Logo
indregard.no
Mine minne

Eg reikar i fjell

Det var vel såleis i nonetida
eg la av garde oppetter lida.
Det var vel slik at eg lengta opp
mot fjell med vidder og tind og topp.

Med stav og stong går eg her og stullar
og smått og seint på ei vise sullar,
og er så fegen og frisk og fri
som knapt eg kjendt meg i all mi tid.

Eg strevar stridt i dei store bakkar
og sveittar rett medan foten trakkar;
men hugen letnar og lyfter seg
for kvart eit steget eg kjem i veg.

Han stend her stor denne bjørkeskogen,
og tyttebæra stend raud og mogen
– på stein og stuvar gror mosen grå,
og her og kvar lyser blomar blå.

I sol som no imot kvelden kolnar
med lauv som no imot hausten folnar
stend skogen sturen og kyrr og still:
kan hende vetter no kome vil.

I millom mose i mange svingar
dreg vesle bekken seg fram i ringar
på stein og småstup han gjerer sprett
og syng og sullar og susar lett.

Men lell eg går der er sorg i songen,
snart kjem no slutten på denne gongen,
for sumarsola som gav han liv
vil gøyme seg attom snø som driv.

«Då lyt eg døy inni dimme vetter
og liggje livlaus i lange netter
og aldri sus min friske song
mot ljos og livsleik all dagen long.»

Og høgt på greina der ser eg staren,
han er så still no den kvikke karen.
Han kviler vengen til lange ferd
mot landa sørpå, der sola er.

Her lengst oppunder i to-tre krullar
dei siste busker i hop seg tullar
og så har høgda eg sistpå nått
og fjellet opnar seg breidt og blått.

Å hå – for storfjell og høge stutar
og tindar – takkar og trauste nutar.
Å hei – for steinstablar her å sjå,
og no i kveldsola stend dei blå.

Med res og røyser dei opp seg retter
og innimillom er grøne sletter.
Her gror det liv over gråe stein,
åt smalen graset, og lav åt rein.

Ja her er vidder for fot å fare
imillom tindane – langt av garde.
Så lett i hugen og glad i sinn
eg flakkar frimann i fjellet inn.

Når slik eg driv gjennom tronge dalar,
så opnar atter seg nye salar,
der kvasse fjellknausar stend i krans
med blåe fenner i glim og glans.

Her er den heimen som opp meg kallar
å gange gjest i dei gylte hallar,
– å kjenne gufsen frå fjella her
og Gud og himlen så heiltopp nær.

Med vind som stryk her i linne straumar
dreg tanken av inni ljose draumar,
mi sjel stig frigjord frå verdsens styr
mot æveheimar og eventyr.

Ja fjella bort i sin heim meg gøymer,
så sut og sorger eg gjerne gøymer.
Til gråe heier i soleglad
eg kved med hugnad mitt vesle kvad.

Det susar friskt ifrå alle lider
der fossar fell som i farne tider.
Men under hamrane vatna blå
med glim og glitter og glans oppå.

I denne høgheimen har eg stemne
med alt det fagre mi sjel kan femne.
I denne storkyrkja her i kveld
brenn heimsens heilagste altareld.

Dei sterke tindar er ljosestakar
med kyndelskin som på toppen sprakar;
– dei gamle tårn som no glør i glo
er altarsylv i mi kyrkje no.

Den gløymde streng som i hjarta klaga,
som lenge otte og uro laga,
den døyvde sus i min såre barm,
han stig med voner og gjer meg varm.

Hillesøy, hausten 1934

Forrige kapittelHeimen min
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelDet syng om haust