indregard.no
Mine minne

Jollvatnet

Strålande påskever med Andreas på Jollvatnet
Strålande påskever med Andreas på Jollvatnet

Eg veit meg så vakker ein sjø inni fjell,
du Jollvatn blankt under blånande tjeld,
– ei helsing eg sender med gleda.
Ditt blinkande auga, din vinkande våg
skin venar enn alt eg i fjellheimen såg,
– eit kvad til din pris vil eg kveda.

Eit eventyrsyn er å stå ved di strand
og sjå seg ikring i det lokkande land
som bjart i din sølvspegel blinka.
Der blånar i berg og der brenn det i bre,
i dirrande sol med det spegla seg ned
og vent uti fjellvatnet vinka.

Den stigen du stemner mot Jollvatnet slik,
han fylgjer dei strendene vik etter vik,
til auster og botnen det bera.
Der løynd bakom bakkar i lognaste ro
den raudmåla bua stend gamal og god,
og helsar deg, – velkomen vera.

Om endå så nær innåt avsnøydde fjell,
stend lauvrike bjørka i liane lell,
og eineren krullar sin kage.
Du jamvel ser rogntrea spegle si prakt,
når hausten sin let over landet har lagt,
– det skin som i herremanns hage.

Og kjem han den friskande solfine bris,
og driv over vatnet på underleg vis,
i dans med dei duppande bylgjer,
då blenkjer det til i den spegelen brått,
då leikar der lyn og det blinkar i blått,
og skjelv som i ti-tusen syljer.

I sør stend den langleitte åsen til livd,
så skogen i lia mun vekse med trivd,
og rank sine renningar tøye.
Der ligge det i løynd mellom bjørker eit berg,
der-inni bur det så trøysam ein dverg,
som svarar deg stendig så løye.

Men gildaste guten til Jollvatnet du,
han har i det våte sitt blenkjande bu,
– den fykande, fjellfine auren.
På flog etter fluge i sprett og i sprell
han slår sine ringar ved dag og ved kveld
så arlande idig som mauren.

Den auren han tenkjer visst ofte med seg:
«Dei skal kje den kroken få lura i meg,
– eg veit no så vel meg å vare.»
Men gustar ein gråe på Jollvatnet litt,
då hildrast nok synet for friskussen titt,
– og snart stend han fast i si snare.

Ja, slik bar det til når eg brått hadde flaks
og slo borti aurar så lubne som laks,
så bambusen bråttom seg bende.
Då venta meg spas og eit spanande spel,
eit likande liv når eg landa dei vel,
og leiken fekk lukkeleg ende.

Nei, fekk eg så sant berre fylgje mi trå,
eg gjekk meg visst jamt opp-til Jollvatnet då
til deg, du mitt fridomens rike.
Der tinglar ei bjølle, og fjellvåken sviv,
der arlar ein aure, der syng det i siv
ein song som eg lenge skal like.

Forrige kapittelFjellvegen
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelFjelltrappa