorden.
Dar kan du rette din arme rygg,
og vefte fritt med sporen.
Ja, vefte te’ skylda og flire åt gjedden,
trivest og tøy’ån te’ seine kvelden,
ligge så hard som eit jarn
på fjorden te’ trollan e’ faren!

Forrige kapittelBlå bris
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelRoen