Logo
indregard.no
Mine minne

Prolog til åpningsfesten for den nybygde Tøttavangen

(Bondeungdomslagets gjestehus og kafe i Dronningens gate. Opna på 1950-talet)

Det er ei glede å helsa venner
vel møtt til fagnad og festleg lag.
Eg helsar kvinner, eg helsar menner,
eg helsar alle på denne dag.

Eg helsar festen som her med hugnad
på høvisk vis no skal ha sin gang!
Når laget her etter velgjord dugnad
skal vigsla nyreiste Tøttavang!

Men fremst i hallen eg tek i hender
dei vyrde gjester ved dette bord.
Til Dykk den vakraste blom eg sender,
– til Dykk dei varmaste velkomstord!

***

I nokre glimtar vi ser attende
til dei som skipa det første lag.
Dei kom frå bygden' og gjekk og kjende
seg ofte framand i byens jag.

Dei søkte saman i to små ringar,
for fråhald, norskdom og kristen sed.
Dei rudde vegen i raske svingar,
og reiste lagsbruket T og B.

Dei brann som stjerner i morgonklåren,
og bøygde aldri for vanskar av.
Dei var som fossen i flaum om våren
på vegen fram mot det frie hav.

To menn står att av det gamle trenet
som heiste flagget den første dag.
Til Emil Evenesen og Hermann Stene
vi gjev i hylling vårt riddarslag.

****

Så sto ho lenge, den gamle stova,
og samla lyden til liv og leik.
Ja, mang ein ungdom, det kan eg lova,
fann her sin hugnad og gode kveik!

Men seg, – mot alder kan inkje standa,
og stå seg ævleg for tidens tann.
Det lyt fornyast frå tid til anna,
og setjast stendig på nytt i stand.

Slik var det også med Tøttavangen,
der støtt så mange gjekk ut og inn.
Han hadd’ ’kje lenger den rette rangen
imellom husa i byen sin.

Han tok til eldast, – bli umoderne,
om endå trutt han var skjøtta om.
Så her laut byggjast, det såg ein gjerne,
om hann skull' bløma, vår eigedom.

Å riva gamalt heilt ned i gruset,
det var nok greiast som her det sto,
og så frå nyo å reisa huset
med friske emne frå til til tro.

Jau, her blei bryggja og lengje baka,
og lagde planar i lange år.
Men det var hefte og mange haka'
med det å nyreise stova vår.

For her kom vindtid og is og vargtid,
som det er sagt uti Voluspå,
og mangt og mykje det før var marg i
gjekk nor og near i naua då.

Men frisk som Fønix steig opp av gruset
og spilte vengjen til flog på ny,
tok atter eldsjeler tak for huset
til dess det og fekk sitt morgongry.

Det heiter jamt i ei vakker vending
at by og land bør gå hand i hand.
Og just vi ser det ved denne hending
at rimeregla så rett er sann.

Vi var ’kje rik på dei store pengan’
som han lyt ha som vil vera kar,
– nei, heller arme og veik i vengan’,
då fram til byggjinga best det bar.

Men vi fekk stø av så sterke hender,
og borg hos bankar og andre lag.
I formannskapet satt også venner,
som her eg helsar med takk i dag!

****

Så arkitekten, – han lyt eg lova
og gjeva fagnad og full honnør,
som stakk ut stilen og teikna stova
i tråd med huset vi hadde før.

Sjå rundt ikring deg, – båd’ ut’ og inne,
sjå alt moderne i stort og smått!
Men mellom det er endå å finne
det gilde gamle, – det som var godt.

Her står jo framleis den prakt portalen
som Tjeldsund-kunstnaren forma ut.
Og Løvholts sol spelar enn i salen
i gamal glans – av vår eigen gut.

Du Linder Olsen, som her var basen,
– vi skal deg lova i langan tid!
Du bøtte skaden og berga stasen
til dette strålande galleri!

Og Steinsvik, – deg vil eg kalla prinsen,
som sprengde trollet or berget ut.
Du kan for framtida her i krinsen
få kallast Stova sin Storegut!

Men no dei bausar som sto i brodden
skal ha si hylling, – ja, ei med krutt!
Herr Torfinn, Ottar, Vessel – med Nils i brodden:
Honnør og heider – og stor salutt!

Eg helsar og til den staute karen
vi fekk til styrar for stova vår.
Gjev han og husfrua her i garden
må styra heimen i mange år!

****

No stend det nyreist frå tak til tillet
og sterkt og større enn før det sto.
Med blom i glaset så bjart det smile',
og helsar gjesten som her skal bo.

Ja, helsar alle med heimleg hyggja
i form og farge og finsleg sed.
Eit norsk miljø, der i trivd og tryggja
vår beste ungdom skal vera med.

For det er målet med Tøttavangen,
som no han stend i så gild mundur,
– å halda norsk tradisjon i rangen,
og vera forum for god kultur.

****

Ver helsa då, til ein fest med hugnad!
Lat gleda finna sin fulle klang!
Og vigsla no, etter velgjort dugnad
vår vakre, velbygde Tøttavang!

Forrige kapittelSkirenn
TilbakeInnholdsfortegnelse