indregard.no
Mine minne

Flyndrestikking

Vi dreiv mykje med flyndrestikking i gutedagane. Lodd hadde vi ikkje, så det blei berre på grunt vatn vi kunne halde oss. Feltet var frå støa vår til Sildvika. Var det stilla og lågt vatn, kunne vi ofte få mykje flyndre. Ho var helst småfallen, men ei og anna større var det imellom. Ein må vere noko øvd skal ein kunne sjå flyndra. Ho grev seg nemleg ned i sanden, serleg når vatnet er grunt. Stundom ser ein berre omrisset av fisken; men har ho rota mykje sand over seg, er det berre augo som er synlege. Dei står som to mørke, opphøgde prikkar på sanden. Den som ikkje kjenner til dette, ser henne ikkje, for som oftast er det fullt opp av liknande prikkar på botnen.

Flyndrepiken var to utretta kveitonglar surra på enden av ei bambusstong. Agnhalda kunne ein snu inn mot einannan eller utover.

Dersom vi var begge med, satt som regel den eine og hamla på frammertofta, og den andre sto med piken i atterskotten. Når han oppdaga ei flyndre, gav han ordre om å stoppe båten. Var ein åleine, sto ein i skoten og staka seg fram med piken, eller ein brukte ei åre og padla seg fram.


Bortfor Ytter-Klubben, der Storelva munnar ut, var det alltid mykje flyndre. Men mesteparten var av det slaget som vi kallar «steinkobb-flyndra». Ho er ikkje serleg god på smak, så vi brydde oss oftast ikkje om å stikke henne. Det kunne einast vere når vi råka på ei serleg stor ei, og av og til hende det vi tok feil og trudde det var ei raudspette når ho låg mykje nedgraven. Men omrisset var nok til å syne kva slag ein hadde for seg, for steinkobben er ikkje så brei som raudspetta. Så var det eit anna tilhøve som vi la merke til og tykte var rart med steinkobben. Raudspetta har alltid buken til høgre, men hos steinkobben finn ein ingen fast regel. Nokre ligg på venstre sida, andre på den høgre. Fekk vi ei med buken til venstre, pla vi seie at ho hadde kjeften på rang side. At denne flyndra mest held seg utfor elvekjeften, må vel kome av at ho likar brakkvatn best.

Dei som dreiv med flyndregarn var ikkje sers nøgde med at ein tok flyndra med piken. Det har sin gode grunn: ein pikar opp mykje små flyndre som kunne blitt til stor fisk. Driv ein mykje med piking, går det visseleg hardt ut over flyndrebestanden.


Det hende vi råka på kveita når vi var ute med flyndrepiken. Eg minnest at eg sette piken i fleire, men det gagna lite. Dei rykte seg laus med ein gong og stakk av.

Ein gong kom eg utanav, eg hadde vore og stukke flyndre. Det var i jonsoktida. Då eg var nesten inne med støa vår, der får eg sjå ei diger kveite på botnen. Ho låg med nasen beint mot land, og så nær at det knapt var ein meter vatn til botnen. Dette var freistande, å renne piken i den fine fisken. Men eg såg at det inga von var. Kveita måtte vere på omkring 50 kg. Han Hans Olsa heldt på og røytte skinn borte med Håg-naustet, og eg for bort til han og bad han hjelpe meg. Han hadde heller ikkje kveitelodd, men han fortalde at ein stundom hadde greidd å ta store kveiter med ei tilkvest stong. Så leita han ei høveleg hesjestong, og kveste ho rett godt til i enden. Fekk ein ei slik rend gjennom kveita så hardt at enden tok i botnen, skulle det vere gode voner om å berge fisken. Det galdt berre om å vere sterk og halde stonga ned mot botnen.

Det tok ei lita stund før vi hadde stonga ferdig; men kveita hadde ikkje venta på oss. Ho hadde vel sola seg nok, for ho var borte, og vi fann ho ikkje att.


Sidan har eg høyrd at kveita plar kome heilt opp i stranda to gonger om året, ved jonsok og i nyårstida. Det første har eg røynt, men den landgangen midt på vinteren tvilar eg på er rett. Det måtte einast vere dersom ho går etter silda, som jamt plar setje mot land då. Men eg veit ikkje om kveita plar fylgje silda. Det er ikkje utruleg forresten, for sild er godt agn på kveitevaden.

Forrige kapittelEin gong eg blei dugeleg våt
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelYmist anna som vi drog opp frå havdjupet