indregard.no
Mine minne

Dei første minne

Om sommaren i 1909 døde morfar. Då var eg tre og eit halvt år gamal. Men eg kan hugse han, trur eg då. Det er fleire ting eg minnest om han. Eg hugsar at han var hos oss, og trur eg har som ei meining om korleis han såg ut. Staven hans hugsar eg, ein brun stav, med kvitt bein-handtak. Svingen på handta­ket var nesten vinkelrett, – ikkje rundkrok. Eg minnest óg kor beste­far satt i stua, – framføre «penstu»-døra, og staven stod då attmed stolen. Om det var ein einskild gong eller fleire, kan eg ikkje avgjere. Så minnest eg og at han hadde kjælenamn på oss, små­guta­ne. Meg kalla han Tabbis­en, og Torleif Torleif-Pøykjen.

Ein gong hadde eg fått være med Lisbet «uti gården» – til onkel Johan og bestefar. Då vi skulle heim att, gjorde eg meg tverr og ville ikkje gå. Eg fylgde likevel med til vi var kom­ne mellom han Oluf og han Arnt, – bestefar stod på bakstutrappa og såg etter oss. Men så sette eg meg visst heilt på bakbeina, for det minnest eg, at eg såg bestefar kome med ei buske i handa innover vegen. Eg fann det visst klokast å gå godvillig med då, for eg trur eg slapp riset.

Martin Olsen Indregard, far til Andreas
Martin Olsen Indregard, far til Andreas

Så er det berre eitt minne til eg har om morfar. Det er gravferda. Eg minnest at kista stod på ei vogn, og at vi køyrde frå Skjomnes mot Håkvik. Dette hugsar eg heilt klårt. Eg fekk sitje på same vogna som kista var på. Det skulle være fordi eg var kalla opp etter morfar, var det nokon som sa då. Eg satt bakom kista, og der satt Herman Ravn og, det var fordi han hadde vondt i foten. Alle dei andre måtte gå, trur eg. Sjølve gravlegg­jinga kan eg ikkje seie eg hugsar noko om, heller ikkje heimferda. – Eg var altså tre år den gongen, og andre minne frå denne alderen har eg nok ikkje. Seinare fekk eg jo eit heller godt bilete av morfar, men det har eg av mor og far sine fortel­jingar om han.

Ein gong fekk eg være med far til Elvegård. Far skulle kjøpe sedkorn hos Mosling. Vi var inne i stua og satt til bords med Mosling og Petrine. Då tala Mosling om morfar. Han fortalte mellom anna om ein gong han møtte morfar på sjøvegen heime på Virek. Morfar stoppa og sa: «Du Statius, det er ein ting eg vil seie deg: Godt tenkt er halvt gjort.» Med det så gjekk morfar vidare. «Det der beit eg meg merke i, det sette seg fast hos meg,» sa Mosling. «Og sia har eg alltid mintest dei orda av bestefaren din, og eg har støtt sett at det var sant at ein har nytte av å hugse det.»

Slik fortalte Mosling, og sidan har eg ofte mintest dette og etter kvart blitt viss med kor verdfull ei sanning det ligg i dei orda.

Farfar minnest eg óg. Han levde mange år etter at morfar var død. Men eg minnest at han var heime hos oss, og då var ikkje eg store karen. Før den tid var han ein gong hos oss, og då kom han ut for ei ulukke. Han låg på loftet. Ei natt skulle han gå ut. Det var ikkje noko gelender framfor trapp-opninga oppe på gangloftet den gongen. I mørkra gjekk farfar til den gale sida og fall beint ned i gangen. Mor og far vakna, og då dei kom springande til, låg farfar svimeslått i gangen. Han hadde slått seg ålvorleg i hovudet, og låg lenge til sengs. Det var visst lite von om at han skulle bli bra att. Farfar kom seg likevel, men han fekk mein av fallet, – han misste hugsen og var sidan svært gløymsk.

Det stod den tid nokre store oldrer i bakken nedst på Moen. Far dreiv og braut opp åker der då. Farfar var svært virkelysten, laut alltid ha noko å pusle med. Ein sommar minnest eg at han var hos oss. Så hadde han vel spurt far etter arbeid, og far sa då til han at han kunne hogge ned desse oldrene. Ja, det var visst noko han likte – å hogge ved. Han tok øksa og gjekk borti bakken og tok fatt. Ein to-tre busker fall, men så blei det stopp. No var farfar komen i tankar om at det kanskje ikkje var viljen og meininga han skulle hogge ned så mange tre så nær garden. Det var kanskje best han gjekk stad og spurde far – så han var viss. Jau då, alle skulle unda veg, han kunne berre drive seg best han vann. Og kallen gav seg i veg att, småtrallande for seg sjølv, slik han pla gjere. Men han var ikkje før komen i gang, så hadde han gløymt kva far hadde sagt. Og no laut han mest gå og spørje att, så han ikkje hogg vekk meir enn meininga var.

Minnet var skadd ved støyten i hovudet, og han fekk aldri normal hugs meir. Mor fortalte at då han var komen seg opp etter sengelega, ville han ha tobak, men det hadde dokteren sagt han ikkje måtte få. Dette var leitt nok, farfar hadde pipa og var gamal røykjar. Så blei dei samde om å la han få sakene sine – tobak og pipa og fyrty. Men far hadde «ordna» med fyrstikk­øskja, slik at det var uråd å få tent stikkene. Farfar ville no ta seg røyk, men fekk ikkje eld. Han mintest berre dei gamle tennstikkene som ein kunne stryke av mot kleda. Og så dreiv han på på den gamle måten. Prøvde framme på buksa, på armen, og så atte på buksa, men fyr blei det ikkje. At ein måtte stryke mot øskjekanten, det mintest han ikkje. Og så gav kallen seg med det. Men mor fortalte det var rett underleg å sjå på.

Farfar var ein liten mann. Og på sine gamle dagar gjekk han mykje i hop, så eg minnest han som ein svært liten kall. Han var av fatige foreldre, og han og farmor hadde ingen ting til å byrje med. Men så hadde han lukka med seg. Ein not-mann, ein utabygdskar visstnok, var i Skjomen ein haust, og då han skulle fare, blei farfar med på not. Det var berre eit slumphende at han slo lag med bruket, fortels det. Men det blei ein god tur. Det blei svært mykje sild i Eidsfjorden i Vesterålen, og mange notbruk stengde og fekk nøtene fulle. Men så spela det opp med sterk storm som rengde alle nøtene. Berre det bruket farfar var med berga silda og gjorde ein makelaus fangst. Truleg blei prisen óg sers god med det dei var åleine om fangsten etter stormen. Det blei storlott på not-karane, og farfar kom heim med 202 dalar. For dei pengane kjøpte han jord i Skjombotn og blei verande der. Far fortalde om dette. Ein velvyrd mann, eg trur helst det var ein av Moslingane på Fagernes, tala ein gong om det farfar hadde greidd, og sa: «Han Ol Nilsa, det var karen sin det, han for på sildfjord med to tome hender. Der tok han seg lott, så kjøpte han seg jord, og der sit han på livstida.» Det har eg frå far.

Sidan må dei nok ha kome i skuld att, farfar og farmor. Det er no rimeleg óg, så mange munnar dei fekk å mette. Dei hadde 14 born i alt. Onkel Edvard og far som var eldst, laut tidleg ut og tene pengar for å berge heimen. Dei var visst begge til Lofoten før dei var konfirmerte.

Eg minnest farfar som ein liten, men rankbygd mann. Håret hans minnest eg óg. Han miste det ikkje. Det hadde visstnok vore lyst brunt. No var det noko grått, men ikkje heilt kvitt. Eg trur farfar må ha vore ein godsleg og lettlynt kar. Han nynte og tralla jamt når han gjekk, heilt til det siste. Kvar morgon når han kom ut på trappa, tralla han same strofa. Det var noko slikt:

Di-ram-tam-da-di-ra-la-la-la-la,
di-ram-tam-do-di-ra-la-la-la-lo!

Virket hans – då han var gamal – gjekk ut på å sage og hogge ved. Han heldt då til borte med gammel-stua. Saga og hogg medan han småsong. Og så bar han ved inn i kammerset til farmor. Helsa hans hadde vore god alltid. Han var visst aldri til dokter – for sjukdom. Då han laest ned, gjekk det fort. Han låg berre ei stutt tid til sengs før han slokna stilt. Då var han over 80 år gamal. Han er gravlagt på Elvegård.

Farmor Hanna
Farmor Hanna

Farmor var høg og tunn. Ho hadde visst alltid vore av det slag menneske som ikkje legg på kroppen. Far og mest alle søskena hans slekta på henne i så måte, dei blei lange og tunne. Eg minnest farmor godt, frå turane til Sørskjomen. Ho var gamal og noko krøkt i ryggen då, men endå frisk og ledig og verksam. Minnest ho gjekk til fjøset saman med tante Petrine og mjølka ku og geit. Rokk og bunding hadde ho alltid inne og verka med. Og om haustane var ho i bærmarka og sanka bær. Når vi kom, for ho straks til med kaffikjelen. Så fekk vi flinad av det beste ho hadde. Heimsmør og geitost og kaker sette ho fram. Eg trur ho hadde vore svært arbeidsam. Ho hadde jo sjølv hatt fjorten barn. Og så hadde ho lote verke mykje som jordmor, både før og etter at det kom lærte jordmødrer. Det var nok ikkje få born ho hadde tatt imot på denne måten. Heime på Virek var ho ikkje etter at eg fekk hugs. Men det var ho som tok imot Olga, søster, i 1903.

Farmor levde nokre år over farfar. Ho flutte då inn i det andre kammerset på Solvang. Der budde ho dei siste åra. Ho tok så smått til å skrante, fekk ein lei hoste som heldt seg. Pusten blei etterkvart tyngre, ho var hæs i røysta. Eg trur det var gamal­manns-tæring som tok henne. Den seinaste tida låg ho til sengs, og hadde visst bra mykje vondt. Eg minnest vi var der inne og såg til henne ikkje så lenge før ho slokna. Då var ho så skral at eg tenkte ho skulle dø om natta. Men ho levde enno ei stund. Så var det slutt. Eg trur det var i 1923, eller 24 kanskje. Vi var med motorbåten og førde ho til Elvegård, der kviler ho óg.

Stua til farfar og farmor, gammelstua, dei kalla, minnest eg. Ho var fælt lita. Der var ei sval, med gruva, og så var det sjølve stua. Det var så lågt under taket at ein laut stå krokut. At så mange store søner og døtrer kunne vekse opp der, det er vant å skyne. Men slik var det no. Far var tre alner høg, og dei andre sønene var ikkje stort lægre, dei fleste. Gammel­stua blei riven for mange år sidan. Det var ille, etter mitt syn. Ho burde vore halden i stand slik ho stod, den vesle heimen, der så mange store, sterke karar voks opp. Men no er det altså for seint.

Av dei 14 borna døde seks i barneåra. Onkel Olavar tvillingbarn. Det andre, ei gjente, døde visstnok straks. Ein av dei som døde heitte Hans. Han levde visst til han var i konfirma­sjonsalderen. Far fortalde om han, at han kunne ein god monn russisk. Han hadde hug til å lese, og hadde fått fatt i ei lærebok i russisk. Dei hine som døde, veit eg ikkje namna på.

Far for tidleg heimanav. Var han tjuge år då, var det nok høgda. Sidan hadde han sin heim og sitt tilhald på Frostisen, – pu'n Isen, som dei sa. Korleis dette bar til og kom i stand, veit eg ikkje så visst. Det blei vel så altfor mange heime, det var nok det far såg. Smått og trongt, og onkel Edvard sette tidleg bu. Han var eldst og hadde krav på garden. Men heimen var då i stor skuld til Moslingane på Fagernes. Pengane onkel Edvard og far tente på Lofoten og Finnmarka laut gå den vegen. Desse to gutane tok straks til med å få reist ny og større stue, den som no står på garden. Far fortalde at dei la like mykje kvar den gongen. Men far drog altså ut, korså.

Så blei far på Frostisen hos Mens Pedersen heilt til han gifta seg, – det var mellom jul og nyår 1899. Kor lenge han var der, veit eg ikkje, men det var mange år. Frostisen var den tida ein heller storgard å rekne, den største i Skjomen i alle fall. Mens Pedersen var ein svært drivande kar. Ein forstandig og rettvis mann var han óg, etter det eg er fortalt. Far fortalde mykje om «han Mens», og av alt ihop gjekk det fram at far sette han svært høgt. Ja, eg har den trua at far hadde først og fremst Mens til bilete på ein dugande og gjæv mann. Han hadde i det heile berre godt å seie når praten var om han «Mens pu'n Isen». Eg er heilt viss om at eg ikkje ein einaste gong høyrde eit einaste ord av han om denne mannen som ikkje var Mens til ros. Han må ha gjort stort inntrykk på far, og far mintest han med ærefrykt og age, – og eg trur i djup takksemd.

Mens dreiv garden framifrå, og der var orden og godt stell på alle vis. Huslyden var stor der óg, men aldri skorta det på levemåten likevel. Fjøset var fullt av krøter støtt. 14-15 naut på båsen år om anna. Og dertil ein stor flokk geiter og bortimot 20 smaler. Det var ikkje lite fór som skulle til, men Olderskogen var vid, sa far, og gamlingen nytta vel ut jorda, både heime og i skogen. Vélt ville han fare over alt, slurv tolde han ikkje. Når karane hadde slege ei stund og ljåane tok til å bli ukvasse, tok han Mens seg ein tur bakover og såg etter. Tykte han så at marka ikkje var så velsnøydd som rett var, sa han: «Nei, glunta, no mein eg det blir lø', – no trur eg vi må slipe.» Truleg var det her far vande og lærte seg til å slå så meisterleg godt. Korn dyrka dei óg mykje av på Frostisen. Det kom folk frå andre stader i Skjomen og fekk sedkorn. Mens hadde alltid på lager. Far fortalde at Mens var svært vørdsleg med kornet. Kornet var det fornemste av alt det garden gav, – det var gudsgåva, som ein aldri kunne akte for høgt. Mens hadde serskilde buer for kornet. Der hadde han det i bingar, – lagra det helst i fleire år. Så blei det sakte godt mjøl til slutt.

Far var óg svært nøgje på kornet. Det måtte ikkje liggje eit aks att på åkeren etter skjærarane. Turk og trøsking var han nøgje med. Eg hugsar vi pla ha to tunningar på kornet, – den første var etter trøskinga. Då måtte ein ha det to gonger gjennom maskina. Så drøfta vi, og skulle no være ferdig. Men far tykte ikkje det var bra nok endå. Han breidde ut eit storbåt-segl på la-golvet, og så sende vi kornet på nytt gjennom trøske­maskina. Eg kan godt minnest at det var retteleg pent korn vi fekk i sekkane. Jau, Mens hadde nok vore ein god læremeister for far på mange måtar, det skynar eg. Det var nok difor far sette han så høgt.

Mens var også rein-eigar. Han åtte ikkje så rett lite rein ei tid. Det var «sverjes-lappane» som passa denne reinen, og var gjerne nede i Sørskjomen kvar sommar. Det var vel så at dei fekk mjøl og andre varer hos Mens, og så fekk han til motlegg så og så mange reinkalvar. Når så desse fekk kalvar att, auka flokken. Men kontroll med dette kunne ein jo ikkje føre. Det gjekk no allvisst til atters då det lei på, så til slutt hadde ikkje Mens greie på reinen sin meir. Det var nok ikkje liten vinst med å eige rein slik. Mens fekk reinkjøtt og reinskinn. Og så reinost. Han skulle være rett god. Far fortalde at dei brukte han i kaffien, og Mens hadde også reinost med seg og selde i Lofoten om vintrane. Kor mykje denne reineigedomen hadde å seie for økonomien på Frostisen, har eg inga vissa for, men truleg har det vore ein god monn i dette hophavet med samane så lenge dei var å lite på.

Mens var fiskar óg. Ein av dei driftigaste i heile Ofoten. Han var høvedsmann, og hadde båtar og garnbruk. To fembørin­gar hadde han. Den eine til fiskarbåt, den andre var reksterbåt. Dette var nok det som far tykte størst hugnad og monn i. Det var på sjøen, på fiske og føring, far først og fremst hadde si lyst. På sjøen var det óg han synte den største dugleik. Her trur eg han hamla opp med kven som helst. Truleg hadde far lært mykje av Mens på sjøen, – for han nemnde han med vyrdnad på dette omkvervet óg.

Om far straks blei Mens sin første mann i fiskarbåten veit eg ikkje, men dei siste åra var det i alle fall så. Den namnspurde uversdagen for Borgvær i 1893 var Mens sjølv høvedsmann. Men både far og andre har fortald at gamlingen den dagen ikkje leit heilt på seg sjølv, og så bad han far ta volen. Far forklarte dette slik, at Mens blei så slegen av sjøspruten og kovet i augo at han ikkje såg klårt. Frå denne tid må då far med vissa ha vore den av mannskapet Mens leit mest på. Mens var ikkje høvedsmann etter det året. Far tok over romet. Om Mens la heilt opp frå same tid, veit eg ikkje. Han blei sidan heilt blind. Far var då ein tur med han til Trondheim, til augnelækjar. Men det var visst inga von. Han fekk ikkje syn meir. Far fortalde frå den turen, men eg minnest ikkje detaljar. Det sat berre att som ein skugge av tungsemd over far når han tala om dette. Truleg var han like vonbroten som Mens sjølv.

Forrige kapittelFøreord
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelMormor og morfar