Logo
indregard.no
Mine minne

Eit og anna frå det vanlege kvardagslivet heime medan vi voks opp

Både mor og far var arbeidsmenneske. Lediggang var ukjent der i garden. Dei arbeidde alltid, anten dei var ute eller inne. Far hadde eit ord om mannfolk som gjekk gjerandslause. Han sa dei gjekk berre og penta lommane.

Den vanlege oppstand-tida om morgonen var klokka 6. Låg ein lenger, hadde ein forsove seg. Men mange dagar stod dei opp før, klokka halv 5 og 5. Narvik-dagane skulle ein vere i roing i 6-tida, så då måtte ein i allefall ikkje tøye senga lenger enn til 5. Og det var til å byrje med 3 dagar i veka, seinare 2 dagar.

Mor og far skiftast om å stå opp først og tenne varme i omnen. Eg trur far var ofte først når det var kaldt. Vi heldt oss alltid i stua om vinteren den tida. Der var det varmast, og så var arbeidsplassen større. Kjøkenet var lite den første tida, og då det ikkje var panelt innvendig, var det eit kaldt rom. Stua hadde andre føremonner. Far, mor og vi småungane låg i kammerset om vinteren. Der var frå først av omn, men han blei tidleg tatt bort. Når vi sette døra frå stua open, blei kammerset òg oppvarma. Gjentene låg om vinteren i ein sengebenk i stua. Når vi heldt oss i stua, blei det lognt på stuloftet om det så var hard frost.

I stua hadde vi ein tre-etasjes omn. På han kunne ein koke kjelen – eller ei lita gryte. Steikjepanna kunne ein òg bruke der. Morgonkaffien blei alltid kokt i stua vintertida. Var det ikkje noko sers som sto føre, blei det ikkje fyrt opp i kjøkenet før til middagskokinga. Når middagsmaten var kokt, lot ein elden gå ut, og så tende dei ikkje opp att før til den tid kveldsmaten skulle lagast.


Straks far hadde kome seg opp, sette han seg til med arbeid. Heldt han på med Lofotbruket, tok han fatt med bøting eller binding. Garnnåla gjekk trutt og jamt. – Elles hadde han mangt å henge i med. Snart øksa og smidde han økseskaft, snart var det klompar han laga. Eller det kunne vere eitkvart på hestegreiet som måtte rettast på og setjast i stand. Når vi borna stod opp, hadde far alt vore i arbeid i fleire timar.

Likeeins var det med mor. Ho venta ikkje med å kome seg i arbeid. Ho spann, strikka eller sydde. Alt i sju-tida om morgonen pla ho gå i fjøset. Der skulle det måkast, forast og mjølkast, og etterpå var det å gjere opp varme i fjøsgrua og få den store fjøsgryta i kok. Dei kokte kvar einaste dag til krøttera, stundom to gryter, ei om morgonen og ei til middags. Det var naudsynt, for vi hadde knapt med stråfor. Torskhau og anna fiskeavfall, løyping dei kalla, utgjorde ein god del av foret. Det gjekk inn i staden for kraftforet som sidan kom i bruk. Mor pla òg koke kornband til hesten, minst eg. Det var hesten svært glad i.


Skulle far i skogen, ga han seg jamnast tidleg i veg, ofte før det hadde blitt heilt lyst. Han var då ofte borte heile dagen, alt til det blei mørkt. Jamt var han langt til skogs, – attover Kråbakken og oppe i Kvitbergfjellet. Då køyrde han lassa framover til brattbakken og vende opp att etter meir. Det var både vanskeleg og hard køyring. Andre gonger var han utom elva, – i Meraftasskaret eller langt oppe i Djupdalen. Hadde han veden nærare, køyrde han lassa heilt heim, men gjorde då fleire vender ettersom dagen rakk. Det var morosamt å vere med far i skogen. Men ikkje berre moro. Far var svært dristig med køyring og kliving der det var bratt og ulendt, tykte eg. Eg minnest at eg mange gonger var livende redd for at lasset skulle ta overhand, eller at far skulle dette utfor og slå seg i hel. Attover Kvitberget og oppe i Djupdalen var det svært bratt, og ofte hålt, så hesten hadde full hyre med å stå imot. Men hesten, den gamle svarte, var både sterk og god. Far køyrde òg ned Kvitbergbakken, men då måtte det vere godt med snø. Der er stupende bratt. Han køyrde også ned Bukkevegen, men det såg ikkje eg på. Det er mest uskynleg korleis han kunne greie det, så hengbratt som den bakken er. Elles pla han velta og ramle veden nedover desse bakkane. Når det var avberrfrost, fekk strangane ei sværande fart nedover, og det var det morosamt å sjå på. Eg hugsar at eg gledde meg til å vere med på det spelet.

Ein gong var eg med far på Kvitberget. Heilt nede på kanten av stupet sto ei stor fure og halla seg utover, og denne ville far hogge ned. Det var mykje av eit vågespel, og eg minnest at far ba meg halde meg godt unna ifall han skulle gli utfor. Men det gjekk då bra, fura fall til slutt med stort brak utfor det høge Kvitberget, medan far låg flat på kanten og klora seg fast. Stuven etter fura står endå der oppe, og eg har sidan undra meg over at nokon ville våge seg så langt utover avgrunnen for å hente ei buske. Men det var det at far lika spaning.

Ei tid var det mykje i bruk å selje oppkløyvd turrfure i sekker til byen. Far dreiv også med det. Då tok ein sekkene med til skogs og fylte dei der. Var vi attover Kråbakken eller Kvitberget, laut vi sleppe sekkene utfor brattbakken. Dei tok seg då svær fart, men det gjekk stygt ut over sekkene. Dei blei fælt sundrivne.

Ein gong heldt onkel Johan og Peder på med dette i Kråbakken. Men midt i bakken gjekk sekkebanda opp, og veden blei spreidd nedover til siste flis. «Kæ farkusen, gjekk bandet av,» ropa han onkel Johan nedover.

Vedsjauen tok opp mykje av far si tid om vinteren. Det skulle mykje til, og alt måtte vere heime til Lofottida kom. Far var òg i Erikvika etter ved. Det var tungvint. Ein måtte først drage veden ned til havet, og sidan føre han i båt heim. Han bruka helst firroringen då.

Medan far var i skogen skulle vi smågutar sage og hogge kveldsved, som det heiter. Men vi var ikkje alltid huga på det arbeidet. Det var berre så som så med fliden. Rennarbakken og andre leikar lokka sterkt. Ofte gjekk det meste av dagen, og vedkråa var like tom. Men det dårlege samvetet melde seg etter kvart, meir og meir dess lenger det lei mot den tida far var ventande heim. Ein laut då til på spreng til slutt. Men det hende far kom på oss før vi hadde fått nokon ting gjort. Då var vi ikkje høge i hatten. Vi fekk mange gonger skjenn, og det hende at far måtte på vedhøgginga sjølv. Men det var ikkje ofte.


Far dreiv noko med heimefiske. Den første tida var det helst line han brukte å ha ute. Seinare blei det mest garn. Linene egnde ein om kvelden. Helst var det sild til agn, men stundom kråkskjel. Lineeigninga fekk vi tidleg vere med på. Det var morosamt arbeid. Far skar agn, og vi egnde. Så blei stampane sette i bislaget til om morgonen. Var det frost, måtte dei stå i kjøkenet for at ikkje agna skulle fryse ihop. Det hende då fleire gonger at katta åt seg fast på linen. Dette var gale på fleire vis. For det første var det jo ille for katta. Onglane, det kunne vere ein eller fleire, satt fast i kjeften på det stakkars dyret, og far måtte ta dei ut med klipetonga, medan katta klora og skreik for livet. Dei kunne sitje svært hardt fast. Eg har sjølv drege ut ein ongul or kattekjeften for ikkje lenge sidan, og han satt så fast at eg måtte bruke mest all mi makt for å slite han laus. Men kattene fekk aldri varande skade eller mein av slike operasjonar.

Vidare var det ille for bruket når katta hadde bite på. Ho vasa linen saman så det mest var uråd å få han or stampane når ein kom på sjøen. Ein måtte helst drage om og greie oppatt ein stor part av linen før ein rodde ut. Men det tok lang tid, og linene måtte kome i sjøen så tidleg som råd om morgonen, serleg når dagane var stutte om vinteren. Ein sette i halvmørkra om morgonen, og då skynar ein at det ikkje var lett å greie med ein stamp som katta hadde heksa i om natta.

Far ville at det skulle gå greitt under setjinga, og hadde ein ikkje lagt agna greitt så det kom opp vase, fekk gjerne egnaren høyre kva kommelhest han i røynda var. Ein gong hadde vi ei stor katte som fleire gonger hadde vore i kast med linestampane og laga stor vase. Til slutt blei far så lei over dette at han bestemte seg for å ta katta med på sjøen og drukne henne. Han var og henta ein sekk, fekk tak i katta og putta ho nedi. Katta skyna nok at det no var ålvorleg fare på ferde, for ho la til med eit fælt spark med det same ho nådde sekkebotnen. No var det ein rotten sekk far hadde tatt, og då katta slo ut med labbar og klør, flerra ho opp sekken i botnen og smatt ut. Dørene sto åpne, og som eit strek la ho vegen ut og var borte i same blinken. Far laut ro på havet med den vasute linestampen, og det blei ikkje noko drukning på utysket. Vi hadde katta i mange år etter dette. Men ho var sky og lite ven med folket etter den turen i sekken.

Linstampen drog ein på kjelken til sjøen. Var det avbera, måtte han berast. Ein måtte då vere mykje varsam så ikkje agnlaet velta ned og vasa onglane ihop. Ein pla då bere stampen på nakken.


Ein morgon skulle far og Angel ut med linen. Det var berr mark, og dei tok kvar sin stamp på nakken og gjekk. Men nede på sjøvegen snova Angel og blei liggjande og kravle på alle fire, medan linstampen heldt fram på eiga hand, kant i kant nedover bakken, til dess linen låg strødd i sørgeleg vase nedover sjøvegen. Far var inderleg harm, for den linstampen var det uråd å få i sjøen den dagen. Det blei berre halv setning, og agnet var bortkasta.

I godt ver fekk eg snart vere med på linefisket. Det var gildt. Det var så morosamt når ein drog, – å sjå fisken kvitna nede i havet. Det var helst på djupt vatn far fiska. Då treng ikkje linen stå lang stunda. Agnet blir snart avete. Var vi heilt ute imot Virekøyane, rodde vi ikkje heim etter settinga. Ein venta berre ei lita stund, så kunne ein ro til andre enden og ta i og drage. Sette ein i mørkra om morgonen, var det vanskeleg å sjå kor langt bortpå ein var. Var det ikkje lyst nok til å sjå meda, laut ein kanskje vente ei lita stund, eller i allefall halde seg attmed siste enden til dess det blei såpass lyst at ein visste kor bruket sto. Det hende stundom at ein kom djupare med siste enden enn ilen rakk. Ein nådde ikkje botn. Då pla far drage ilen oppatt og slå ei tofte eller årar på nede med ilsteinen til å fløyte opp, så ikkje dublet skulle gå under. Dette greidde seg nok til å børje med, men eit slikt trefløyt blei snart vassdrukke når det kom ned på djupt vatn. Eg veit tofta eller åra kunne vere så tung når vi drog at dei ikkje kunne flyte i vatn.

Stundom kunne det hende uhell under settinga. Såleis hende det at far sette ut siste enden av linen før ilen var slått på. Men då var far rådsnar. Han kommanderte i all hast roaren til å ro bakover og til side for der ein nyst hadde sett linen. Her rende han ilsteinen med ilen så langt ned i sjøen at han var viss på steinen var under linparten. Så rodde ein tvert over linen medan far hala opp ilen att. Og nokså sikkert: på ilsteinen hadde linen hengt seg opp, og situasjonen var berga. Angel fortalde at han ein gong var med på dette. Han forsto ikkje kva denne manøvren tok sikte på, og var mykje opp i under då far hadde linparten i neven att. – I slike høve vil som oftast ein ongul hengje seg fast over ilsnøret, og då får ein heilt visst linen opp, for han ligg jo laus attigjennom sjøen.

Hysa er fæl til å snure opp forsyna. Ho går støtt same vegen rundt, og blir linen ståande for lange, snurrar mange seg av. No er hysa sers laus i kjeften, og det gjer sitt til at ho ofte slepp. Dersom ein fisk slapp nær oppunder båten under draginga, pla far banke hardt med høtten i båtripa. Han sa det forvirra fisken så han ikkje kom seg ned. Eg veit ikkje om dette har noko for seg, men truleg må det vere så, for eg såg ofte at ein sluppen fisk som heldt på å arbeide seg nedover, kom flotnande opp under bankinga.

Var far ilag med ein annan mann på havet, pla dei bytte fisken mellom seg når dei hadde sett opp båten. Det gjekk for seg på den greie måten at den eine bytta fangsten og den andre fekk ta sin halvpart, – anten den eine eller den andre. Han som bytta, leita jamnstore fiskar og kasta ein hit og ein dit. Var det ikkje lenger jamstore å finne, kunne to mindre gå mot ein større. Det var aldri vanskeleg å få fangsten rettmessig delt. Veiing brukte dei aldri, det var ikkje naudsynt.

Var det fisk i havet, og far hadde agn, hadde han helst linen ute fleire setningar på rad. Men når han ikkje skulle ut meir med det første, klava vi opp linen. Det gjekk for seg i kjøkenet – eller inne i stua, og eg tykte det var eit morosamt arbeid å klave line.

Vi laga òg forsyn, minnest eg. Det var eit sers morosamt gjeremål. Då nytta vi noko som ein kalla forsyngogn. Det var eit lodd og ei snor på den maskina. Loddet rende rundt og laga snuren på tråden. Men korleis det eigentleg gjekk for seg, hugsar eg ikkje rett no slik at eg kan gjere greie for det nærare. Det var elles ikkje så mykje vi dreiv med dette. Eg trur den gamle forsyngogna skal finnast heime endå.


Som eg før har sagt, hadde fjæra og sjøen, båtane og ferdsla på havet tidleg hugen vår. Fjæra var gild leikeplass, og då Torleif og eg blei såpass store at vi fekk lov å ro på sjøen på eiga hand, kom dette til å oppta mykje av tida vår. Alt som knytte seg til sjøen, var morosamt. Arbeidet der, – roing, driving, sigling og fisking var den gildaste leik, spanande som eventyret sjølv.

Først lærde vi å ro med ei åre, så med begge, og sidan var det ikkje lenge til vi på rolege sommardagar var ute og fiska. Djupsogna var første fangstreidskapen. Og fisk blei det snart. Sommartida er det mest alltid nok av smågjedd langs med mælbakken. Så snart det synte seg at vi kom i land med koking, fall all tinging om lov til å ro på sjøen bort. Dei vaksne hadde all interesse av at vi kunne skaffe fisk til huset. Far sette oss opp med djupsogn, og fortalde oss om korleis vi skulle bruke reidskapen. Men diverre, alle har sine sorger. Vi fekk snart sorger vi òg. Det kom ei tid då vi støtt og jamt miste fiskarstellet. Den eine nylaga djupsogna, med jarstein, soknbolk og pilk blei liggande att etter oss på botnen. Snøret gjekk brått av, og vi laut ro i land med tungt hjarta. Vi laut gå igjennom, fekk skjenn av far, som rimeleg var. Han meinte det måtte vere vår eiga skuld når vi slik kasta bort eine gongen føre og andre etter. Det var ikkje å snakke om anna vi måtte bere oss uvyrdent åt med kniven, slik at snøret blei skore av. På anna vis kunne ein ikkje forklare at spille nye snøret gjekk av, – fleire gonger berre for tyngda av jarsteinen. Sjølvsagt laut vi ha kniv med på havet, – vi hadde alltid det, men vi kunne oftast ikkje minnest at vi hadde vore borti snøret med kniven på nokon måte. Det var ikkje til å forstå. Til slutt var vi så redde for å misse djupsogna at vi mest ikkje torde ro og fiske. Kor lenge denne vanlukka fylgde oss, minst eg ikkje. Men i 1920 kom forklåringa på mystikken.

Dei folka som far då var til Lofoten med, hadde eit eller to år før hatt ein gut frå Virek med seg på vinterfiske. Denne karen hadde fortalt at han pla skjere i fiskesnøra våre når han hadde høve. Han skar då berre så passeleg langt inn i snøret at det ikkje syntest, men nok til at snøret gjekk av når vi fiska. Guten kunne lett kome til med dette, for vi hadde ikkje naust den gongen, og pla hengje djupsognene i ei stor bjørk nedst på sjøvegen. Så passa karen høvet til å gjere oss dette peket når han titt og ofte hadde sin gang attmed fjæra der. Men så blei no den saka oppklara, og vi kunne ta oss i vare. Sidan fekk vi naust, og då hadde vi fiskesnøra inne når vi ikkje var på sjøen.


Adolf og Einar Ravn var jamgamle med oss, og dei blei tidleg våre beste leikekameratar. Dei òg pla ro ut og fiske, og dette gjorde fiskinga endå meir morosam. Vi heldt oss mest alltid på same plassane, så nær einannan at vi kunne prate saman heile tida. Det blei kappfisking, – om kven som kunne få største fisken og høgste talet.

Stroket vi dreiv på var frå Røsåsen til Virekøyane. Best var det som oftast utover, og difor heldt vi oss nok mest på den kanten. Då vi vaks noko meire til, låg vi ofte utpå til seint på kveld, ja snart blei dei lyse, logne sommarnettene den aller beste fisketida. Eg kan ikkje minnest at vi nokon gong fekk skjenn for at vi hadde vore ute for lenge utover natta.

Jau, ein gong var far ikkje blid då vi kom. Det var Olga og eg som då hadde vore ute heile natta. fiska utover Leira heilt til Øyane. Der gjekk vi på land og plukka moltebær, og kom ikkje heim før i sjutida om morgonen. Det var Narvik-dag, og far sto i fjæra og venta på båten. Han kom seg ikkje ombord i mjølkebåten som var ferdig å gå til byen. Vi hadde mykje rot i båten: fiskesnøre og fisk, klede og bærspann, og så hadde vi i farten velta over ei bærspann, så bæra låg strødd omkring i båten. Då var far ilsken, han ville jo ikkje vere for sein til mjølkebåten.

Ofte drog vi ein heil kasse med fisk, som då far tok med seg til byen og selde. Prisen var god, 40 – 50 øre kiloet, så det blei snart ei god innkoma av det vi fiska. Når far kom att, fekk vi straks vite kor mange kilo der var i kassen, og så var vi vel nøgde.

Line hadde vi ute før vi var konfirmerte. Å drage linen på eiga hand, nei, noko meir spanande kunne vel ikkje tenkjast. – Ein gong var far borte i tre-fire dagar. Eg trur mest det var då han reiste med Lisbet til lærarskolen i Tromsø. Det måtte då vere i august 1920, same sommaren eg var konfirmert. – Medan far var borte, egnde vi line. Eg minnest enno det var tre bolkar, 600 m. line, vi hadde. Fersk sild hadde vi til agn, kor vi no hadde fått silda frå. Vi hadde sett bortafor Risøya. Og på ytste parten av lina var det mykje fisk då vi drog, stor fin hyse. Det var blankstilla, og eg tykkjer endå eg ser korleis dei blanke hysene kom til syne i jamn og tett rekkje nede i havet. Båten blei dugeleg attsett av fisk, og så rodde vi med stort humør til Skjomnes og selde fangsten. Vi hadde visst ute eit sett til og gjorde det bra, for eg hugsar at då far kom frå Tromsø, hadde vi fiska for 60 kr, og det tykte far var storveges.


Eit år dreiv vi svært med linen. Vi hadde ute over 30 sett i samanhang. Det var om våren, og det var heile tida godt med fisk, 60-70-80 kg. kvar gong vi drog. Vi brukte berre makk til agn, så det var eit stort arbeid, men like morosamt for det. Adolf og Einar dreiv òg, og stundom var ein annan kar, ein innflyttar, også ute med linen. Det blei kappfisking om beste setta og om meste fisken. Innflyttaren var ikkje vanskeleg å slå ut. Han var tøven, tykte vi, og hadde berre moro av han. Når vi møttest i makkfjæra, spurde han om vi fann god makk. Jau, det trudde vi då at makken var vanleg bra. Han fann mindre, og så sa han at det var berre «vassmakk» vi grov opp. Så tok han med seg «kjentmann» under settinga. Ute på Leira pla vi halde toleg stø kurs under settinga, berre med så, jamne avvik ettersom vi visste djupna var. Vi var ikkje fælt nøye på det. Men kjentmannen kjente botnen, let det til. Best dei rodde, slo dei tvert til side eit lite stykke, så ein storkrok i ny lei att, og slik heile tida. Vi hadde aldri hatt aning om at botnen og bakken var så innvikla og krokut. Og ikkje trur eg endå at han har så mange krokar som dei ville ha det til. Når vi drog, synte det seg at vi fekk meire fisk, trass i «vassmakken» og den mindre kunstferdige settinga vår. Adolf og Einar hadde like mykje line som vi. Men vi fekk jamnast meir fisk. Det grunna seg nok mest på den ting at det var lenger mellom onglane på vår line, slik at vi rakk over eit større havstykke med vår setning.

Far fylgde med frå land kor vi sette linen. Til å byrje med hende det at vi fekk irettesetjing når vi kom i land fordi far meinte vi hadde sett for nær eller for langt bort. Der fekk vi nok ikkje noko fisk, meinte han. Men vi fekk alltid fisk. Kvar morgon kom vi i land med god fangst, og sidan la ikkje far seg borti dette, han let oss gjere som vi sjølv tykte.

Stundom hadde vi gangvadonglar på linen. Ein gong fekk vi ei stor kveite på ein slik ongul. Det var noko skjomvind den morgonen, og difor blei far med meg og drage linen. Det var bra, for det er uvisst korleis vi ville ha greidd å dra kveita opp åleine. Ho var på ca. 50 kg. Far drog henne opp og inn i båten med ein gong, utan å slå henne.

Ho slo fælt då ho var komen i skotten, så far måtte velte seg over henne for at ho ikkje skulle slå sund båten eller vippe seg utover ripa att.

Då vi til slutt tok linen på land for godt denne våren, hadde vi fiska for bort imot 1000 kr. Det var som ein god Lofot-lott, tykte vi.


Vi nytta som regel berre makk til agn under dette fisket. Til å byrje med delte vi den store makken opp i fleire agn. På somme onglar blei det då berre sandrumper til agn. Men vi fann snart ut at det lønte seg å egne stort. Vi gjekk då over til å bruke makken heil, same kor stor han var. Men då skulle det mykje makk til. Vi laut dagleg grave opp minst 800 makkar. Men vi greidde det òg. Det galdt då å finne dei plassane i fjæra der det var lettast å grave. Der det låg eit tunt lag med grov sand, blanda med små stein oppå blåleira – var det best. Det var kanskje den makken vi fann på slike stader som innflyttaren kalla «sandmakk». Sjølvsagt er makken der like god som i vanleg leire.

Etter kvart blei det utgrave for makk frå Einar-støa til Skjæret. Vi laut då lenger utover, til fjæra i Seljevika og nedanfor Skoghaugen. Men også der gjekk bestanden «i mink». Det blei jo oppgrave fleire tusen makk om dagen. Så laut vi då stundom ro til Øyane etter agn. Der var nok å ta av. Vi var forresten oppe i Risøykroken nokre gonger og grov.

Skulle makken ligge over frå eine dagen til den andre, måtte han stellast med så han ikkje døydde. Dau makk er hesleg å arbeide med, og eit dårleg agn. Ein skulle tru makken levde lenger om ein hadde godt med sand eller leira i makkoppen. Men slik er det ikkje. Gjer ein det, døyr makken mest straks. Ein skal gjere tvert imot. Vi skylla makken rein for all sand og la han utover botnen av ein kasse, slik at han hadde god plass å røre seg på. Best er det om romet er så vidt at ikkje makkane nokon stad treng liggje oppå ein annan. På dette viset kunne makken halde seg i mange dagar om det trongst.

Alt dette arbeidet med makken, – gravinga og egninga, tok hardt på fingrane. Dei blei geilt gule, og om ei tid blei skinnet brend så vi fekk vonde sår. Det var leitt, men det stoppa oss ikkje. Fiskinga var eit herleg liv, – eg trur nok vanskane måtte vere store om vi skulle gje det opp. – Vi hadde stundom seglet med, og så siglde vi i land når vinden høvde. Det var toppen av gildt liv, – å kome siglande mot land med mykje fisk i båten.


Ein gong var vi ute og dorga etter småseien på lysbotn nede på Vika. Der var fleire båtar. Best det var, bar eg borti noko tungt, ein sterk fisk som ikkje var til å få opp med det granne snøret. Vi var heilt små den gongen, og såg oss reint krøkte. Fisken herja som verst, skar bortigjennom sjøen med snøret i stor fart og sette til botnen. Vi måtte då be om hjelp hos Johan Eidissen, som var på ein annan båt i nærleiken. Han hjelpte oss med å få fisken berga. Det var ei småkveite på 8-10 kg. som hadde bite på. Ein gild fangst å kome på land med.

Storseifiskinga var eit eventyr for seg. Vi hilte etter han, i Kallbakken, på Gardsgrunnen og på Skjomen. Det var spanande, men òg eit fiske som kunne sette tolmodet på hard prøve. Ofte blei fangsten heller mager. Men stundom gjekk det betre. Ei natt låg Torleif og eg på Ryggjen og hilte etter storseien. Hans Bjerkelund var òg ute. Men seien ville ikkje bite. Vi skulle visst til å ro heim, då vi endeleg fekk ein storsei. Og denne karen hadde kjeften full av blank småsild. Vi egnde no sild på skeia, og straks bar vi i neste fisken. Vi drog på dette viset den eine seien etter den andre til dess vi hadde fått 11 storseiar i båten. Så var det slutt på silda, og då ville ikkje seien meire heller. Hans heldt seg straks opptil då vi tok til å få fisk, men kjende ingen ting. Han skyna då snart at her måtte det vere noko omframt i vegen. Sistpå la han heilt attåt båten vår for å få greie på kva grunnen var. Han hadde nok merka at vi egnde noko serskilt på skeia før vi kasta ho ut. No såg han jo dette, men det gagna like lite, når han ikkje hadde sild. Då rodde han langt vekk og la seg til, han var ikkje i serleg godt lag lenger.

Sommartida pla vi jamt ha flyndregarn ute. Det var eit morosamt fiske. Eg minnest godt første gongen Torleif og eg fekk ro og dra garna på eiga hand. Det var ein ettermiddag. Veret var fint med solskin og stilla. Garna sto ute med Risøya, og vi tykte vi var svært langt utpå. Vi fekk flyndrekoking denne første gongen. Far totte òg vi hadde vore flinke karar, og eg minnest han fortalde om dette til andre.


Ein gong far var i byen på kaisjau, hadde vi flyndregarna ute. Vi kom då til å sette svært nært land mellom Feneset og Krøkebærneset. Vi fekk ikkje flyndre, men det var ein 3 kg. laks på garna då vi drog. Og no kan det vel hende det kom liv i oss. Vi totte vi hadde fått opp ein formue av sjøen. Det var eit storhende som alle fire borna på Indregard opplevde. Gjentene var nemleg også med og drog garna denne gongen. Då vi kom i land, blei det spørsmål om kven som skulle bere den gilde fisken opp. Og så blei det til at alle måtte få vere med på det. Fire hender heldt i laksen oppetter sjøvegen. På det viset kom vi opp til mor og synte fram for eit stort varp vi hadde gjort. Mor såg at det var ein fin laks, og vi var alle samde om at han måtte førast til byen og seljast, for han var visseleg verd mange pengar.

Dette var ein torsdag, og narvikdag var ikkje før laurdag. Det høvde ille, for det var varmt i veret. Korleis skulle vi greie å berge laksen fersk til lørdag? Mor meine vi fekk rådføre oss med ein som heitte Ove, han var van med slikt. Det gjorde vi, og etter hans råd pakka vi laksen ned i tang så lenge. Laurdagsmorgonen for eg til byen med mjølka og hadde laksen med. Far var på kaia og tok imot. Eg var mykje spent på kva far ville seie når han fekk sjå fisken. Jau, han tykte det hadde vore ein gild fisk, men etter to dagar i varmen var han ikkje så fin å sjå til som før. Det heile enda med at vi laut ta fisken med oss heimatt. Fiskehandlarane ville ikkje betale stort for han. Eg totte dette var ein sørgjeleg falitt, men far trøysta meg med at vi skulle få ete laksen sjølv. Det gjorde vi òg, og han smaka godt endå om han var «blaut i fisken.»


Av og til var vi uheldige med flyndregarna. Det finst visse plassar langs Virek-landet der botnen er heilt overvaksen med roggel. Eit stykke innafor Feneset er ein slik plass, innafor Støtta ein, og utafor Støtta den tredje. Det hende vi sette garna oppi dette roglet. Det kunne vere eitt eller fleire garn som blei fylt. Og då var det så grundig at båten mest blei heilt full av den trollskapen. Det var eit fælt arbeid å få roglet or garna. Ein måtte banke og plukke, banke og plukke på dagesvis mest. Og garna sleit sjølvsagt mykje vondt av det.

Det var også ille når vi fekk garna fulle av tare og sev. Det hende mest alltid når dei blei ståande over ein storm. Det var ofte både kaldt og griset arbeid å plukke rein garna i slike høve. Flyndregarna var òg snar til å gå i vase. Ein gong far var borte, gjekk garna i ein slik vase at vi ikkje var i stand til å få dei oppgreidd. Vi var smågutar den gongen. Det bar slik til frå først av at vi ikkje vann dra opp båten med garna i. Mor var nede og skulle hjelpe oss med å sette opp. Så tok ho garndungen i fanget og bar oppigjennom fjæra. Dermed var det hend. Vi skulle dra garna på stenger til turk, slik vi brukte. Men det var ikkje stort vi fekk oppgreidd. Snart var mest heile lenka i ein einaste ball, så hard som ein knute mest, og så måtte vi gje oss over til far kom heim. Eg skyna at vi kom til å få skrata, og det fekk vi òg den gongen.

Det hende at vi vasa ihop djupsogna den første tida. Vi var ikkje kar om å få ho oppgreidd. I det store og heile trur eg at det å greie opp vase er noko som born har mykje vanskeleg for. Slik med oss òg.

Forrige kapittelMinne frå den tida far var til Lofoten om vintrane
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelVi lærde å sigle