indregard.no
Mine minne

Han Amund i forra

Ja, det var han Amund i Forra,
– ein liten og likeleg mann,
han skulle på havet ein morra
og dra seg ei koking på land.

Og slik var han Amund i Forra:
– han tok ikkje livet sitt trist,
men starta kvar einaste morra
sin dag som ein stor optimist.

Jau, visst var det mangting å gjere
for han som var mann og far,
og meinte seg dertil å vere
som mauren så driftig ein kar.

Men no var det at ho Tale,
hans flinke og ferme fru,
den dagen tok til å male
om alt som ho mangla nu.

At klompan var flatsleten fjøle,
med ivleran reven laus,
– i fjøsen og grisebølet
var allting på rav og raus.

Bøtten var uten hanka,
børtreet uten band,
ein fjøskrakk med lause skanka,
– og ingen ting rett i stand.

Ja, såleis på lag ho sytte
og bar seg rett ille då,
til dess no han Amund glytte
bortpå ho – og tala så:

Så sant er det alt du seie,
mi matmor så gulla god.
Han Amund skal allting greie
tek du det litt med ro.

Men først lyt eg snar so elden
hente oss fesk i land,
og endå eg skal før kvelden
ha alle ting sett i stand.

Og slik blei det stilt i stua
på all denna jammers song.
Han Amund fekk Tale på trua,
som føråt så mangein gong.

Og så sto han då på farten,
med matbomma si i hand,
og byrg var han då i barten,
den andsame Amund-mann.

Men båten han sto her sprukken
med reve i bord og band,
og litt var han makkestukken
og tært utav tidsens tann.

No laut han reven tette
og dekte med stry og si.
Og så helt han på med dette
til fram imot middagstid.

Men rett hadd’ han båten reide,
og slutteleg stillt den sut.
Og no var visst alt til veie
og så kunn’ han sette ut.

Men sjøen var fallen unda,
og fjæra låg tung og treg.
Han Amund hadde kje lunna,
så her kom han ingen veg.

Jaja, han laut berre bie
og ta det ei stund med ro,
så flaut han nok av med tida
når sjøen gjekk opp i flo.

Då sett’ han seg ned med tina
ho Tale ha ferda ut,
og fann av den gode flinad
ei trøst i si nye sut.

Men alt som han åt seg mette,
og magen blei ruv og rund,
så tykte han Amund med rette
ha trong til ein høneblund.

Og snart låg han strekt på tangjet,
med hauet innåt ein stein,
som Jakob i Øysterlandet
og søv medan sola skein.

Om òg han i draumar blide
såg inn i forjetta land
med englar på himmel-sti’e,
veit ingen det minste grand.

Jau, sjøen han kom i fløa,
– no kraup han alt meir oppåt,
og vekte han Amund i støa,
– men då var han gjønavåt.

Han tok seg no snøgt ei klysa,
og rodde og spøtta stort.
I solfallet drog han ei hysa,
så stor som ein medels mort.

sula han opp sitt snøre
og ga seg så glad på ror.
Ho Tale skull’ snart få høre
at han hadde fangst om bord.

Då hysa låg kokt og krulla
seg blodfersk på kvite fat,
han Amund så velnøgd mulla
at her var det sakte mat.

Ho Tale fekk sporen og hov’et
og litt av ei toknegrein,
men sjøl åt han Amund skrovet
og alle dei feite bein.

Til sengs gjekk han Amund i Forra,
og drøymde snart sælt og søtt
om alt han skull’ gjere i morra,
– og alt såg han rosa rødt.

Forrige kapittelRoen
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelEit mirakkel. Nordlandssodd