indregard.no
Mine minne

Segl og sigling

Den gamle firroringen fekk ikkje plass då nytt naust blei bygd på Indregard.
Den gamle firroringen fekk ikkje plass då nytt naust blei bygd på Indregard.

Far hadde fare på seglbåt frå han var liten. Det var ingen ting han likte betre enn når han fekk bruke segl og sigle for frisk vind. Titt og ofte fortalde han om dei tallause gonger han var med å sigle godt på Lofot- og Finnmarksturane. Mange gode seglbåtar hadde han hatt fram igjennom åra, og kappsigling hadde i det store og heile vore den gilde sporten for han. Ingen ting var så gildt som å stå til rors på ein «hål» og god båt. Det galdt først og fremst på dei lange Finnmarkvegane.

Det byrja med «Lovise», ein fembøring han åtte i lag med Mens på Frostisen. Det var ein sjelden snar og god båt. Ein gong på Finnmarkvegen råka dei borti ein annan fembøring. Folket var visstnok frå Helgeland. Denne båten blei det kappsigling med i lang tid. Det synte seg at båtane var like håle. Begge pressa på til det ytste, men ingen greidde å vinne på den andre. Då dei hadde drive på slik – eg trur mest det var eit heilt døger, slakka vinden av til smågråe. Dei var då så nær einannan at dei kunne tale saman. Arnt Hansa som var med far, ropa då over til den hin fembøringen: «Dokker har ein hål båt.» «Ja,» svara høvedsmannen der, «men eg trur ikkje du har noko å klage på båten, du heller.» – Dei kom no i prat med den andre, og så synte det seg at begge desse fembøringane var bygd av same mannen.


Ein måtte sigle båten rett for å få han til å yte det aller beste under sigling. Ein måtte kjenne båten til fulnad. Far forsto denne kunsten fullt ut. Barlasta hadde mykje å seie, mastra og riggen det same. Ein barlast-stein fram eller att i båten kunne gjere stor monn, sa far, og både han og andre har fortalt om at han under kappsigling dreiv og flutte på barlasta for å finne rette tyngde-fordelinga i båten. Ein båt far hadde var slik at han måtte ha sers lause vant om han skulle vere snar. På bidevind pla dei slakke opp vanta så mastra stod og svaga, då var det nett som båten slapp laus. Slakkinga gjekk for seg under siglinga – på den måten at ein slo på vantknutane. Dei glei vel ned då, skulle eg tru.

Far likte seg alltid når han fekk sette segl. Det var lysta hans også i alderdomen. Han siglde jo den siste kvelden, og sette til med seglet heist.


Når vi dreiv med garn borte i fjorden, siglde vi alltid til og ifrå så sant det var vind. Og det var det jo mest støtt. Hadde vi så fått bra med fisk, pla far seie når vi var komne på land: «Dettan va’ eit godt sjøver, og så fekk vi oss attpå til eit godt siglan.» Gjekk det dårleg med fisket, kunne ein frisk vind i land vege opp uturen noko, så far då ofte sa: «Jaja, det gjekk smått, men så fekk vi oss no eit godt siglan.» Men dersom det gjekk så ille at vi korkje fekk fisk eller bør, då sa far: «Dæ va’ ikkje såpass at vi fekk oss eit godt siglan eingong!»

Ein gong var far og onkel Kristian til byen og henta dyrlegen. Det var straks etter at Mæhre var komen hit til bygda. No var det kuling på Skjomen, og dei sette segl. Borte på fjorden fekk dyrlegen ein sjøsprut over seg. Han blei sint og fauk opp og spurde om det var slik dei skulle stelle han til. Men då blei far òg ilsken. Han snudde seg mot dyrlegen og sa at dersom det var så at dyrlegen ikkje tolde ein sjøskvett, så burde han visst ikkje ha kome hit. Så vende han seg fram att og sa i ein sjølvgod og overlegen tone: «Du Krestian, strekk litt i piken!»


Far hadde segl til alle båtane sine, både dei store og dei små. Dei seinare åra var det ikkje vanleg at folk hadde segl til småbåtane. På Virek finst det visst ikkje meir enn to småbåtar med segl no, endå mest alle har båt. Far hadde segl til fembøringen og til åttringen, segl til firroringen, treroringen og til småbåten. I sine unge dagar bytta far storbåt ofte. Han hadde ei heil rekkje med fembøringar og listebåtar. Truleg var det fordi han likte så godt å ha ny båt støtt. Det var sjølvsagt tryggare òg. Eg minnest han ofte fortalde at dei under kuling var glade fordi dei hadde «nytt og sterkt » å gjere med. Dei kunne lite på båt og segl. Kor mykje dette har å seie, forstår berre den fullt ut som har nokon kunnskap om sigling. Har ein båt og segl som er sterke, er det den aller største føremonnen i ein storm på havet. Då kan ein leggje an etter det og kan berge seg mykje lenger. Spring noko sunt på segl eller rigg, er faren der straks. Ein misser kontrollen over båten, og det kan lett gå gale.

Den siste tida var ikkje far så nøye med båtane som i yngre år. Det kom nok av at han blei gamal og ofte hadde mykje å gjere. Det blei ikkje alltid som det skulle vere. Då far til slutt kjøpte motorbåt, blei det ikkje ein nybåt. Han valde å kjøpe ein brukt båt. Eg forsto meg ikkje på båthandel, men eg meiner det var gale at vi ikkje den gongen kjøpte ny båt og ny motor- Den båten vi fekk var slett ikkje bra. Han var lek og saumrunnen, ikkje sers velskapt og heller ikkje god i sjøen. Men far tykte likevel det var ein bra båt.

Korleis det gjekk til då far kom bort, er det ingen som kan seie noko visst om. Men eg trur det, at dersom far den kvelden hadde hatt ein betre båt, så ville han ha greidd å berge seg. Den båten han hadde var alt anna enn i god stand.


Eg siglde mykje i lag med far. På nokre av desse turane kom vi ut i sers hardt ver, og dei står klårast i minnet.

Ein gong var eg med far til Sørskjomen. Vi hadde den gongen ein gamal toroms spissbåt av saltværingstypen. Han var lettrodd, men elles ikkje nokon god båt. I Sørskjomen kjøpte far ei tunne sild, og ho hadde vi i atterskotten på båten på heimvegen. Båten blei då noko attsett, men det greidde seg endå når far satt i framromet. Det var om morgonen vi for frå Sørskjomen. Vinden bles friskt ut, og vi sette segl straks. Eg satt i atterromet og styrde. No dansa det lystig og lett utover fjorden.

Men utafor Kjerringneset auka vinden monaleg på, og då vi nærma oss Holmane var det storm og ein fæl sjøgang. Eg trur far hadde tenkt på å ta fast utfor Holmane, men kor det no hadde seg, så let vi det stå til vidare utover fjorden. Midt for Kongs­bakken møtte vi «Tøtta» på inntur, og eg minnest kor fælsleg ho stampa mot veret.

Men etter kvart vi nærma oss Smalneset, blei stormen verre, og sjøgangen blei så svær at båten ikkje ville vake. Gong på gong velta båra inn over den låge bakskotten, så det var med nauda vi greidde å halde båten lens. Det blei då klårt at ein einaste stor skavl kunne søkkje oss ned, dersom båra braut med det same ho nådde atterskotten. Einaste råda var om vi kunne få flutta sildetunna lenger fram i båten. Men det var inga lett sak. For å gjere tilstandet endå verre gjekk styret sundt, haken gjekk laus, og vi måtte styre med årane. Eg var redd som ein hare, tykte mest det alt såg vonlaust ut. Eg var i 12-13-årsalderen.

Men no sa far at vi skulle bytte plass. Eg måtte krype framover i båten, eg trur mest heilt i framskotten. Det var for å lette atterskotten. Så stilla far seg i atterromet, rykte baktofta opp og tok til å make tunna fram. Han laut fleire gonger hive seg framover att når dei største bårene kom. Men snart hadde han fått tunna i atteromet, og då berga båten seg noko betre. Vi hadde då ei god stund sigla med berre fokka, og det var endå meir enn nok. På denne måten berga vi oss til Smalneset og fekk svinga opp i smulvatnet utom neset. Her la far ned mastra, han hadde fått nok av denne siglinga. Så rodde vi utover. Men då vi kom til Erikvika, tykte far at det måtte vere råd å sigle att. Vinden hadde gjeve seg ein monn, og sjøgangen var mykje mindre enn innafor Smalneset. Så reiste far mastra på nytt, og vi sigla i strykande fart heilt heim. – Denne gongen tykte eg vi hadde vore nære på å gå ned, og eg trur far rekna med det same.


Så var det ein gong om vinteren nokre år etter. Far og eg skulle til byen med poteter og mjølk. Vi hadde no fått ein ny ranværings spissbåt. Far kjøpte han i Lofoten i 1921. Det var ein stødig og god 2 1/2 roms båt, den same som far hadde på siste ferda si i 1938. Holtvikingane hadde den tid ein liten motorbåt som dei gjekk mjølkerute med. Men oftast var det svært trongt om «saligheta» der ombord, og motoren sprang sund rett som det var. Denne gongen blei det til at vi skulle ro til byen. Det var noko skjomvind, og vi mastra med Røsåsen. Men vi hadde ikkje meir enn så vidt børja på Skjomen, då auka vinden på til reine rokk. Det blei snart mykje skavl, og då båten var tungt lasta, blei det snart vanskeleg å berge seg flytande. Å sigle tvert over fjorden, slik ein brukte i skjomvind, var uråd. Vi måtte sløre undan veret nedetter Veggefjorden. Og endå var det på makta å greie å halde båten lens. Vi hadde jo den råda – å kaste potetsekker over bord, men slikt gjorde ein ikkje så lenge det fanst von om å berge lasta.

Det bar no på denne måten inn og bort i fjorden. Men vinden var svært sørleg, så vi nådde ikkje blakk før vi var inne med Tangan. Då var vi mest midt borte i Veggefjorden. Vi var våte til skinnet, og eg kan hugse at vi var heilt kvite i andleta av storkna salt. Så var det å sette seg i årane og ro til byen og avhende varene, og sidan ta på heimvegen. Det gjekk fint. Eg kan ikkje minnest at vi fraus noko større heller, for veret var svært lint, og vi rodde oss visst mest turre. – Dette måtte sikkert vere i 1922. Eg var altså 16 år då.


På firroringen og treroringen hadde vi mangt eit godt siglan. Ein laurdagskveld var vi og drog garna på Skjomen. Vi hadde firroringen, og eg trur vi måtte ha sett nedfor Ryggen, for vi var langt nedpå då vi var ferdige med draginga. Just som vi drog på slutten, kom skjomvinden fykande. Vi hadde berre småbåtsegla, og dei var endå sers små, for dei høyrde til ein bitte liten bindalingskjeks som far kjøpte av Iver Hansen, far til Anne Ravn. Vi sette no segla opp, og vinden var så hard at den store firroringen med garna og fisken i hadde fullt press. Eg hugsar han låg heilt over på sida, så det frøste langs ripa til le. Men dette var jo berre moro. Ein kjende seg trygg, og det stod ikkje lenge på før vi var heime.


Ein annan gong hadde vi garna i Kallbakken. Men det hadde vore vestavinds­storm, så dei hadde stått i fleire netter. No var det laurdag, og det såg ut til at bruket skulle bli ståande over helga òg. Far gjekk og såg i veret, men vinden var tung, og det var svær sjø i fjorden. Over middag gav vinden seg litt, og far meinte på at vi fekk prøve. Torleif og eg var med, og vi hadde firroringen.

Vi rodde oss utover til Øyrsteinen. Der sette vi segl og gjekk borti fjorden. Vi fann straks i ilen og fekk garna opp. Men mot slutten på draginga tøgna vinden på att, og sjøen gjekk styggjeleg høg. Så snart vi hadde fått siste ilen inn, var det å få opp mastra i ein fart og kome seg i siglinga. Vi la inn revet i storseglet, men endå trur eg det blei i meste laget med segl. Eg satt framme og skulle passe pikfallet. Torleif tok fatt med ausskjeret i bakromet, og far sette seg sjølv med volen. Og det var likt til at firroringen gav seg på lugginga. Det var verst med den svære sjøen. Eg satt berre og ottast for at båten skulle klivne framme når han sprang på dei verste skavlane. Eit par gonger small det fælsleg stygt i han. Man han heldt ihop, og vi kom velberga på land.


Mange gonger hende det at vantet rauk av, og vi siglde heile riggen over bord. Men det er ikkje så farleg. Vi tok då festa eller iltau til hjelp, og så hadde vi snart seglet oppe att. Verst var det, dersom ein hadde lita høgden. Ein dreiv gjerne ein god monn av før ein fekk riggen i stand og kom seg for segl att.

Verre var det når dei «kleiv» båten, som far fortalde om. Det kunne av og til hende med råseglbåtane når dei siglde hardt for bidevind. På desse båtane brukte dei seglstikke til å feste skautet framme til lovard når dei kryssa. Dei kalla det for å «settje fram». Seglstikka var ein lang, rund jernbolt med eit tjukt treskaft på henden. Framme i båten var det bora hol for seglstikka gjennom eit band og bordet utafor. Når dei skulle setje fram, stakk dei seglstikka gjennom dette holet til lovard. Enden av stikka stakk då ein god monn utafor båtbordet på yttersida av båten, og om denne enden la dei fast skautet. Det er greitt at under hard sigling blei det eit svært drag oppover av skautet, og dersom ikkje naglane på sidene av seglstikka heldt, reiv dei opp båten. Eit bord klivna på langs, og det var uråd å få festa seglet til lovard. Men dei gamle greidde seg oftast i slike høve òg. Dei ordna seg på den måten at dei tok tau under kjølen på båten, la fast på le side og festa skautet i dette tauet til lovard. Det gjekk bra, men verre var det at båten i slike høve kanskje blei svært lek, og at dei laut føre lite segl. Slik sigling måtte vel i hardt ver vere mykje farleg.


Det er klart at det måtte ha mykje å seie for ein høvedsmann på ein fembøring at han forsto seg godt på sigling og at han hadde hål og god båt. Serleg galdt det på Finnmarksturane. Far og mange andre høvedsmenn i Ofoten heldt seg på Austfinnmarka kvart år. Far tykte ikkje han var framme før han nådde Vardø. Der rodde han dei aller fleste åra. Ofte drog dei då austover til russekysten på fiske. Å sigle til Vardø tok jamt ei heil veke. Hadde ein hål båt, kunne ein på så lang veg spare inn tid, kanskje mange dagar, og det kunne ha mykje å seie for lotten. Men det same galdt under sjølve fisket. Ein god siglar hadde alltid dei største sjansane. I motvind måtte ein krysse seg fram. Det kom då mykje an på om båten var god til å vende, og om høvedsmannen og mannskap elles var drivne og dugande karar.

Råseglet var ikkje lett å handtere, og fembøringane var ikkje lette å få til å gå over stag. Det hadde difor vore skikken før at dei kuvende under kryssing. Kuvending vil seie, at ein svinga båten unda vinden når ein gjekk baut. Det var sjølvsagt greiare og lettare å få til, men det leie var at ein tapte nokså mykje høgde på denne måten. Fembøringane trong stor plass til å svinge på, og ein god monn av høgda ein hadde vunne med bauten, gjekk bort att under vendinga. Far fortalde at dei alt tidleg slutta med det. Dei gjekk over til stagvending, d.v.s. dei svinga båten mot vinden under vendinga. Og det gjekk fint. Dei tapte då inga høgd, berre svært lite i allfall. Men stagvendinga kravde ei stø handsaming av båten frå høvedsmannsplassen og eit seglmannskap som hadde god øving og parerte ordre snøgt og i rett tid. Stagvendinga gjekk elles for seg slik at høvedsmannen først tok vinden godt innføre, slik at båten fekk god fart. Så la han roret hardt over til lovard. Straks vinden var ute av seglet, måtte dei som passa skauta ha det greidt med å skifte hals, det er å drage fram skautet på den nye lo-sida og bakover på le-sida. Om dei måtte la seglet gå ned medan stagvendinga sto på, er eg ikkje heilt klår over, men eg trur ikkje det. Kan hende dei i hardt ver laut gjere det. Dette må eg få greie på når eg råkar han onkel Edvard.


Far fortalde at dei ofte hadde moro med å sigle frå slike som ikkje kunne stagvende. Russarane som dei alltid kom saman med på Finnmarka, hadde store svære båtar, russelodjer dei kalla. Men russarane kunne ikkje gå over stag, dei kuvende alltid, og det er rimeleg at far totte dei bar seg klosset åt. Dei blei då støtt etter når det bar til å krysse seg fram.

Blei stagvendinga gjort heilt rett, skulle båten gå heilt over med ein gong og leggje seg på den nye kursen utan noko nemnande avdrift. Men dersom båten hadde lita fart med det same han blei tatt opp i vinden, ville han helst renne noko attover, med atterenden føre, før han la seg så mykje over at seglet atter fekk tak. Det var stor skilnad på båtane i så måte. Somme båtar var vanskelege å få til å gå over, og dei fekk då større avdrift. Det var eit lyte med båten. I tronge farvatn hadde det sjølvsagt mest å seie at ein kunne stagvende greitt. Til eksempel under kryssing inn den lange og tronge Skjomen. Der var det mange bautar å gjere. Far fortalde at dei ofte kryssa inn heile Skjomen. «Vi hadde ikkje meir så skikkelig fått seglet i stand, så var det å skifte hals att,» sa han. Men inn kom dei seg-.

Forrige kapittelYmist anna som vi drog opp frå havdjupet
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelFinnmarkferd