indregard.no
Mine minne

Ein gong eg blei dugeleg våt

Vi var som sagt av og til på Virekøyane og grov makk. Då pla vi leggje båten på innersida av Innerøya, og så gjekk vi tvert over øya til leira. Denne gongen var veret godt medan vi grov. No var vi ferdige og skulle ro heim. Med det same vi kom til båten, tok det til å blåse ein frisk innfallvind av Ballangen. Vi hadde ikkje segl med, men tykte vi måtte nytte vinden. Torleif sette seg atte i båten og styrte, og eg sette meg på frammerskoten og slo ut trøya til segl. Det såg ut til å gå strykande. Men vi var ikkje komne mange båtlengder frå land før vinden hadde auka til tave-rokk. Vi blei no straks klår over at vi ikkje ville greie å styrast med båten i så fælt eit ver, og at det var stor fare for at han ville bli kasta rundt av stormen. Dette kom så brått på at vi mest blei lamslått.

No ligg det eit lite skjær midt mellom Øyane og Risøya. Dette skjeret er heilt overflødd ved halvflødd sjø. Men oppe på skjeret ligg ein noko storvoren, tanggrodd stein som rekk over vatnet ei stund til. Vi nærma oss no denne steinen i sopande fart. Og så slo den tanken ned i oss at vi måtte prøve å få fast i steinen så båten i det minste blei liggjande rett på vinden. Det greidde vi òg. Eg fekk tak i det lange, sterke hestetanget, og der låg vi pådreidd attom steinen. Men vinden berre auka og blei om mulig endå hardare. Alt havet rauk som ei oskemyr. Og sjøen flødde fort. Snart tok båra til å slå over steinen og inn i båten. Torleif tok til å gråte. Eg hadde nok hug til det eg òg, men eg skyna at det berre måtte gjere stoda endå verre. Var eg den eldste, så måtte eg vere den som hadde størst omtanke og ansvar. Eg prøvde å trøyste Torleif med at vinden snart ville gje seg, og så fekk eg han til å gå i gang med ausekaret. Det trongst, for sjøen vaska alt meir og meir inn di lågare steinen blei.

På dete viset heldt vi det gåande. Eg låg og strekte overkroppen og armane framover stamna og heldt fast i tangen av all makt. Men det var nett som eg låg i havet. Eg hugsar at eg måtte passe på å dra pusten til meg mellom kvar gong båra velta seg over armane og hovudet. Eg ville reint misse pusten stundom.

Kor lenge dette sto på kan eg ikkje med vissa seie, – men steinen flødde etter kvart heilt over. Då blei det uråd å greie seg lenger der. Vinden hadde nok gjeve seg ein monn. Til slutt slepte eg taket, og vi sprang til årane begge to. Vi ville prøve å nå land på Risøya. Det gjekk bra. Då vi kom nærare land, fekk vi auga på ein mann som stod og vinka på Risøya. Vi kjende han straks: det var far. Då stormen kom, hadde han gjeve seg i veg for å sjå etter oss. Det tar lang tid å gå til Risøya, men eg tenkjer nok at han hadde skunda seg over leira. No tok vi han ombord, og så rodde vi heim. Det var då tolleg bra ver att.

Forrige kapittelVi lærde å sigle
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelFlyndrestikking