indregard.no
Mine minne

Mormor og morfar

Mormor og morfar var begge frå Bogen. Mormor kom først til Virek. Ho blei gift med ein mann som heitte Ole Jonsen.Om denne mannen veit eg så og seie ingen ting. Eg veit berre at han fekk ein tragisk død. Han var ein dag i Kråbakken og køyrde ved. Om kvelden kom berre hesten heim, med avbrotne skoklar. Folk for vel då straks til skogs. Under Kråbakken fann dei sleden og lasset. Det låg velta over ein stor stein ved vegen, og under lasset låg Ole død, klemd ihel. Far viste meg denne staden og steinen. Truleg er det morfar eller onkel Johan som har vist han det. Steinen ligg ved første sving i vegen nedanfor sjølve brattbakken, Bukkevegen dei kallar. Her er trongt å køyre fram med lass. Ein lyt køyre på høgre sida av steinen, men der er det litt snedhaldt, så lasset kan ha lett for å gå over. Eg minnest at far alltid gjekk over på høgre sida av sleden når han køyrde der. Kan hende han gjorde det mest for å syne at vi burde vere varsame på slike stader. Det er mange stader i Virek-skogen som er verre å kome over enn denne, og ein kunne vanskeleg tru det skulle kunne hende ei dødsulukke her. Men så er det no. Lita tuve kan velte stort lass, heiter det, og ein kan ta dette ordet reint bokstaveleg i dette høve. Kanskje Ole har hatt eit tungt lass med strangeved. Hesten kan ha vore snar, baksky kanskje. Dersom hesten har tatt svingen med fart, er det heilt naturleg at lasset måtte velte og gå mot steinen. På hardt føre ville dette hende dess snarare. Når så Ole var på nedsida kunne han lett bli for sein med å komme seg undan. Kanskje han i den kritiske augneblinken kunne ha bore fast i lasset så han ikkje kom seg undan. Han kunne ha falle mellom steinen og lasset just med same det velta. Eller andre uhell har kome til i same stunda han skulle ta svingen. Ei ulukke kan jo hende kor trygt det så ser ut.

"Andreas sin morfar, Andreas Hall Hanssen"
"Andreas sin morfar, Andreas Hall Hanssen"

Tre born levde opp etter Ole og mormor. Det var onkel Nils, onkel Hans og tante Øllegård. Om dei hadde fleire veit eg ikkje. Borna var små då faren blei drepen. Nils og Øllegård hadde dårlege augo, var ei tid åt å bli heilt blinde.

Mormor gifte seg så opp – etter nokre år, med morfar. Dei fekk fire born: Onkel Johan, onkel HelmerOlaus og mor. Olaus bleiv i Veggefjorden. Dei hine tre voks opp.

Mormor blei ikkje gamal, 54 år visstnok. Mor var berre fjorten, eller på fjortande året då. Det eg veit om mormor har eg berre frå mor, og det kan ikkje bli så mykje fordi ho døde då mor endå var barn.

Eg har det inntrykket at mormor var ei viljefast, rettvis og god kvinne.

Morfarhar vi mange synlege minne etter endå: stolar og bord, skåp og senger som han har laga. Han var snekkar. Eg trur at han lika best det arbeidet. Mor fortel jamt om at han stod i snekkarstua. Det kom nok god økonomisk framgang av dette. Han dreiv mykje med å lage likkister. Han var hendt, ikkje berre når det galdt trearbeid. Hans

Ravn var på sin kant god smed. Men mor fortel at morfar óg kunne smi. Og han sa at han skulle vore like god smed som grannen, om han hadde slege seg på det arbeidet. Men han meinte han hadde nok å gjere i snekkarstua. Kan hende han meinte det var best at dei to grannane dreiv med kvart sitt handverk. Skomakring dreiv han óg med. Men det var no visst mest istandsetjing, og berre til eigen huslyd.

Morfar var religiøs, og kyrkjeleg interessert. Han var i lang tid medhjelpar i Ankenes-kyrkja. I heimen pla han halde husandakt sundaga­ne. Då måtte alt husfolket vere inne og vere høgtidsame.

Av ymse ting andre har fortalt, kunne ein få den tanke at morfar var noko av ein reddhare – som jamt såg fare og ikkje var stort tess når noko stod på. Kan hende det til ei viss grad var så med han då han blei gamal. Men eg trur slett ikkje det høver på han den tida han var i sin manndom. Av ting mor har fortalt må eg tvert om tru at han var meire tiltaksam, handlekraftig og motig når det røynde på enn dei fleste. Det er såleis visst at det var han dei først tydde til når nokon hadde kome til skade. Ein gong hadde han lappa saman eit brote lem på ein som hadde skadd seg. Han hadde gjort førstehjelp, så godt han forstod det, og skaden og lemstringa var nokså stygg. Så var det å ro til dokteren på Liland med den sjuke. Morfar var med, og han har fortalt om dette til far. Såleis har eg det. Ja, då dei no fekk kome inn til dokteren, gav morfar seg av ute. Men då dokteren hadde sett på skaden og korleis det var stelt med den, spurde dokteren kven som hadde gjort det. Dei andre nemnde det, og sa at mannen var utafor. Dokteren bad dei hente han inn. «Men då var eg redd,» sa morfar. «Då skolv eg i buksen.» Han ottast for at det var noko som var gale. Men då han kom inn, gav dokteren han den største ros for arbeidstykket, meinte på at det var eit retteleg karsverk han hadde gjort. «Då lettna eg,» sa morfar.

Eg trur at vi her har eit døme på kva slag redsle morfar stundom synte. Det var etterpå-otte om at han kanskje ikkje hadde bore seg rett åt og gjort sakene så godt som han burde. Men det slag redsle er ikkje ille. Det syner berre at ein kjenner ansvar og at ein ikkje går med for store tankar om sin eigen dugleik. Då den skadde låg der og trong hjelp på augneblinken, då handla han etter eige skyn. Eg har høyrt fleire døme av liknande slag – om morfar, men minnest ikkje no og kan fortelje dei.

Morfar var glad i å lese. Han var ein sers «opplyst» mann i si tid. Han var den einaste på Virek som heldt blad, fortel mor. Dei hadde «Almuevennen», og det pla morfar ofte lese høgt av. Andre av grannefol­ket kom jamt til morfar for å spørje nytt av blada, og dei som hadde hug fekk låne blad. Han hadde ope syn for verdet i lærdom og kunnskapar, og såg på dette med vørnad og von. Ny lærdom og meire kunnskap såg han på som hjelperåd til framgang i livet. Han trudde på større opplysning. «Ka ska vi då tru på, om vi ikkje skulle tru på opplysninga,» pla han seie, fortel mor. Med det har han i grunnen sagt mykje.

Morfar var óg nytta i det offentlege samfunnslivet. Han hadde visstnok fleire tillitsverv. Ei tid var han lagrettemann og møtte i Bodø. Då han kom heim frå ein slik tur ein gong, hadde han kjøpt ei ny petroleums­lampe. Det var første lampa av det slaget på Virek, fortel mor. Ho var lita då, men minnest at morfar pla tenne lampa kvar sundagskveld. Ungdomen pla halde til ute med Vegskiftet eller Sjursletta sundagskvelda­ne, men når det tok til å skymest, rende ho og onkel Helmer heim, for «no tenner far i lampa,» kom dei på. Det var stas med det gilde lyset av oljelampa.

Morfar var ein gong ute for ulukka på sjøen. Då miste han Olaus, sonen, som berre var 9 år. Dette bar så til: Morfar skulle ferdast til skyldfolket sitt i Bogen. Eg trur det var tre av borna han hadde med seg: Øllegård, Olaus og ein gut til. I Vegge­fjorden, mellom Virek og Forratangen, fekk dei ein kastvind og trilla. Morfar fekk berga seg og to av borna opp på kvelvet. Det fortels at han drog Øllegård opp etter håret. Men vesle Olaus sokk og kom bort. Det skulle vere ein uvanleg snill og emneleg gut, og morfar sørgde han mykje. Men mor fortel at morfar sa det hadde vore endå tyngre å kome heim med sin eigen son og mist nokon av dei som ikkje var hans. Ein kan godt skyne morfar. Kan hende han anklaga seg sjølv for forliset, og difor tykte det hadde vore endå verre om han hadde kasta bort nokon av stedborna. – Det var visst ein mann på Veggefjellet som høyrde naudropet og til slutt kom og berga dei.

Spøk og humor var morfar støtt med til. Han var visst rett makelaus slik. Ikkje minst var det gutungane han hadde fjas og løgje med. Brørne Bartol og Johan og Gerhard Johannesen var mest daglegdagse «gjester» hos morfar. Serleg i snekkarstua. Dei kunne då ha det retteleg morosamt. Ofte plaga dei gamlingen på alle vis, erta seg og gjorde fantstykke, men morfar tok midt på tre med dei. Han likte det berre. Blei det no retteleg gale, kunne det hende han skjente og jaga dei ut. Men blei dei så borte ei tid, byrja kallen snart å prate om at han kunne ikkje forstå kor det blei av gluntan. Då gjekk han og stunda på at dei skulle kome att så det kunne bli skjemt og løgje. Ein gong kom han jagande ut med karane or snekkarstua, sint og raud i toppen. «Dessan kjeltringan, no går det for vidt,» sa han til mor. «Du kan tenkje deg til, at eg visste ikkje av før de stod og pessa i høvelsponen.» Men ikkje vara det lenge før alt var som før att. Dei gjorde spek med han, og han ikkje mindre med ei. Ein gong låg han i senga inne i stua då Bartol og Gerhard kom. Dei ville vite kvifor han låg. Jau, han var så sjuk, let kallen, og no var det berre ei råd: om nokon kunne vilja årelate han. Jaha. Gerhard sa at det skulle det nok bli ei råd med. Men morfar meinte på at såpass til kar var han ikkje. Jau, guten sa at fekk han berre sleppe til, så skulle nok morfar bli årelaten. Og så blei det til det at Gerhard skulle operere. Morfar la fram eine armen, og hin karen bretta opp skjorta og tok til å tromme på skinnet og leite etter blodåra, just slik som han hadde sett morfar gjere når han årelatte andre. Morfar låg med attlatne augo, anka seg og læst vere retteleg sjuk. Best det var, der kjem det ein smell, just slik som klikket av ein snepper. Men då blei det brått slutt på leiken. Morfar rykte til seg armen og spratt opp. Han blei redd og trudde Gerhard verkeleg hadde slått hol på ei blodåre. Guten hadde eit pen­gebok-lås i neven, og det var det han klemde att og skremde morfar med. Etterpå blei det sjølvsagt lått og leven.

Morfar hadde moro med ungane på ymse måtar. Dei minste óg. Stundom pla han spørje dei om dei visste at det låg pengar under steinane ute på marka. Dei fleste ville vel protestere på det. Men morfar bad dei då sjå etter under dei næraste steinane. Han hadde på førehand lagt småmynt under einskilde steinar. Så blei det til at smågutane tok til å snu om steinane. Og rett som det var, der råka dei på rette steinen. Ein kan nok tru at dette måtte skape både moro og spaning for begge partar.

Også med vaksne lika morfar å skjemte. Israel Jakobsen på Balsnes og han skulle være fæle til å lage komedie. Dei var nok av same slaget, desse to. Ein gong Israel var hos morfar, hadde dei visst prata saman om tjuving. Før Israel skulle fare, passa morfar snittet og lura ein del sølvskeier i trøyelomma hans, slik at berre endane så vidt stakk opp. Morfar gjekk med Israel til sjøen og hjelpte han ut med båten. Så baud dei farvel med kvarandre, og Israel steig inn i båten. No lest morfar sjå at Israel hadde noko i lomma og sa: «Du må akte deg så du ikkje misser det du har i trøyelomma der.» Hin karen skulle kjenne etter og fann skeiene. Han sa ikkje noko, men lyrde skeiene oppetter sanden og sette seg til årane.

Postenkom med skip til Fagernes i den tida, og måtte hentast der. Når nokon hadde ærend til Fagernes, var det brukeleg skikk at han tok med seg all posten som skulle same vegen. Ein gong, fortel mor, hadde Israel vore på Fagernes, og hadde tatt posten til Virek. Han kom då til morfar, – kom trampande beint inn i stua der morfar satt med arbeidet sitt, utan å banke på eller helse, heiv posten på bordet, gjorde heilt om og slemra døra etter seg. Det såg ut som han var flygande sint. Morfar gjekk ut i kjøkenet og sa til dei som der var: «Nei såg dokker på ferdene hannes Israel i dag. Det var spetakkel.» Israel var no gått i andre gardar. Sidan på dagen kom han att. Og no oppførte han seg som han ikkje hadde vore inne der i garden før: banka på, steig roleg inn, gjekk og tok morfar i handa og helsa vyrdeleg. Ikkje med eit ord blei det nemnd om den første visitten. – «Ja du Israel, du var mangfoldig!» sa morfar. Men saka var vel at dei var to alen av same stykket i så måte.

Forrige kapittelDei første minne
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelEin gild granne