Logo
indregard.no
Mine minne

Fjellvegen

Andreas fiskar ørret i Klubbvatnet.
Andreas fiskar ørret i Klubbvatnet.

Fjellveg som leitar deg fár gjennom lendet
attover høgder til hamar og hei,
deg eg frå ungdagar reika og rende
og lika deg meire di lenger det lei,
– tung var du ofte og trøytta meg vel,
men endå eg fylgde deg fegen og sæl.

Først gjennom skogen i krok og i krossar
krøkjer du inn kringom bjørker og or.
Sian om delder og dalar å krossa,
fram gjennom bumarka følgjer ditt spor,
– moar og myrar med sildrande å,
– inn imot fjellheimen fager og blå.

Her stend ei furu som lynelden flengde,
toppen og greinene alle heng ned.
Der ligg ei steinblokk som frostkilar sprengde
lenge før nordmenn i landet var med.
Fonnisen ein gongen femnde det inn,
– meisla og mol over fjellvegen min.

Halvveges Helligdagsvatn seg vidar,
speglande høgder om fjellheimen av.
Her ved ein gråstein eg bisnande biar,
kviler med børa og kastar min stav.
Frisk kjem meg fjellbrisen strykande mot
– svalar mi panne og styrkjer min fot.

Berga ligg berre der vidar det bera
bakkane opp mot ei høgare brun.
Her løfter Hammaren staseleg herda
høgt over steinstrådde, tussegrå tun.
Straks kan eg fram imot Klubbane sjå,
– kjennast med fjellrømda retteleg då.

Vinster om fjellvegen Erikviktuva
løfter av heia sin steingråe hatt.
Der bortom sjølvaste Skjomtinden ruva
røssleg mot himmelen, hoggande bratt,
– Dronninga sveipt i sitt skinande sjal,
sovande sælt i sin opphøgde sal.

Så skal eg fjellvegen vidare fare
fram gjennom Porten i villmarka mi.
Fjellvåken høgt over vidde og varde
møter på vaktflog om fjellverda si,
– stryk over kvelven med klagande skrik,
stuper i åtak, men vender og vik.

Ned i nordaust ser eg fjorden å svinne
bort under blånande fjellband i rad.
No berre Dørstokken – så skal eg finne
hytta med Jollvatnet, Heia mi, – ja.
Der skal til kvelden eg kveikje min eld
– kvile i syn av dei solklåre fjell.

Å, som eg lengtar deg fjellveg å fare,
atter og atter som dagane lid,
– stryke mot høgdene, sterk som ein are,
løfta på veng over fjellverda vid.
Gå deg i solbrann mot brennande bre,
fram i den susande, fjellstille fred.

Forrige kapittelHelligdagsvatn
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelJollvatnet