indregard.no
Mine minne

I rutefart med rappen

Martin og Gjertine om bord i __Rappen__, på veg til byen.
Martin og Gjertine om bord i __Rappen__, på veg til byen.

Då vi i 1923 kjøpte Rappen, var det Karslen-gutane i Saltvik som heldt oppe mjølkeruta på Narvik to dagar i veka, onsdag og laurdag. Dei tok med seg folk og varer frå Virek og Skjomnes, og tente nok heller godt på denne ruta. Billettprisen tur og rute var kr. 1.50.

No var det far si meining å ta opp denne ruta, i tevling med Karlsen, og det gjorde han. Vi sette i gang straks og slo billettprisen ned til kr. 1,-. Dette fall nok i god jord hos folket, for det var vanleg meining at kr. 1.50 var for dyrt. Det hadde nok vore klage over prisen, men så lenge Karlsen var åleine om ruta, hadde dei ikkje vilja slå ned. No blei det med eitt annsleis: anten laut dei ta same billettprisen som vi, eller gje opp ruta med det same. Dei valde det første og heldt fram med ruta som før. Dei kom no med framlegg om samkøyring, – slik at vi skulle gå kvar sin tur, men det ville ikkje far vite noko av. Han avviste det heilt. Karlsen-gutane var ikkje blide på oss. Dei meinte vel å ha eit slag rett til ruta etter at dei no hadde halde ho oppe i eitt eller to år. Vi på vår side tykte at ein båt frå staden måtte ha rett til å drive i denne ruta, vel så godt som ein framand. Dessutan hadde det jamt vore skifting i rutefarten fram igjennom åra, så ingen annan kunne med nokon rett seie at ruta var hans. Ein såg altså på dette på ymse vis, og det er lett å skyne at det straks blei eit heller kaldt tilhøve mellom partane. Far og Arne Karlsen hadde ein gong eit heller kvast ordskifte om denne saka, kan eg minnast; men det kom sjølvsagt ingen ting ut av det. Vi kom til å liggje i tevling med kvarandre så lenge rutefarten vara. På Virek kom alle straks over til oss. I Skjomnes heldt det betre for dei. Derifrå reiste dei fleste framleis med dei.


Men snart fekk vi òg ærend fram til Skjomnes. Rones Ingebrigtsen handla den tida på bryggja si. Frå bryggja gjekk ei lita kai ut, og der tok han varene sine i land. Det var nokså mykje varer, – av ymse slag, men mest mjøl og brød. Karlsen hadde hatt denne vareførsla, men far var godt inne med Ingebrigtsen, og no fekk han loving på å ta varene hans ut. Frakta skulle vere 1 øre pr. kg. Om Karlsen hadde tatt meir, veit eg ikkje. Varene tok vi ut på ekspedisjonen i Narvik, men brødkassene måtte vi gå under Ankenes og hente jamnast. Ikkje sjeldan hadde vi 20-30 sekker mjøl og ymse andre varer til Skjomnes. Var det svært mykje last, gjekk vi ofte ekstratur til Skjomnes med dette medan folk var oppe i byen. Ein kunne kome til kaia i Skjomnes berre når sjøen var oppflødd, og det blei oftast sjøen som avgjorde om ein laut gå ekstratur. Etter kvart blei ein del skjomnesfolk å reise med oss. Kan hende det hadde sin grunn i at vi alltid gjekk til kaia når det gjekk an.

Rutetrafikken ga heller bra utbyte, somme laurdagar var båten reint overstuva av folk og varer, – fullt over alt frå fremst til bakerst. Men det var eit hardt liv å halde ruta oppe. Ein laut i veg to dagar i veka sam korleis veret var. Eg minnest at eg mange gonger gruva når eg om morgonen vakna og høyrde austavindsbåra bura mot land og vinden hyle om veggene. Men ein var van til dette, og det var ikkje spørsmål om ein skulle fare eller ikkje. Så sant det berre var råd å kome av landet, bar det i veg.

No kan eg forresten ikkje minnest at vi nokon gong blei stoppa av veret i mjølkeruta dei åra det varde. Det kunne i allfall ikkje vere mange gonger det hende. Om sommaren var det sakte bra. Men dei lange vintrane hadde mykje storm, frost, sjøbrot og snøkov å by på. I austavindsstorm låg Rappen ofte med tjukk isgarde omkring når vi i mørkna kom andøvande borttil. Og gjerne var det is og auster å ta seg av innabords. Likevel tykte eg det verste var over når eg var komen meg i livd nede i maskinrom­met og kunne ta til med motoren. No var det først å få fyrlampa i fresinga. Når ho kom seg i gang, var det snart varmt der nede. Medan kula varmast opp, var det eit og anna å stelle med. Hadde austeren stått så høgt at veivhus eller brye var full av vatn, laut det ausast vel før starten. Og på frostkalde morgnar var smøreolja så treg at eg laut arbeide med stemplet ei stund, – sveive motoren rundt med handa, til dess han gjekk lettare. Det var noko ein blei varm og sliten av.


Så kom då motoren i gang og tok til å snurre sin takt. No var eg klar med mitt og kunne sette i veg så snart alle var komne ombord som med skulle vere. Folk kom bortpå i småbåtar. Jamt var det ingen til å ta båtane i land, og då la ein dei i rekkje i bøiet, den eine etter den andre. Det var nokså vanleg at der låg tre-fire småbåtar på vågen etter oss når vi starta. Var det kaldt, fyrte far straks opp framme i lugaren. Der samlast dei fleste. Andre, serleg slike som var redde for å bli sjøsjuke, sette seg helst ute. Der var også benker, og båten var så djup at der var god livd. Men somme av mannfolka likte seg best atte i styrhuset, så der blei det jamt heilt fullt hus. Dette var bra, for dermed blei båten betre på last. Blei det for mykje folk framme, blei båten så framsett at propellen slo turt når vi hadde motsjø.

Var alt greitt, kasta far laust framreiet, og så bar det i veg innover fjorden. Så var det stopp på to stader for Røsåsen og ein stopp for Holtvika før det bar over Skjomen. Holtvika var ikkje alltid stoppestad. Somme dagar var der ingen båt ute, og i så fall gjekk vi beinvegen. Ein måtte alltid sjå etter dette når ein kom framom Røsåsneset. I austavindsstorm var verste stykket unna når vi kom på Skjomen. Men i skjomvindskuling var det ofte ein «vatning» over Skjomen. Sjødrevet låg jamt som ein kvit fell over båten. Det var i slike stormdagar godt å kunne lite heilt og fullt på motoren. Han svikta heller aldri, men førde oss alle stormdagane sikkert fram.


I byen la vi til ved fløttmannskaia. Der var det den tida ei svær trapp etter heile lengda av kaia. Og her gjekk folk og last i land. Medan utlastinga sto på, gjekk motoren alltid på tomgang. Det tok ikkje lang tid å få båten tømd, i høgda eit kvarter eller så, – kvar tok jo vare på sine saker. Når alt var kome på land, flytta vi båten til ei anna kai der han kunne få ligge i ro medan ein var oppe i byen. Oftast la vi han oppe i huken mellom fløttmanns- og dampskipskaia. Somme gonger var eg åleine med dette, far fylgde med køyrarane som tok mjølka og dei andre varene opp til byen. Det var i 9-tida vi pla kome til byen, og klokka 2 var den faste avgangstida når vi skulle heim. Men jamt blei vi forsinka. Det var alltid ein eller annan vi laut vente på, eller vi skulle åt ved den eine eller andre kaia etter ymse varer. Stundom kunne visst klokka nærme seg 3 før vi endeleg sette kosen utetter hamna.

Det var ikkje uvanleg at vi hadde folk frå Littje-Håkvika med. Vi tok dei ombord ved kaia i Håkviktangan, og der sette vi dei i land på heimvegen. Men dette var eit anløp eg ofte mislika. For det første er farvatnet både grunt og ureint, – der ligg svære steinar på botnen utafor kaia, – og både i vestavind og austavind rullar det stor sjø opp mot kaia. I mange høve var det reine hasarden å gå opp, og mange gonger laut landsettinga gå for seg på den måten at folket laut hoppe når «løyet» var der. Båten fekk mang ein tung dask mot kaistolpane i Tangan. Eg var mange gonger umotig på å ta folk med dit når det var storm; men far gjekk gjerne med på å prøve. Var veret altfor hardt, laut desse folka gå i land på Ankenes og ta landevegen vidare.

Også for Skjomnes var det mange dagar vanskeleg å kome til. På oppflødd sjø var det vatn nok for å kome inn. Men ein kunne leggje til berre langs innersida av kaia. I vestavind galdt det då å få fast i kaia før båten dreiv av. Ein måtte gå til med god fart og så bakke brått, om det skulle lukkast. Tok ein det rolegare ville avdrifta lett bli for stor. Og i fall attertauet slitna medan ein låg og hogg i båra, laut ein straks vere klar til å bakke ifrå kaia, elles gjekk ein i fjæra på ein augneblink.

Jau, der var mang ein hard sjau før folk og varer var i land og ein kunne kome seg utpå att. Jamt var det så at sjøen anten var for lite oppflødd eller komen for langt i falling, så ein var i fare for å gå på steinar. Og steinar er der godt om for Skjomnes. Eg har før fortald at vi der ein gong slo av ein propellveng. Ein annan gong gjekk vi med full fart over ein stein. Båten letta seg høgt opp atte, men for over steinen. Eit stykke av stråkkjølen blei øydelagt, men elles gjekk det utan skade det vi kunne sjå. Vi hadde visse meder vi gjekk opp etter, ei når vi skulle til kaia og ei anna utfor han Magnus Jensa. Men der var bra med stein i meda òg, så på lågt vatn – og i sjøføre – var det alltid fare på ferde.

Var vi så ferdig i Skjomnes, bar det over Skjomen att. For Røsåsen og Bjerkelund låg småbåtane helst for dregg. Ein måtte då bakke åt dei, så eigarmannen fekk hoppe i båten. Best var det om ein kunne ligge så stille og støtt at det ikkje blei noko strev på framreiet. Då blei ein snart ferdig. Han som åtte båten kunne så drage opp dreggen sin etter at vi var gått. Måtte han gjere dette før han hadde fått alt ombord, tok det sjølvsagt lenger tid.


Når vi så kom til Virek, var det å få båten i fast-fortøyinga. Eg har visst ikkje endå fortalt korleis dette framreiet var. Vi søkte ned ein stor stein til feste. Denne steinen låg i fjæra på Krøkebærneset. Han var firkanta og noko avlang. Vi bora hol tvert gjennom steinen og sette ein svær augnebolt igjennom. På undersida var sett mutter på, og vi klinka bolten så det ikkje skulle vere fare for at mutteren kunne gjenge seg av. Til augnebolten festa vi kjettingen. Og det var svære greier. Det var noko slagbordskjetting vi fekk tak i på Bolaget i Narvik. Han var så tjukk at ein sikkert kunne ha hengt både båt og last opp etter han. Overenden av kjettingen festa vi til eit vanleg oljefat. Berre vekta av kjettingen var så stor at dette bøiet på flo sjø så vidt flaut med øvste kanten over vatnet. Frå bøyet til båten gjekk ein tjukk, dobbel vaier med stropp i enden til å smette på pollerten. Vaieren var etter måten lett, så det gjekk greitt å få båten fast når vi kom heim. Men vaieren rusta fort, og vi laut skifte fleire gonger. Ei tid hadde vi ein svær 1 1/2 toms fletta vaier. Vi fekk han hos Håkon Ravn. Han hadde vore nytta til spring på Ofoten d/s sitt snøggruteskip Nord-Norge.

Det var noko av eit problem å få den store steinen med den tunge kjettingen sett ut. Vi greidde det på denne måten: på fløan sjø hengde vi heile greia opp under kjølen på firroringen. Med floa løfta båten steinen og kjettingen opp, og vi kunne ro det heile utpå og sleppe steinen ned. Kjettingen var så lang og tung at han åleine ville halde båten på plass i nokså hardt ver. Men for at ikkje båten skulle få svive så vidt eller snure kjettingen opp omkring steinen, sette vi ein tverr-kjetting på med ein stor dregg i enden. Det var eit hell, for ikkje lenge etter at vi hadde gjort dette i stand, merka vi at båten ein austavindsmorgon hadde flytta seg lenger ut enn han skulle vere. Det synte seg at augnebolten i steinen var gått tvert av. Berre auga hekk att i enden av kjettingen. Korleis det hadde seg, er ikkje godt å seie for visst. Men truleg har bolten fått ein brest då vi velta steinen nedover berget på Krøkebærneset. Båten hadde no tørna opp etter tverrkjettingen, men kom på det viset lenger ut. Vi fekk tak i eit svært, gamalt anker, og det nytta vi sidan i staden for steinen. Det står den dag i dag på botnen utfor Virek der Rappen låg. Der ligg kjettingen og den store dreggen òg. Alt dette er så tungt at det skal sterke krefter til for den som vil prøve å ta det opp.


La meg no tenkje meg attende i tida til ein laurdag eller onsdag i 1924 – 25. Det er litt austavind, men slett ikkje så verst ver. Vi er komne ombord. Dei andre Virek-folka kjem roande bortpå i småbåtane sine. Mjølkespann, potetsekker og andre varer kjem inn over rekka og blir stuva saman frå maskinhuset og framover. Folket klatrar ombord. Mest mannfolk, men også mange kvinner. Fire småbåtar skal liggje att i bøiet medan vi er borte. Han Hans Olsa kjem roande nedpå i bindalingen sin. Han er åleine og skal ha båten liggjande til vi kjem att. Som så jamt er han den første som kjem nedpå. Han plar ikkje forsove seg, den kallen. Far tar imot mjølkespanna hans. Men når det er gjort, skuvar han Hans Olsa ifrå motorbåten og karar seg unna, – nett som om han ikkje skulle vere med til byen. Han legg seg til å andøve eit lite stykke frå Rappen. Der ligg han pal, – heilt til alle andre er komne seg ombord og har lagt båtane sine etter einannan i fortøyninga. Når han så er viss på at ingen fleir kjem, legg han Hans Olsa si «gullskål» bakerst i rekkja. Der skal ho liggje og ha det godt. Så får han ikkje taugnag på stamnane, og «gullskåla» – som han sjølv kallar henne – får ikkje rykk frå båtar attafor. Hans er redd om båten, og no er han velnøgd når han kravlar seg ombord i motorbåten. Slik skal det vere, slik gjer han alltid, – og så treng han ikkje ha vondt i seg for båten denne dagen heller. Han er i godt humør.

Og så er vi på tur. Vi plukkar opp han onkel Kristian og han Hans Bjerkelund. Ved Røsåsneset tar vi ombord to karar. Dei ligg her og ventar på kvar sin båt, såpass langt frå kvarandre at det ikkje er naudsynt å helse godmorgon eller skifte ord med einannan. Slik har det alltid vore der.

Vi har fått Holtvikfolket ombord, og er på tur att. Ein del av folket held seg ute, – i rommet og i gangen bakover langs maskinhuset. Inne i styrehuset har eg «fullt hus». Her står ein pakka i hop, som sild i tunna: Einar Deschington, Hans Bjerkelund, Hans Skoglund, Enevold i Holtvika og andre av den yngre garden. Motoren larmar nok, men her er så mykje folk at nedgangen til maskinen er heilt sperra, og larmen blir dermed mykje nedstemt. Og praten går. Alt mellom himmel og jord blir handsama. No er det ein som fortel ei god historie, meir eller mindre truverdig. Han Hans Skoglund spyttar ut gjennom døra, sver saftig, alt medan han fortel om eit «viperi» han har vore ute for den og den gongen. Dei andre flirer og legg sitt ord til. Sia blir det vitsing og grove historier. Av og til ordskifte om eit eller anna aktuelt emne. Det utartar stundom til usemje og drygt krangel, til dess det glir over på meire nøytrale emne, eller det endar i stor moro over glosene som blir brukt.


Slik er det her bak. Eg sit stundimellom nede på benken attmed motoren, brukar smørekanna her og der, ser etter at lensepumpa virkar og kjenner etter at ikkje sylinder eller lager blir for varme. Så borar eg hovudet opp igjennom folkevasen, og kjem meg inn mellom dei som står i styrehuset. Ein eller annan av passasjerane har handa på rattet. Det er ikkje vanskeleg å få nokon til å ta rortørn. Først når vi nærmar oss hamna i Narvik, tar karane så smått til å gå ut av styrehuset. Då blir her atter rom til å snu seg.

Så ligg båten attmed den store trappa, og folket kryr seg opp. Når sjøen er nedfallen, er trinna sleipe og glatte. Ein må akte seg vel skal ein halde seg på beina. Det hender at uheppa er ute: einkvan dett og slepper mjølkespann i sjøen, og i verste fall får han seg ei bløyta sjølv òg.

Oppe på kaia står køyrarane klar. Det er først og fremst han gamle Ol Erlandsa med brunmerra si. Han er gamal fast oppkøyrar. Vidare er det han Pareli Jonsa og han Ramstad. Men dei syng alle på sitt siste. Bilane er på frammarsj, dei tar no meir og meir over. Jamvel han Angel Kvamme var eit år frampå her – med ein gamal «motorhest» – som berre gjekk når han var i sitt aller beste lø. Det ber no opp til byen med både folk og varer.

Eg har mitt å gjere før eg kan gå til byen. Båten skal flyttast til anna kai. Ofte skal eg få tak i varene til Ingebrigtsen på Skjomnes. Ein må på alle dampskipskontora og høyre etter først. Så må ein køyre varene ut til kranene og heise dei ned. Sirupsfata er dei tyngste, – over 300 kg. Dei må takast med stor varsemd, elles kan det gå gale. Skulle det sleppe laust i heisen, ville det gå tvert gjennom båten.

Somme gonger gjekk vi så ekstra til Skjomnes med varer, – eller vi henta fasin-last der eller i Tangan. Det hende òg at vi var til Kongsbakk og henta høylast til Kristian Olsa i Håkvik medan folket var i byen. Men ein måtte i alle fall vere attende ved kaia til klokka 2, då ein skulle ut att. Om laurdagane var det jamt meire folk ut enn inn, – serleg om sommaren. Då kunne det stundom vere så stuvende fullt i båten at ein snautt fekk røre seg. Båten var stappende full av folk og varer. Det var først og fremst alle tomspanna. Så var det sekker og kassar av ymse slag. Stundom var det bord og plankar med i lasta, – somme gonger låg mykje hulter til bulter. Dette var serleg tilfellet når mykje saker blei dregne inn i båten med det same ein skulle til å gå frå byen.


Jamt blei ein liggjande over tida attmed kaia i Kleiva. Det var støtt nokon å vente på. Stundom hadde dei snakka med far om at dei kanskje kunne bli seint ferdig og bede om at vi måtte vente. Men elles var det somme som tok seg «overtid» i byen, i vona og vissa om at «dei ventar nok på meg.» Og så fekk ein liggje der og vente, medan motoren heile tida gjekk på tomgang. Ikkje så sjeldan blei nokon av dei som var komne ned til rett tid sinte over ventinga – og ga vondord frå seg. Likeeins hende det at somme let ille dersom vi gjekk til andre kaier etter kjøpmannsvarer etter å ha tatt ferdafolket inn.

I firetida kom vi gjerne heim att. Dei siste småbåtane med folk og saker rodde i land – og turen var gjort. No sopa gjerne far romet og vaska dørken framme i lugaren, medan eg stelte atte i maskinen og styrehuset. Det var ymse ting å gjere. Eg laut ned i bakstamnen og presse feitt inn i hylse-lagret, så det ikkje skulle leke vatn inn der medan båten låg i still. Om vinteren laut eg ofte stengje botn-ventilen og tappe kjølevatnet av sylinder og lydpotte så ikkje maskinen skulle fryse sund i kulda. Vidare måtte ein surre rattet så ikkje roret fekk slarke når båten valt i båra. Til slutt stengde eg luka på babordsida i styrehuset og dørene på styrbord. Og så kunne ein ro i land. No var det tre eller fire dagar til neste rutetur. – Men i mellomtida var det som oftast andre turar, hit eller dit, – båten låg sjeldan stille dei åra vi dreiv med dette.

(Våren 1953)

Forrige kapittelSju år ved motoren og rattet
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelHeimen min