indregard.no
Mine minne

Lukkestriden

Så gav du deg til å strida
og sparde ’kje krafta di,
du aldri med arbeidet bia,
men brukte så vel kvar tid.

Du streva og vona og venta
og vyrdsla alt det du vann.
Men støtt når du løn vilde henta,
du utakk og mistru fann.

Så gjorde du atter lovnad
om hugheil å standa i strid,
og aldri kvila ell' sovna
før saka du hadde på glid.

Du nytta all kjærleik du åtte,
i arbeid for andre å gle,
og pløgde og planta og sådde
det beste du hadde av fræ.

Så venta med von du grøda
og gleda for såre slit;
men løna for alt du laut bløda
var vonbrot og armod og split.

Av venene fyrst fór den eine
og sidan kvarv òg den hin,
og så stod du mo åleine
og stirde i natta inn.

Du snudde og såg deg attende
der fram du i strid ha' gått.
Men alt som til lys du vende,
det gråna no grått i grått.

Då kjende du vona rakna,
og draumane bleikna av;
for møda og sorg og saknad
var takka for alt du gav.

Men nett du var åt å siga
for krase lagnad i kav,
då byrja det atter stiga
ein ljoske av blankare hav.

Du gådde at lukkevegen
just gjennom saknad går,
og når ikkje fram før fegen
ved enden av livet du står.

Du takka for alt du fekk lida,
for alt du fekk smaka av sorg.
Med alt som du her laut lida,
du bygde di lukke-borg.

Tromsø. 8.oktober 1932

Forrige kapittelMen dine arme små –
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelHaustnatt