Logo
indregard.no
Mine minne

Handelen

Hovedgata i Narvik, ein gong mellan 1900 og 1930. I forgrunnen ein «thesalon». I offentlig eige/Nasjonalbiblioteket. Foto: Mittet & co.
Hovedgata i Narvik, ein gong mellan 1900 og 1930. I forgrunnen ein «thesalon». I offentlig eige/Nasjonalbiblioteket. Foto: Mittet & co.

Var mjølka levert og potetsekkene tømde, sto det berre att å gjere innkjøp av dei varene ein trengde, – å handle. Det var ymse slag matvarer: sukker og kaffi, margarin og mjøl, ost, sirup, gryn og gjær. Vidare sko og klede, og elles ting og varer som ein laut kjøpe. Alt slikt førde ein med seg frå Narvik desse mjølke-dagane.

Når det gjeld matvarehandelen, fekk Virek-folket tidleg sitt tilhald hos Olof Jarl, Jarl & Co. som det heitte. Han dreiv kolonialhandel i den vesle Dagestad-garden nede i gate 1. Dei fleste av Virek-folket handla der i ei lang årrekke. Det hadde ymse grunnar. Dette var nedste butikken av sitt slag i byen. Derifrå var kortaste vegen å bere ned til sjøen. Og her var det òg at ein fekk posten. All Virek-posten blei bringa hit og lagt fram. Ein hadde berre å rote igjennom dungen av blad og brev som låg på disken, så fann kvar sitt. det var ikkje større kontroll med posten den tida. Verdipost laut ein på postkontoret og hente sjølv.

Dei varene ein handla, stakk ein ned i mjølkespanna, så sant dei gjekk ned. Ein la då gjerne først litt papir i botnen på spanna, så ikkje varene blei blaute av den vesle mjølke-skvetten som var att. Her hos Jarl venta ein ofte på kameratane. Det var difor jamt folksamt inne i butikken, og mangt eit ordet, både av spøk og ålvor, var der å høyre. Jarl var ein svært snakkesalig og original person, og det går enno forteljing om dei preiker og utgreiingar han heldt. Han var lite avbalansert. Rett ofte kom han i eit svært harnisk, og då var det ikkje greitt å vere den sinnet gjekk ut over. Eg skal nemne eit par hendingar.


Innafor disken sto det alltid eit sirupsfat. Dei hadde ikkje krane til å tappe ut sirupen, men slo ut øvste botnen i fatet og auste or. Oppe i rekkjene på veggen pla det jamt stå fullt av saftflasker. Ei katte dei hadde, heldt seg ofte inne i butikken. Så var det ein dag at katta hadde hoppa opp i rekkjene der flaskene sto. Og best det var, for ho mot flaskene, så nokre datt i golvet og gjekk i knas. Då blei Jarl rasande på katta. Ho satt oppe i rekkja ein stad. Katta blei redd og ville berge seg unna. Men ho trødde i mist, ramla ned or rekkja i lag med fleire flasker og hamna i sirupsfatet. Der fakka sjefen henne, greip tak i skinnet på stakkars kattefilla og slengde henne gjennom døra og ut på gata. Jarl var heilt rasande, og katten var livredd og heilt oversmurd med sirup. Kva som sia blei gjort med sirupen, veit eg ikkje, men eg tenkjer han blei både seld og oppeten. Men dei Virek-folka som var vitne til «badet», eller høyrde om det, kjøpte visst helst sirup andre stader den første tida etter dette hende.

Det skulle mest ingen ting til før Jarl kunne flyge i flint. Ein gong blei han brått rasande på butikkdama – eg trur det var ho Marie Eidissen – ho sto på butikken der ei tid. Det var visst noko risengryn det ikkje var gjort rett med. Mellom dei to diskane i butikken var det ein lem til å slå ned eller opne etter som det høvde. I raseriet greip Jarl butikkøksa som sto for handa og hogg ho med full kraft ned i disk-lemmen så heile flaket losna. Merket etter dette hogget sto der i alle år sia. Det var sletta til og malt over, men der var ei hole i lemmen så stor som ein tallerken på lag.

Men det var ikkje alle som hadde sin handel hos Jarl. Der var somme som handla mykje hos I.G.Kristensen i gate 2. Han var ein roleg og rettskaffen kar. Lenger oppe i gate 2 var ei tid ein annan handel som heitte Hansa. Der hadde m.a. Hans Olsa i mange år sin handel. Og hos Julius Larsen handla Virek-folket ein god del. Den butikken låg i første tverrgata nedafor torget. Elles handla ein no litt på kvar stad etter som tida gjekk.


På byturane høyrde det gjerne med å gå innom ein kafé før ein reiste heim. Eg har før nemnd Jørgina Bære. Dette var ei stor kjerring som heldt til i ein skjå nede med sjøen i Kleiva. Eg trur denne rønna hennar Jørgina sto under bakken der meieriet sia blei bygd. Jørgina Berre var ei retteleg grebba. Ho selde kaffi, og der pla ein ofte stikke innom og få seg ein varm kaffikopp når ein kom frosen til byen. Det høvde så bra. Elles slong det vel sjøfolk innom der. Annan kafé var det ikkje den tida nede med sjøen. Kva tid Jørgina slutta med «etablissementet» sitt, hugsar eg ikkje. Det kan hende ho var der til sin døyan dag. Truleg var det omkring 1920 at ho slutta.

Med det same eg nemner dette, minnest eg ein annan kafé oppe med torget i same tida. Denne kaféen kalla dei Lappedarius. Om han heitte så, eller det var eit slag utnamn folk hadde funne på, veit eg ikkje så visst. Men eg held det ikkje for heilt utruleg at han verkeleg heitte Lappedarius. Det var eit kvinnfolk som heitte Berntina som sto for denne kaféen. Her brukte både Virek-folket og anna landsfolk å vere inne og få seg kaffi. Lappedarius låg omlag der busshaldeplassen no er, – på øversida av torget. Eg var fleire gonger inne i lag med far både på Lappedarius og hos ho Jørgina Berre. Men då var eg berre smågut.


Men så var ein komen så langt at ein kunne gje seg på tur til sjøen att. Der kom den eine etter den andre med spann-honkene på børtreet. Det var berre blekkspann ein brukte den tida. Dei var lette i vekta, og ned til sjøen bar ein mest alltid alle tomspanna. Hadde ein kjelke med, var det jo greitt å få alt med.

Så spurdest det atter om vind og ver. Det kunne vere austavind. I slikt høve rodde ein helst til Båtberget. Der nådde ein i vinden og kunne sette segl. Sia sto det snart av utetter fjorden. Då var landinga heime det som det mest kom an på. Men det gjekk mest alltid bra.

Men vestavindsdagane var verre. Då laut ein straks ta fatt på androren. Og han kunne ofte vere tung. Ein sleit seg utover attmed landet. No var det jamt eit spørsmål om vinden var såpass vestleg at ein kunne «stå han» når ein kom om Håkviktangan. Ein hadde alltid auga ute etter damprøyk ute på fjorden. Var der røyk å sjå nokon stad, hadde ein straks greie på korleis vinden var ute på fjorden. Ofte var det tung og seig andror heilt til ein kom til Tangan. I vestleg og nordvestleg vind rodde ein seg så mykje framom odden at ein hadde litt å reie på medan ein sette opp mastra og fekk båten for segl. Så gjekk ein hard bidevind oppover Håkvikleira og Skjomen. Det galdt å nå framføre Einebærneset, og elles kome så langt ut med Vireklandet som råd. Ofte var dette ein frisk siglas. Ein slo seg godt fram. Til slutt hadde ein så å tøye seg utover attmed landet til dess ein var framme.

I sørvest var det tyngst. Då var det uråd å få bruke seglet. Ein laut slite på årane heile vegen. Ofte tok det mange timar. Ein gong far kom av heradstyremøte, rodde han i eitt kjør i åtte timar. Frammafor Einebærneset sprang eine keipen framme, så han laut flytte i atterrommet. Hadde dette hendt før han kom seg om neset, hadde han ikkje greidd å kome seg heim, minnest eg han sa.

Så var det dei dagane Skjomen sto i kok. Var ikkje vinden for hard, mastra ein attmed Einebærneset. Ein laut ha barlatstein i båten, og det var nok ikkje så reint lite stein Virekfolket i desse åra førde over Skjomen frå Skjomnes-fjæra. Det blei etter kvart noko smått om høveleg stein, og Skjomnesfolket såg ikkje med blide augo på denne barlast-takinga.

Når Skjomen var retteleg i vrangluna, laut ein ro seg innover til Heggedalen – ja, stundom heilt til Trongskjomen – før ein la over. Det var eit hardt slitan attmed landet innover. Men så fekk ein betre høgden, og kom snøggare over verste stykket. Det var òg dei dagane ein laut ta opp i Skjomneset og overnatte der. Men då laut Skjomen vere bra stygg.


Det hende mangt på desse turane. Det kunne gå lett, med frisk bør begge vegane. Somme dagar var fjorden blank og still, så det ikkje var bruk for master og segl. Og det var dagar då ein laut ro andror både til og frå byen. Då var folket sliten og utrodd når dei kom heim utpå kvelden. Men jamnast var det sigling den eine vegen, og stundom hard sigling. Somme likte dette, andre var lite lystne på seglet.

Ho Johanna Erlandsdotter, Eliseus si kona, pla lenge fare med mjølka. Johanna var ikkje verst til å ro, – ho var jo frå Lofoten. Ho var ofte med far til byen.

Ein gong far hadde henne med seg, var det vestavind på heimvegen. Dei rodde seg framom Tangan. No skulle dei setje segl. Far tok til å reise mastra. Då gjekk ho Johanna laus å jamre og bære seg som ho skulle vere storsjuk. Far spurde kva i verda det var i vegen. «Nei, kjære deg,» sa ho Johanna, «bry deg ikkje om meg, stell berre du med seglet, – eg er berre så redd.» Ja, far fekk snart opp seglet, og båten la seg på lugging oppetter Håkvikleira. Då kvikna ho straks til og satt og smålo over at ho var så tøven og redd.

Marie Eidissen fortalde om ein gong ho og faren siglde til byen. Det var vestvind, og dei styrde om Tangan. Vinden var frisk, – men båten gjorde lita fart, og rangvis var han på styringa. Faren, han Gammel-Eidissen, kunne ikkje skyne seg på dette. Var fleire gonger atte i skotten og såg etter om det kunne vere noko gale med styret. Han lurde vel på om tang eller tare hadde sett seg fast då dei sette av landet. Men det var ingen ting å finne. Så gjekk det på dette viset til dei nådde grunt vatn bortfor Tangan. Då stoppa båten heilt og svinga seg oppi vinden. Og når dei no skulle sjå etter framme, synte det seg at dreggen med heile festa var ute. Han hadde på einkvan måten falle ut då dei sette segl, og så hadde dei slepa på denne greia heilt til Tangan.

I fjæra sjø hende det stundom at ein rodde seg oppe på steinar attmed Virek-landet. Det kunne vere ei fårleg sak. Ein gong rodde far og Hans Amundsa seg opp på ein stein attmed Feneset. Båten seig så mykje oppå, at steinen kom midt under kjølen. Og der satt dei fast. Båten valt hit og dit, og det nytta ikkje å stake, – han svinga berre rundt. Dei var nær på å forlise med lasta si den gongen. Men dei kom seg av steinen til slutt og slapp vel frå det.


Far var – som eg før har fortald – glad i å sigle hardt. Over Skjomen fekk han jamt høve til å prøve både båt og segl. Ein dag kom han og Einar Deschington og Herman Ravn farande over Skjomen i storskjomvind. Eg hugsar den dagen. Det var Einar sin båt dei hadde. Det var ein god båt, med godt segl-stell til. Einar styrde visst sjølv, for far satt med pikfallet. Herman låg atte i skotten. Einar har fleire gonger snakka om denne siglinga, og han seier då alltid at far var for hard. Han ville ikkje stikke i piken, «så eg måtte til slutt setje retteleg hardt i åt han for å få piken slakka,» sa Einar. Men far hadde visst hatt moro av denne siglasen. Han fortalde også om det, og påsto at Einar var redd. Eg går ut frå at far her hadde lyst å prøve kor friske karar dei hine var.

Somme gonger siglde vi heile riggen over bord på Skjomen,– master og segl og alt ihop på sjøen. Ein gong var det vantjarnet til lovard som rauk. Då tok vi festa og sette rundt båten, under kjølen, gjorde så fast vantet i festa og fekk seglet på han att, og sia gjekk det berre fint til vi var heime.


Men denne typen byferder tok ein ende. Maskinalderen sette inn på dette omkvervet òg. Propellen løyste av årane og all roinga. Det børja med dampmaskinen. Eit par små dampar heldt ruter på fjorden. Det var Najaden og Ankenes. Ja, eg trur der var ein som heitte Skjerstad òg. Men desse rutene vara ikkje lenge, og det var før eg kan minnast. Hans Ravn på Virek hadde ein liten damp som heitte Rivalen, og han var visst litt med i rutefarten. Men det blei i alle høve ikkje stort av dette, og folket laut ro att. Det gjorde dei i mange år, til dess motorbåtane kom.

Før det blei fast motorbåtrute, hende det av og til at Virek-folket på vestavinds­dagar leigde seg ein motorbåt i byen til å slepe seg ut. Dette kan eg minnast. Vi smågutane tykte det var eit storfelt syn å sjå ein slik motorbåt kome slepande med heile droga av småbåtar etter seg. Kva dei måtte betale for eit slikt slep, kjenner eg ikkje til. Det var nok ikkje så mykje, men folk tykte snart det var dyrt i den tida. Det var to karar i Narvik som hadde desse motorbåtane. Den eine heitte Bergfald og den andre Johannes Eriksa. Han vart kalla Skramstad til utnamn. Dei var fluttmenner, og nytta båtane sine til å føre sjøfolk i land og ombord i malmbåtane.

Stundom kunne Virek-folket få slep frå byen med Thomas Angell. Det var ein liten damp Bolaget nytta til å slepe steinprama til og frå Steinbrotet i Skjomen. Ein sa då at ein hong atti steinprama. På Skjomen laut ein sleppe og ta årane fatt. Stundom krøkte Thomas Angell noko nærare inn under Røsåsneset enn leia hans var, før han let tampen gå. Det var bra når vestavinden var tung.


Så kom motorbåtrutene. Kven det var som først tok til å gå i rute med motorbåt, kan eg ikkje gjere greie for, og heller ikkje kva årstal det børja. Eg var i all fall berre småguten. Det var visst omkring 1914, tur eg. Eilert på Saltvikneset hadde etter kvart fleire båtar i trafikken. Den første var visst berre ein halvfemterømming. Seinare fekk han åttring. Motoren var først ein liten «Perfection» med magnettenning. Han gjekk tolleg støtt. Karl Olsa – i kompaniskap med Hans Olsa og sonen Edvard – skaffa seg ein litenvoren med same slags motor. Denne båten gjekk i mjølkeruta ei tid. Men maskinen var for liten, så i motbør gjekk det mest ikkje fram. Dessutan var motoren svært lunefull, så det var ikkje stort å lite på. Det var tenninga det støtt var kluss med. I stilla seig fembøringen tolleg bra. Men to karar på ein lettrodd båt kunne ro i kapp med denne maskin-båten. Far og Johan Eidissen gjorde det. Eilert sin åttring var både snøggare og sikrare. Det gjekk heller ikkje lenge før samhavet mellom Karl Olsa og Hans Olsa-Edvard kom i ulage. Det gjekk så vidt at dei tok og sette båten på land. Det hugsar eg godt. Dei sette båten opp i Hans Ravn-støa. Og eg minnest at det var sinne og krangel medan dette sto på. Folk var misnøgde. Men eg trur Eilert tok opp ruta straks. Det gjekk heller ikkje lenge før båten kom på sjøen att. Far og eit par mann til skulle ha hestane på Elvegårdsmoen om sommaren, og så fekk dei på einkvan måten maka det til slik at båten blei sett ut att. Eg var med og førde hestane til Moen. Det var fint ver, og eg hugsar at eg fekk lov til å styre innetter fjorden. Det var svært morosamt. Eg var visst ikkje meir enn 8-9 år gamal då. Denne fembøringen hadde frå først av hus berre atte. Der inne sto den vesle motoren, og der var «salongen». Sia trur eg dei bygde hus framme også. Men Karl var visst då åleine om båten. På ei eller onnor vis blei hopehavet med Hans Olsa oppløyst.

Denne båten gjekk det gale med ei julhelg. Han låg tørna nede på vika, og der isa han så over i austavinden at han sokk ned. Då det lysna av dag andre juledagen, såg vi berre i noko av kjølen som flaut i framreiet. Atterparten var broten bort og sokken til botn. Dei hadde stort strev med å få opp dette og berge motoren. Kva det blei av motoren seinare, kjenner eg ikkje til. Men folket på Virek sørgde ikkje, for det hadde vore så mykje kluss med denne motoren.

I denne første tida var også Hans Ravn-gluntane, han Harald og han Håkon, med i ruteferdsla. Dei skaffa seg ein halvfemterømming med hus over heile båten. Maskinen var ein «Perfection», det òg.

Men det var kluss med denne motoren også, og det var ikkje lang tid dei gjekk i mjølkeruta.

Sia skifte det med båtar. Ei tid gjekk Håkon Kristensen og Erling Kristensen rute med motoråttring. Eilert og Hermann skifta båt fleire gonger. I mange år hadde dei ein firetakts «Dan»-motor. Vi kunne lett kjenne denne motoren på bankinga. Torleif og eg tykte så tydeleg han sa «parafin-parafin» når han gjekk på bakking.

Karl Olsa kjøpte ei lita gamal skøyte med firetakts «Gideon»-motor. Denne skøyta gjekk han ei tid i rute med, men var om vinteren i Lofoten med båten, så då var ein like fri. Denne skøyta sokk også ned og blei vrak. Det gjekk føre seg ein vinter inne på Hamnvika. Maskinen berga dei, og Karl selde han visst til ein eller annan.

Så kom Holtvik-karane inn i mjølkeruta eit par års tid. Det var med ein liten halvfemterømming med 4 hk. Rapp-motor. Denne båten var altfor liten, og motoren køyrde dei i stykke både titt og ofte. Då dei blei lei av trafikken, fekk Harald og Arne Karlsen i Saltvika ruta. Dei hadde ein stor båt – 40 fot lang – som gjorde god fart. Motoren var ein 12 hk. Bolinder. Dette var ein bra båt til ruta, og maskinen var sikker. Då dei hadde halde på eitt år eller to, kjøpte vi motorbåt. Det var i 1923.


Dersom eg skulle dele livstida mi til no inn i visse bolkar, trur eg at eg her laut setje eit heller stort merke. For med dette motorbåtkjøpet børja ein sju år lang tidbolk som eg har mange minne frå, både gode og vonde, kan eg vel seie.

Eg blei no motormaskinist, og det var noko som eg slett ikkje hadde noko imot. Tvert om. Fjæra og båten og ferdsel på sjøen hadde alltid vore tillokkande. Roing, sigling og fiske på fjorden sommartida har eg før fortald om. Det hadde vore gildaste spelet i barneåra og framover til no eg var sytten år. Det var difor heilt etter min hug når far gjorde ålvor av dette med motorbåt.

Men før eg tar fatt på å friske oppatt desse åra ved motoren og rattet, skal eg gå eit par år attende i tida og fortelje om lofotferdene mine, så kjem alt i den rette kronologiske rekkefylgja.

Forrige kapittelNarvikdag
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelTo år som fiskar på lofot-havet