Ekstreme krefter

Sylvi Listhaug taler til Fremskrittspartiets landsmøte i 2009.

«Dirigent, landsmøte,

Venstresida driv eit råkjør mot familien. Dei seier dei er opptatt av fellesskap, men dei gjer alt dei kan for å bryte ned det viktigaste fellesskapet, nemleg familien.

Deira mål er at alle barn skal i barnehage. Bård Vegar Solcell… Solhjell sitt mål, er at alle skal i barnehage før me kan snakke, og før me kan gå. Dei vil fjerne kontantstøtta, for det gir oss jo nokre moglegheiter. Dei vil at alle skal ha ein fødselspermisjon, der dei kan bestemme mesteparten av korleis me skal dele den. Venstresida, dei står for valfridom – for dei rikaste. Dei rikaste, som uansett kan ha råd til å være heime med barna sine.

Etter valet skal me fjerne sosialistane si klamme hand over familien!

[applaus]

Familiane skal få organisere liva sine sjølve. Fremskrittspartiet står for valfridom. Me meiner at den einskilde familie er best i stand til å vurdere om barnet skal i barnehagen, om ein skal ha ein dagmamma, eller om ein skal bruke andre løsninger.

Eg har vore så heldig at eg har funne ein dagmamma, så eg slipp å sende ho Signe i barnehagen før ho kan gå og før ho kan snakke. Men eg har full respekt for alle dei som velje noko anna enn meg. Og det er problemet med sosialistane: Dei tolererar berre det dei sjølv definerar som riktig.

Me er for ei kontantstøtte, me er for at dei som velgjer annleis skal få støtte for å kunne gjere det, og det er eg jammen, og det er eg stolt for… av.

Me er for at familien kan få velje korleis han skal fordele fødselspermisjonen, og, som de kanskje har sett i Dagbladet i dag, så er me den sosialistiske kjernefamilien, fordi me har valt å dele permisjonen. Men det har me gjort utan at sosialistiske politikarar blandar seg inn i det, for det var det beste for vår familie.

Me må angripe misbruk av kontantstøtta, sette krav og sørgje for at det misbruket som finn sted, der personar bruker kontantstøtta for å hindre integrering, ikkje får lov til å fortsette, heller enn å straffe alle, norske småbarnsforeldre.

[applaus]

Eg er stolt av å tilhøre eit parti som stemte mot den nye ekteskapslova. Ei ekteskapslov som opphever biologien, som seier det at eit barn ikkje [sic] kan ha både ei medmor og ein far. Eg veit ikkje om eit einaste barn som blei skapt, utan å ha ei mor og ein far.

[applaus]

Det er ikkje sånn at haust kjem etter vinter, sjølv om politikarane vedtar det. Det er heller ikkje sånn at jorda er flat, fordi politikarane vedtar det. Det er barna sine rettar som skal være det viktigaste, og ekteskapet – ja, det er mellom mann og kvinne.

[applaus]

Eg er glad for at politikken vår ligg fast. Eg vil kjempe mot ei rødgrønn regjering som fører eit lite mindretal sine særinteresser, so det går ut over av det store fleirtalet i samfunnet vårt, for det er det dei har gjort med ekteskapslova. Valet vårt må være å stå opp mot ekstreme krefter på venstresida, politikarar, einskilde journalistar, og særinteresser, som set sånne enkeltsaker framfor det fleir… folket i Noreg meiner.

Me skal ta avstand frå den mobbinga som går føre seg av kristne i vårt samfunn!

[applaus]

Eg blir så provosert når eg ser debattar der kristne deltek, dei sei det dei meiner, og blir møtt med personangrep. Det skal me jammen ikkje finne oss i at skjer.

[applaus]

Og det verste er, at dei same menneska som sitt og angrip personane dei debatterer mot, dei sitt og har toleranse overfor islam, og ekstreme holdningar i den religionen.

[applaus]

Valet til hausten er mellom sunn fornuft og særinteresser frå ei lita gruppe. Eg trur befolkninga stemmer Fremskrittspartiet, fordi dei vil ha sunn fornuft.»

Se også: