indregard.no
Mine minne

Fjelltrappa

Ei stille stund i hytta ved Jollvatnet, cirka 1960.
Ei stille stund i hytta ved Jollvatnet, cirka 1960.

Det driv så dårven ein dag om heier,
ein dag så storveges sett i stand,
så logn og luftblå i alle leier
og unders sollys til ytste rand.
Han skin ikring her eg sit og kviler
på øvste benk i den bratte bru,
og er kje nett som han omframt smiler
til storetrappa ved Jollvassbu.

Her steikjer sola dei gråe steinar,
– dei gamle hellene varm og god.
Ho sender trutt sine stråleteinar
og auser ut av si overflod.
Så trappa du, som låg kald og klaka
innunder skavlar i tjukke lag,
no ter ho solgod og berr og baka,
og lever med i den lyse dag.

Det spinn og speglar på spente strenger,
det sviv og svingar i kverv og krans,
for her er kleggen på lette venger
med fly og fluge i lystig dans.
No har dei trappa til stort teater,
dei spelar klassisk og pop og jass.
Men stygge kleggen er støtt ein tater,
som sting og stikk på orkesterplass.

Så kjem dei og desse dimme dagar
då alt på vidde og hei er vått,
då vinden tuslar ikring og klagar
og fyller fjella med skoddegrått.
Då dreg om trappa i kverv og kransar,
i skoddekrullar ei tusserei.
Ja, her kjem stortrolla til med svansar,
og gamle vette frå ville hei.

Ho femner heilt dette gråe fylgje,
men rørast ikkje i all si ro.
Og einast brisen og vagg av bylgje
er alt som læt ikring trappa no.
Det er som berast ho bort i ferda,
med ukjend siglar mot øyde hav.
Der søkk ho nore og ned i verda,
og sig i einsemd og inkje av.

Ein dag er sommaren gådd til grunne,
den siste ljosken av sola sløkt,
og natta ned over alt har runne,
og alle salar i senn er sløkt.
Då ris i rømda den milde måne
og stig med nattlyset stille inn.
Han breier ut or den høge blåne
i blanke strålar sitt bleike lin.

Som no han vinn over rip og reinar,
og varast stortrappa på sin veg,
då slår han sølv på dei gamle steinar,
på trappehellene steg for steg.
Han stoggar stundvis og går og tenkjer,
– blir ny til synes og meire nær,
og heile natta han berre blenkjer
for gråsteinsbrua i berget her.

Eg tok ei kvild der til ymse tider
når vidda laugast i sommarsol.
Eg sto ved trappa i uversrier
med stormen mektig i fjellet mol.
Men tittast endå i mine tankar
eg kjem på nytt att og stig ho nær,
og det er visst at når slik eg vankar,
eg finn ein fristad i sola der.

Forrige kapittelJollvatnet
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelKniven hans Bjørn-Lars