indregard.no
Mine minne

Ein gild granne

Hans Ravn, Gammel-Hans Ravn vi kallar, var næraste grannen til morfar. Han var ein kjempekar, sterk som ein bjørn og ein dugleg og driftig mann. Han var ein av dei få frå Ofoten som dreiv Yttersida. Andre nyårsdagen måtte ein kome seg i veg, så sant det var råd. Hans Ravn var ein grei kar når berre alt gjekk greidt og godt etter hans vilje. Men kom det noko i vegen, var han ikkje lys å ha å gjere med. Då sette han straks hardt mot hardt, same kor uvetig det så var. Han var snarsint, men ikkje langsint. Vannvetet gjekk snart over.

"Hans Ravn"
"Hans Ravn"

Han hadde ein gamal dreng som heitte Henrik. – Gammel-Henrik. Han var vel ikkje serleg påakta, men Henrik var på si vis ein gamal og tru tenar der i garden. Han køyrde og hogg ved, køyrde vatn, og pusla med eitt og anna. Men han kunne vere eigen òg somme tider.

Ein gong kom Henrik ille uti det. Dette bar slik til. Hans Ravn hadde to hestar – det var vanleg der i garden – og den eine var ein sers vakker og gild hest. Så ein dag hadde Henrik tatt hesten og køyrd i skogen etter ved, – utan at Hans Ravn hadde bede han køyre. Henrik var gamal på garden, såg sjølv arbeidet. Denne dagen bar det så ille til at hesten trødde ned i ei klipe og braut foten. Det var ikkje anna råd enn å slakte den fine hesten, og Henrik var nedfor av harme og heilt forkommen over dette. Hans Ravn var rasande. Henrik gjekk til sengs og låg heile dagen. Då det leid på kvelden og hesten var slakta, kom Hans Ravn inn. No spurde han etter Henrik. Oline – kona hans – sa at han låg. Då gjekk Hans Ravn i loftstrappa og ropa opp: «Åja, Henrik-ban, kom no berre ned og få deg lite mat.»

Mor har fortald ei anna historie om Henrik. Det var ein sommar i slåttonna. Det stod mykje turkhøy ute både hos morfar og hos Hans

Ravn. Men hestane var på skogen. No blei Henrik og mor sendt av stad etter hestane. Mor var ikkje vaksen endå. Henrik hadde beksla til begge Hans Ravn-hestane med seg. Det var straks over frukosttid dei gav seg i veg. Dei gjekk over elva og kom på Mølnmoen. Her ville Henrik kvile, og dei sette seg. Om litt ville mor gå vidare. Men Henrik blei trøytt i solsteiken og la seg attmed ein eine. Det tok no så smått på å skye over, så ein kunne vente regn. Mor purra på Henrik at dei måtte skunde seg. Men då blei han sint og ville ikkje vite noko av at «skittungan» skulle kommandere vakse folk. No drog han pusseronken over hovudet og la seg vél til. Då gjekk mor vidare åleine.

Langt ovafor Stormyra fann ho hestane. Der var Hans Ravn sine òg. Mor tok no hesten deira og ga seg på heimveg. I det uvegsame lendet måtte ho leie hesten, og kom om sider ned i Ytter-Sildvika. Sidan rei ho. Det var fjæra sjø, så ho for beinvegen over leira frå Kuberget til Vegskiftet. Henrik hadde ho ikkje sett meire til. Det truga no stygt med regn, så ho måtte skunde på.

Då ho kom framom Hans Ravn-garden, stod gamlingen sjølv ute og venta. Han ville ha greie på kor Henrik var og kor hestane var. Mor torde ikkje fortelje Hans det som sant var. Ho sa kor hestane var, og at ho hadde mist Henrik, hadde soga og soga då ho fann hestane, men hadde korkje høyrt eller sett noko til Henrik. Hans Ravn klådde seg i skallen og var utav det. Men straks for han til sjåen med tollekniven og skar seg eit stykke tau til grimer, og så sette han i full fart til skogs. Det varde heller ikkje lang stunda, så kom han tilbake med begge hestane, og så bar det til å køyre høy. Drengen var framleis vekke.

Då mor kom heim, fortalde ho det som sant var, og morfar meinte ho hadde gjort rett med ikkje å seie kor Henrik var og det han tok seg til. Først då dei gjekk til sommarfjøset om kvelden, såg dei Henrik kom heim. Korleis han då blei mottatt, kjenner eg ikkje til.

Hans Ravn var glad i born. Mor fortalde at han pla gje henne brunsukker som sukkerty. Han var ein svært arbeidsam og driftig kar. I garden hans var det alltid god orden på alle ting. Slurv og vanflinad tolde han ikkje. Ute i Virekelva hadde han mølnebruk og sagbruk. Saga var oppgangssag. Bladet var svært, så han kunne sage dei største stokkane. Ein gong saga han av seg fleire fingrar. Men han gjekk ikkje heim straks for det, – tulla berre fille om, og heldt fram med arbeidet.

Ein gong gjorde han noko som ingen annan hadde gjort. Det var andre nyårsdagen, og Hans Ravn var som vanleg ferdig å fare til Lofoten, – til Yttersida. Dei hadde sett begge fembøringane ned i fjæra og heldt på å skipe inn tyet. Men så spela han opp med austavind, så det ville bli uråd å kome av landet ved Skjæret. Kva skulle ein så gjere? Hans Ravn var ikkje rådlaus. Han ga ordre til å køyre tyet til Lundneset. Så kommanderte han alle kvinnfolka til hjelp. Dei spente hestane for båtane og køyrde dei til Lundneset, den eine etter den andre. Der skipa dei inn på nytt, og med same floa kom båtane seg laus og nytta austavinden ut fjorden. Det må ha gått kvikt for seg den dagen.

Men han skulle være eit uvet når det ikkje gjekk etter hans hug. På Lofoten hadde han ei tid med seg ein kar som heitte Karl Jensen. Karl var dreng hos Hans Ravn, og var visstnok i slekt med husbonden. Det var ein sterk kar. Ein gong dei var på lofotvegen var det storm. Karl stod til rors. Så kom dei til ein stad der det låg eit skjær, og det var det uråd å greie å gå til lovart for. Dei måtte halde av for ikkje å gå på land. Men dette var ikkje etter Hans Ravn si meining. Han ville ikkje høyre om at dei skulle halde av. I sinne sprang han då til og ville ta volen frå Karl. Men Karl forsto korleis det då ville gå og slepte ikkje. Så stod dei to karane der og braut på volen – kvar sin veg, medan dei sopa framom skjæret. Karl var ung og sterkast, så han rådde gongen. Straks dei var komme framom, slepte Karl og let Hans Ravn ha styret, og så gjekk han i huset og tok det med ro. Han var vel litt arg, han óg. Dette var på vegen til Lofoten. Mannskapet var difor delt på begge båtane, så det var berre tre mann på kvar. No blei dei berre to om seglinga. Og båten tok inn sjø, så det måtte ausast òg. Ei stund laut så Hans Ravn stå med volen i eine handa og det store bord-ausskjæret i den andre og drive på. Karl heldt seg berre i huset og læst ikkje bry seg om nokon ting. Då ei tid var gått, og Karl ikkje sågst, puffa Hans Ravn opp husdøra og sa: «Karl-ban, kom no du og styr, så skal eg ause.» No var alt godt att.

Forrige kapittelMormor og morfar
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelEi amerikaferd