Logo
indregard.no
Mine minne

Meire om livet heime i barneåra

Den gamle bygdevegen var idyllisk. Denne strekka i Manndalen, ovafor dagens grendehus, finst den dag i dag.
Den gamle bygdevegen var idyllisk. Denne strekka i Manndalen, ovafor dagens grendehus, finst den dag i dag.

Sommaren var ei gild tid for oss på mange vis. Snart mognast bæra, og då hadde vi arbeid nok. Eg minnest mange, mange dagar i bærskogen medan eg var gutunge. Vi plukka moltebær, blåbær og tyttebær. Alt var like gildt.

Før Åsheim-gården blei rydda og bygd, var det tett skog heilt oppover til Svinåsen. Det gjekk ein køyreveg opp på innersida av Storskjedalen. Oppe med Svinåsen delte vegen seg. Den eine gjekk innover under åsen mot Berget. Litt nedafor denne vegen, rett opp av husa på Åsheim, var det ei opning i skogen. Her var det myr med store og små tuver, og på desse tuvene voks det litt moltebær kvart år. Namnet vi hadde på denne staden var: Inne på myra.

Myra låg så løynt inne i tette skogen at vi var heilt visse på at det ikkje fanst andre som visste om at det voks moltebær der. Kvart år var vi der først og leita bær. Oppe på Storskjedalshågen voks òg litt moltebær, just som no, og der og Inne på myra fekk vi første smaken på bæra kvart år. Når vi gjekk dit, var det ikkje for å plukke bær i koppar eller spann, det var det altfor lite til. Vi åt opp den bæra på staden. Eg trur knapt det gjekk år utan eg til å børje med for over desse stadene. Inne på myra var det så blautt at ein måtte ta lange hopp frå tuve til tuve. Men det var stor spaning i dette – å gå beint inn gjennom den store, tjukke bjørkeskogen og så kome til denne myra og sjå om der var raude kart – eller aller helst gule, mogne moltebær. – «mylta» vi kalla. Aldri gjekk ein heilt i fånyttes.

Vi fekk snart greie på at det utafor Storskjedalshågen var ei lita myr der moltebæra alltid sto tett. Vi sa det var «oppfor ho Marja.»

Denne myra var det òg liksom noko løyndomsfullt med. Frå Hågen måtte ein smyge seg fram gjennom tett, tett bjørkeskog. Og så med eitt var ein igjennom, og bæra sto der og lyste mot ein. Her mognast molta sers tidleg, så «oppfor ho Marja» fann vi mest alltid dei første myltane. Spør om vi tykte dei var gode! Det var så dei smelta på tunga. Vi var visse på at det ikkje fanst noko betre i verda.


På Feneset voks det òg nokre få moltebær. Men den plassen visste vi Olga på Bakkan kjende til, og dersom vi ikkje fann noko, ga vi henne skulda. Om lag på same viset var det med Skoghågen. Der sa far og mor det pla vere moltebær før. Men eg trur aldri vi fann meir enn i høgda to-tre bær når vi slo der. Far sa då jamt at det var ho Astrid som hadde vore og plukka bæra!

Men desse stadene for vi over berre for moroa, for å ete bær. Skulle vi finne i koppar eller spann, laut vi sjølvsagt lenger til skogs. Den første tida torde vi ikkje gå så langt. Skogen og villmarka kjende vi oss ikkje trygge i. Det kunne vere mangt å kome ut for. Der heldt jo villdyra til, dei vi hadde høyrt og lese om. Somme år hende det endå at bjørn brått dukka opp i Virekfjellet. Tenk om ein møtte han! Då blei det nok ikkje greitt å berge seg. Vi hadde høyrd forteljingar om han Litj-Anders som fekk komagen flerra av bjørnelabben, og mykje anna i den dur. Eg minnest vi snakka saman om kva vi skulle finne på dersom vi møtte bjørnen. Vi visste om ei råd som det skulle vere monn i. Det var å gje bamsen bæra, for han var glad i bær. Og når det var ungar som synte slikt hjartelag, pla han la dei i fred. Vi hadde høyrd eller lese om at slikt hadde hend.


Så var det ein annan fare i skogen: ein kunne råke på fark. Det var ikkje lenge sidan det rak farkar om på gardane, rettelege lasaronar, med lørver tulla om føttene og filler til klede, så dei kunne skræme vetet or folk. I vår fantasi var desse karane reine skurkar, som nok ikkje sparde liv dersom det høvde dei. Vi hadde høyrd slike gamle forteljingar som berre var moro når vi var heime mellom dei vaksne. Men gjekk vi åleine i skogen, blei dei til rame ålvoret og gjorde os redde.

I Brattåsen og Svinåsen var det likevel nokså trygt, totte eg. Det var ikkje så langt ned til gardane, og der var skogen glisen så ein hadde vidt utsyn. Men over Brattås­tjønna, – nei, der blei det verre. Krådalen og Brattåstjønna var lenge som ei slag grense mellom godt og vondt. Og for oss var feltet på nersida stort nok. Der var ofte mykje bær, ja, det er noko av beste bærlandet i heile Virekmarka. Der heldt vi oss dag etter dag. Vi «dørka» desse stroka, – serleg Svinåsen. Der var både moltebær, blåbær og tyttebær. Dei kom etter tur. Først molta. Far sa vi skulle gå på Kjørevegen vår, for det pla vere moltebær der. Vi var der kvart år, men fann ikkje stort. Då var det langt likare lenger ned og inne på Paradismyrane. Der fann vi mest alltid i koppane våre. På Aspholmyra gjekk det bra med kvart.


Vi ville gjerne det skulle synest vi hadde mykje bær når vi kom heim. Best var det å ha fullt spann. Men bæra har det med det at ho sig når ein går og ber på spanna. På heimvegen seig bæra ned så spanna såg ikkje full ut. Vi hadde råd med det. Når vi kom i dalen attmed stua, kvelde vi huva over spanna og snudde ho med botnen i veret ein augneblink. Bæra blei då opprista, så når vi tok huva av, var spanna atter heilt full. Dette kalla vi for «å riste opp». Hadde vi ikkje huve, la vi eitkvart anna føre så vi kunne snu botnen opp. Vi rista opp mest alltid, for det var så gildt å ha fulle spann.

Når det var mykje heilt mogen bær i molta, blei det etter kvart mykje saft nede på botnen i spanna. Denne safta tykte vi svært godt om og ville gjerne drikke ho, for det gjorde ingen mink i spanna. Vi heldt då føre opninga så berre eit lite hol var att. Så sette vi spanna til munnen, halla på ho til dess safta kom sigande, og så drakk vi så lenge det kom dropen ut. Det var grueleg godt. Vi kalla det for «å sike». Men stundom brukte vi neverskrukker til bærkopp. Då blei det ikkje tale om å sike, for der lak safta ut.

Etter tyttebær og blåbær brukte vi alltid liten kopp. Det var lettare, for då slapp ein gå og bere spanna heile tida. Og så var det mindre trøytsamt med ein kopp som snart blei full. Det var så morosamt å sjå kor mykje det mona kvar gong ein tømde oppi spanna eller skrukka. Eg hugsar enda ein tom kakaoboks på ein kvart liter om lag som vi bruka til dette. «Kakaodunken» kalla vi han. Og så brukte vi tome sanatogen-esker. Vi fekk dei hos mor. Dei var firkanta med fin teikning på, og vi likte dei eskene sers godt. Vi hadde godt om det slag esker, for mor laut bruke sanatogen for magen den tida.

Eg minnest godt den tida eg totte eg hadde mykje bær når fireliterspanna var full. Ein dag hugsar eg at Adolf og Einar og Torleif og eg var ved Brattåstjønna og plukka tyttebær. Då fann eg 5 1/2 liter, og det tykte eg var svært mykje bær. Torleif plukka mest like fort som eg, men han samla støtt så mykje rusk i bæra, så ho var ikkje fin å sjå til. Hadde vi like mykje i spanna våre, var det greidt at eg hadde mest bær, for i mi spann fanst det mest ikkje eit rusk. Eg fekk støtt ros for den reine bæra når dei vaksne skulle reinske. Det likte eg godt.


Karine var ofte i lag med oss og plukka bær. Ho var grei å ha i lag med seg oftast, men det hende vi tykte at ho laga bråk. Ein gong hugsar eg at ho snova på ein stein innafor Berget og slo ned bæra då vi var på heimvegen. Ho blei då sint, skreik og sa det var vår skuld, endå vi ikkje var i nærleiken av henne då ho datt. – Det hende ofte at vi datt og slo ned bæra. Det var stor ulukke. Verst var det å slå ned i lyng eller ur eller søle, der det var uråd å plukke opp att. Då var ein syrgjeleg til mote.


Far hadde fortalt oss om ei god moltemyr ovefor Brattåstjønna. Ho var grei å finne. Vi skulle sjå etter ei stor forra med ein «kost» i toppen. Straks ovafor den forra var myra. Ein dag gjekk Olga, Torleif og eg dit. Vi sto på berga nedom Tjønna og blei samde om kva forra det kunne vere far hadde meint, og så gav vi os i veg. Men eg minnest at eg ikkje var dristig då det bar så langt oppover. Vi fann myra, men eg trur ikkje det blei så stor fangsten der. Kan hende ein av «konkurrentane» hadde vore der før oss og snøydd av.

Etter kvart blei vi kjende med alle myrane og legdene over heile skogen og fjellet. Det feste seg snart i minnet. Ein såg liksom alt for seg, og visste så vel kor bæra pla vekse. Og var det fritt eller lite på ein stad, fann ein gjerne i spann og koppar på andre stader. Svært sjeldan gjekk det heilt smått.


Ein gong kom far frå byen med ei uvanleg tidend: Ein kaptein på ein malmbåt hadde bode seg til å betale 5 kr. literen for moltebær om han berre så sant kunne få. Far hadde lova å gjere sitt beste. Men dette var så seint på tida at det var heilt utplukka. Men no måtte ein prøve likevel. Far, Olga og eg ga oss til skogs. Det bar til Galthågen. Der fann vi så mykje at det blei 5 liter reinska bær. Far tok bæra med til byen og fekk 25 kr. for ho. Det totte vi var uhøyrt mange pengar for ikkje meire bær.


Det hende ofte at vi ikkje hadde nok stor bærkopp med. Neverskrukker kunne vi ikkje lage. I slike høve nytta vi då eit eller anna kleplagg til å ha bæra i. Det kunne vere huva, eller vi knytte føre trøyearmane og slo i dei. Det gjekk fint.

På Røsåshalsen var vi ofte og plukka bær. Der voks både moltebær og tyttebær. Men eg hugsar at vi ikkje var heilt trygge der. Vi hadde høyrd at han Amund ikkje likte at ein kom og plukka der, og vi var redde for å råke på han. Men dette var visst berre tøv. Vi såg aldri noko til han når vi plukka på Røssåshalsen.

Jonetta på Bakkan var kjend som den sværaste bærplukkaren på heile Virek-garden. Ho var ute både seint og tidleg, og samla mykje bær. Ingen hadde så mange bærdallar med seg til byen som dei på Bakkan. Hans Amundsa dreiv òg svært etter bæra. Det blei sagt at Jonetta på Bakkan var betre kjend i bærmarka enn nokon annan. Ho visste av kvar enda myr og legd der det voks ein kart. Det var nok sant òg. Ein gong fortalde ho om ei myr som låg uendeleg løynd til. Ho trudde ikkje det var andre enn ho sjølv og han Karl i Saltvika som kjende staden. Ho hadde ein gong råka Karl på den myra, så det måtte vel vere utom Elva nokon stad. Men ho fortalde ikkje kor myra låg. Eg veit ikkje om kjennskapen til denne myra gjekk i grava med Jonetta.


Vi var ofte i Erikvika og plukka moltebær. Jamt gjekk vi opp med bærspann når vi var der inne og slo. Der fann vi mange gonger mykje bær. Der er så mange myrar. Det børjar straks ovafor sjøen, på Ramnfloget, og heng ihop heilt oppover til den lange Stormyra. Ovafor Stormyra er det også mange myrar. Denne bærleitinga i Erikvika var sers spanande. For der laut vi rekne med å møte samane. Og det var ikkje alltid berre spøk. Dei lika ikkje at vi – eller andre – kom og plukka bær der. Dei heldt det for si bærmark, endå dei ikkje åtte teig der vi plukka.

Ein gong vi var oppe, møtte vi ei av samejentene, og det var greidt at ho var sint. Ho tok på å bruke munn med ein gong. Eg kan ikkje hugse om far var med, men då samejenta blei morsk, ropa Lisbet til oss andre om vi såg han pappa. Jauda, svara vi, han var derborte i bakkan. Dette hadde god verknad. Jenta tagna brått og tok til å godsnakke og sa vi skulle berre plukke.


Det var ofte «sirkus» med bumann og same på bærmyrane. For det var ikkje berre vi som kom dit og leita bær. Byfolk visste om desse myrane og for dit. Det var to brør frå Narvik. Dei hadde ein liten motorbåt og var årvisse gjester i Erikvika i moltebærtida. Etter lova hadde dei ingen rett her, og samane låg støtt i strid med desse tjuvplukkarane.

Ein laurdagskveld rodde far, Olga og eg til Erikvika. Far skulle sjå etter om der var gras å slå. – Då låg motorbåten til Narvik-karane i Erikvika. Vi gjekk oppigjennom slåttelandet. Rett som det var fekk vi høyre alo og spetakkel inne på bærmyrane. Far sa vi skulle gå dit og sjå kva som stod på. Vi kom oppetter ei legd og nærma oss Stormyra. Ropinga og ståket blei alt sterkare di nærare vi kom. Eg var svært spent, men heilt trygg fordi far var med.

Best det var kom han Knut Finnesa og sonen hans, Einar, springande nedover. Dei ropa åt kvarandre at dei skulle ned til sjøen og ta motorbåten og gå i Konsbakkan og ringe åt lensmannen. Samejentene var lenger opp. No møtte vi ein av brørne frå Narvik. Han kom luntande nedover med bærspanna i handa. Ho var mest tom. No kunne han fortelje at dei var komne i kast med samane, og han Knut hadde i «kampens hete» spenna til bærspanna hans, så han miste det meste av bæra.

Knut var no komen mest ned til oss, og då han fekk auga på far, dovna han med eitt og blei heilt spak. Han gjekk laus og fortelje om desse bærtjuvane som kom her og rana bæra unna hendene på dei. Her hadde dei passa myrane både dag og natt, så ikkje geitene skulle ete opp karten, og så kom byfolket og rana myrane. «Hadde dei kome lenger opp, så hadde dei gjort bart,» sa han.

Far var i røynda samd med Knut at byfolk ikkje hadde noko på moltemyrane å gjere. Men han var visst ikkje sers huga på å gje Knut full stønad heller. For samane var leie til å la krøttera sine beite i slåttelandet vårt, og det var far ofte arg over. I dette høvet nøydde han seg med å mekle i striden. Då begge partar hadde forklart seg, kom ein av bykarane med det at Knut hadde skrøna og sagt at bærmyrane var hans. Det kunne han sjølvsagt ikkje stå ved no når far høyrde på. Han kom liksom i knipe, og for å berge seg frå dette sa han: «Ja, se‘du -se’du, æg og Virek-karran vi plukka i felleskap!» – Far sa at det ikkje var rett av bykarane å kome og ta bæra unna hendene på samane, for dei skulle leve av bærsankinga. Men på den andre sida måtte han refse Knut noko fordi han hadde tatt på mannen og spenna over bærspanna. Bykaren lova då at dei skulle fara derifrå og ikkje plukke meir, og Knut meinte på at dei skulle få att den bærmengda han hadde mist. «Se'du, æg kom for nær spanna mæ kommagjen,» sa han.

Så var då den striden over. Vi for ned og rodde heim. Om Narvik-karane gjorde det same, veit eg ikkje, men samane var allvisst plaga med desse karane i alle år frametter.


Far var svært få gonger på bærplukking etter at vi voks til. Men før den tid brukte han å gå etter moltebæra. Det kunne ofte løne seg godt. Eit par av bærturane hans fortalde han mange gonger om. Eg hugsar desse forteljingane godt, og skal gje dei att her.

Far var ein dag gått på moltebærplukking. Han hadde ei åtte- og ei fireliterspann å plukke i. Det bar innover skogen, men det var ikkje mykje bær i marka. Han hadde om sider funne i åtteliterspanna og sette ho frå seg ein stad innafor Holtvika. No galdt det å finne i den andre spanna.Då han var ovafor Klemsteinane, kom han over ei lita myr der det sto bra med bær. Han tok til å plukke og tenkte at her kom han nok just til å få den vesle spanna full. Men så sansa han at han ikkje var åleine. På andre enden av myra gjekk ein annan kar, ein av grannane, og plukka. Det var strek i rekninga. Spanna blei ikkje meir enn halv då myra var snøydd. Far prata med karen slik han pla gjere, og spurde om han visste av bær. Grannen hadde ei vassbøtte å plukke i og hadde meir i ho enn far i den vesle spanna. Nei. Han lest ikkje vite av bær. Og då far spurde om han ikkje trudde det var bær innafor, forsikra han at han hadde gått over alt, men det fanst ingen ting. Far skyna snart at han ikkje ville han skulle gå lenger inn, og så sa han: «Eg såg han Amund rodde innover nyst, – han tenkte seg nok i Gryta og sjå etter bær.» Denne skrøna hadde straks verknad. Då grannen høyrde at Amund var faren til Gryta, sette han i: «Kom daran, kom daran!» Dermed var det greitt at han hadde greie på at det var bær der, og så bar det beinstreks til Gryta med begge to. Der var det bær nok. Både far og grannen fekk drygje bører på heimvegen. Dei hadde no om lag like mykje bær, og grannen var godt nøgd med det. Men då så far på heimvegen gjekk og henta åtteliter­spannet attåt alt det andre, blei grannen heilt forspela. Han tykte det var urettvist at ikkje far hadde fortalt han om denne spanna på førehand.

Forrige kapittelFinnmarkferd
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelDå far hadde kongedesserten i busserullen og overskjortearmane