indregard.no
Mine minne

Føreord

Eg har ofte og lenge tenkt på å gjere ein freistnad med å skrive ned ymse ting som eg enno minnest frå mi barndomstid og seinare. Eg tenkjer då først på slikt eg sjølv har opplevt og vore med på. Dinest ting og tilburdar som i same tida har hendt andre av dei menneska eg har levd saman med til denne tid. Vidare har eg tenkt å ta med eit og anna som andre har fortalt meg.

Når eg no går i gang med ei slik nedskriving, så vil eg straks ha sagt at desse stykka, denne boka, om eg kan bruke det ordet, er skriven berre for meg sjølv. Ho er ikkje tiltenkt nokon annan person. Saka er nemleg den at eg slett ikkje trur eller meiner at boka kan bli til noko nemnande verde for andre. Dei opplevingane og hendingane som eg har å skrive om er visst så kvardagslege og lite merkelege som det er råd. Så sjeldsynte ting har ikkje eg vore ute for, eg meir enn ein kvar annan som er vaksen opp i desse grendene. Eg innbiller meg heller ikkje at eg skulle vere før til å lage ei slik bok som det skulle vere litterær verdi i. Likevel trur eg ikkje det berre skulle vere skrivekløe som får meg til å prøve. Eit og anna har eg til ymse tider før skrive ned, på lause papir for det meste, og no har eg lagt merke til det, at når eg ein hende gong slumpar til å finne att ein slik gamal papirlapp, då er det oftast så at noko av det som står der alt lenge har vore ute or minnet. Eg har kort og godt gløymt hendinga. Det har då hendt meg at eg har tykt det var gildt å få det friska oppatt i minnet. Eg trur ikkje eg tek feil av meg sjølv, når eg meiner at eg har eit heller veikt minne. Det kunne då kanskje vere til nytte for meg å gjere denne nedskrivinga. Di lenger det går, di meir gløymer ein kanskje. Å kunne minnast mykje skulle eg tru måtte gje livet eit større og vidare innhald. Til det skulle boka kunne hjelpe.

Eg har ein grunn til for å gjere det. Det tykkjest meg vere så, at evna mi til å skrive om ting og tilgangar, til å lage skriftleg forteljing, har minka. Eg kan ikkje med vissa seie kva grunnen kan vere. Der kan vere fleire. Men eg skulle tru at øving, jamn øving, har mykje å seie. Er det så, då skulle også det vere ein god grunn til å skrive boka.

Eg har ingen planar om korleis eg skal ordne stoffet. Heller ikkje kva eg vil få med av minne-stoffet eg har å ta av. Dei ymse hendingane vil ikkje kome til å fylgje i den kronologiske orden. Skulle eg få det til, så måtte eg først skrive kladd, og sidan ordne stoffet. Det har eg ikkje tenkt å gjere. Dette er sjølve boka. Eg ville elles ikkje kunne greie det, for det eg etter kvart vil skrive ned, står slett ikkje klårt for meg i minnet no. Eg minst i det heile ikkje så mykje om gongen, om eg kan seie det så. Men no og då dukkar gamalt og halvgløymt fram i minnet, og så får ein knipe det etter kvart, friske det opp og føre det inn i boka i ei ledig stund. Det kjem då til å bli sprang att og fram i tida, og frå det eine til det andre. Men det lyt så vere, – boka er som sagt ikkje tenkt som noko litterært verk. Ei minnebok for meg sjølv, om meg sjølv og om andre, – ikkje noko meir.

Skulle det hende at boka kom i hendene på andre, var ikkje det meininga i dag. Først og fremst fordi eg ikkje trur at ho kan få nokon verdi for andre enn meg sjølv. Skulle det gå så at eg seinare kom på andre tankar på dette punkt, skal eg skrive det ned i boka.

Narvik, 15. juni 1944

Andreas Indregard

Forrige kapittelAndreas Indregard til minne
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelDei første minne